Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) deler kvart år ut pris til den kommunen som det siste året har utmerka seg i korleis dei tar imot flyktningar.
Måndag blei det klart kva slags kommunar som kan få tittelen for 2025.
Det er Senja i Troms, Sykkylven i Møre og Romsdal, Øygarden i Vestland, Moss i Østfold og bydelen Grünerløkka i Oslo.
Varaordførar Marit Stubberud Hanssen er stolt over at Senja er den einaste nominerte frå Nord-Noreg.
– Vi er veldig glade og stolte over nominasjonen. Vi har busett mange flyktningar i kommunen vår, særleg sidan krigen braut ut i Ukraina. Men tala vi hadde på busetting låg også høgt før det, seier ho.
Marit Stubberud Hanssen er varaordførar for Arbeidarpartiet i Senja kommune.
Foto: Kari Anne Skoglund / NRK- Les også: Færre flyktningar i 2025 – behovet for busetting har falt 33 prosent.
Busett færre i år
I grunngjevinga til juryen trekk dei fram at Senja har lukkast med å busette flyktningar også utanfor bykjernen.
– Vi har prioritert å ha ei desentralisert struktur på vaksenopplæringa. Vi har opplæring både i Senjahopen og Stonglangseidet, i tillegg til i byen på Finnsnes. Det gjer at vi kan ha ei fleksibilitet på løysningar. Det både med tanke på busetting og oppfølging for at den enkelte skal komme i jobb eller utdanning, seier ho.
Men kommunen har også utfordringar.
Varaordføraren oppsummerer den største utfordringa med eit ord:
– Bustadar!
For samstundes som kommunen er nominert til pris for arbeid for flyktningar, måtte Senja seie nei til å busette like mange som det var ønska.
– Skal ta vare på dei som kjem
På starten av året sa kommunen ja til å busette 120 flyktningar, inkludert fem einslege mindreårige i 2025. Det var 30 mindre enn IMDi hadde bede om. Det er også like mange som Harstad, den nest største kommunen Troms sa ja til.
Dei tre åra før det busette Senja høvesvis 197, 204 og 170 flyktningar.
Kor mange flyktningar Senja blir bedne om og dei klarar å busette neste år, er ikkje kjent enno.
Årsaka til nedgangen i 2025 var mangel på bustadar og ledige fastlegeplassar, ifølge vedtaket som blei fatta i mars.
– Vi skal sjå alle og ta vare på dei som kjem. Spesielt sidan vi har busett så mange, er bustadar utfordrande for oss, seier ho.
– Til inspirasjon for andre
Likevel har innsatsen som har blitt lagt ned for busetting og integrering av flyktningar, vore på eit topp fem-nivå i landet, ifølge direktoratet – som har dette som ansvarsområde.
Dei er godt fornøgde med tilbodet Senja gir til flyktningane dei har tatt imot.
– Kommunen har jobba godt med å utvikle kapasiteten og tenestene sine for å busette flyktningar med ulike behov. Det same gjeld for einslege flyktningar.
Det seier assisterande direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Halwan Ibrahim, til NRK.
I ei pressemelding seier direktøren i IMDi, Libe Rieber-Mohn, at det blir gjort viktig flyktningarbeid i dei 357 kommunane i landet.
Direktøren i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Libe Rieber-Mohn.
Foto: Erik Thallaug| / IMDiHo er tydeleg på at dei fem nominerte til Busettings- og integreringsprisen 2025 har utmerka seg.
– Vi ønsker å løfte fram den gode innsatsen og resultata dei nominerte kan vise til. Dette er til inspirasjon for andre, seier ho.
Prisen blir delt ut 10. november i Oslo.
Marit Stubberud Hanssen i Senja deler gjerne kva ho tenkjer dei har lukkast med.
– Sjå på dei busette flyktningane på same måte som andre nye innbyggjarar. Dei er ein ressurs som kan bidra i lokalsamfunna deira. Dei kan vere med å løyse mange av fellesskapet og næringslivet sine oppgåver, seier ho.