Senja kommune ber om innspel på skrivemåtar
Senja kommune ber om innspel på skrivemåten av tettstadane og grendene Husøy(a), Fjordgård(en) og Tårnelv(a).
13. mars vedtok Utval for samfunnsutvikling skrivemåten «Husøy,» «Fjordgård» og «Tårnelv».
Vedtaket fekk klage, der ein meinte at skrivemåten burde vere slik dei meiner folk flest seier stadnamna: «Husøya,» «Fjordgården» og «Tårnelva».
Språkrådet anbefalte desse alternativa. Saka vart sendt ut på ny høyring, men ingen høyringssvar kom inn.
For å vere sikre på at alle sider av saka blir høyrde, får innbyggjarane ein siste sjanse til å komme med innspel på skrivemåten på stadnamna.
– Kjem det ingen høyringssvar inn, er det stor sjanse for at stadnamna blir endra til «Tårnelva,» «Husøya» og «Fjordgården» – og då er det ingen veg tilbake, skriv kommunen på sine nettsider.
Fristen er 31. desember.