Hopp til innhold

Kommuneoverlegen roper varsku: Hundar har angripe folk

I fleire tiår har laushundar vore eit problem i Kautokeino. Denne våren har fleire blitt skadde etter hundeangrep. Kommuneoverlegen vurderer situasjonen som alvorleg.

Anne Lajla Westerfjell Kalstad, kommuneoverlege i Kautokeino.

Anne Lajla W. Kalstad er kommuneoverlege i Kautokeino. Ho synest at det er alvorleg at det er skade på både folk og dyr

Foto: Gyda Hesla / NRK

– Det vi har sett i det siste er ein liten auke i angrep. Både på folk som har kome på legevakta, og på andre hundar.

Det seier Anne Lajla W. Kalstad. Ho er kommuneoverlege i Kautokeino.

– Vi kjenner til at det er ei bekymring i befolkninga med tanke på laushundar, som gjer at nokon ikkje tør å gå turar i bygda på grunn av at ein er redd for å bli angripen.

Før skuleferien begynte var det også foreldre som ikkje torde å sende ungane til skulen langs skulevegen.

– Vi synest at det er alvorleg at det er skade på både folk og dyr, og då ønsker vi å minne om at hundar ikkje skal gå lause. Det er ikkje berre problematikken med fysiske skadar, men også det at det skaper frykt i befolkninga.

Les også Redde for løshunder: – De tar oss ikke på alvor

Løshunder i Karasjok

Støtter kommuneoverlegen

Laushundane i Kautokeino har vore på politikarane sitt bord i fleire tiår.

Ordførar Anders S. Buljo (Kautokeino Flyttsameliste) er klar på at dette ikkje er ein akseptabel situasjon i Kautokeino.

– Sånn kan vi ikkje ha det. Folk skal kjenne seg trygge når dei går rundt i bygda, seier Buljo.

Han er sjølv reineigar og har hatt hundar heile sitt liv. Sjølv om hundane blir brukte til gjeting av rein, så er ikkje det ein grunn til å ha dei løpande lause i bygda.

– Eg har alltid hatt hundane mine fast. Dei tar ikkje skade av det. Så eg oppfordrar folk til å ha hundane fast.

Ordfører i Kautokeino Anders S. Buljo står i korridoren

Ordførar i Kautokeino, Anders S. Buljo, har sjølv ein bakgrunn som reineigar. Han har hatt gjetarhundar sidan barndommen. Han er klar på at dei ikkje tar skade av å stå fast eller vere i ein hundegard.

Foto: June Grønnvoll Bjørnback / NRK

Leiar i hovudutval for helse, omsorg og sosial, Nils Johan Heatta (GSL), er klar på at dette er ei sak som han vil løfte politisk så snart moglegheita opnar seg etter fellesferien.

– Det er eit alvorleg problem for mange folk i bygda. Det er veldig bra at kommuneoverlegen tar tak i dette og ber om at det no må skje noko. Eg kjem til å ta initiativ til at vi tar det opp også politisk, seier Heatta.

– Dette har eksistert i tiår på tiår, og vender tilbake kvart år. Eg skjønner ikkje hundehaldet til eigarane. Når ein har hund, så har ein også nokon plikter. Hunden skal vere under oppsyn heile tida, ikkje springe laus i bygda.

Nils Johan Heatta

Hovudutvalsleiaren i hovudutval for helse, omsorg og sosial, Nils Johan Heatta, meiner at avliving av hundane kan vere ei løysing om same hund fleire gonger angrip menneske.

Foto: Piera Balto / NRK

Avliving

Nils Johan Heatta opplyser at det er mogleg å bøtelegge eigarane, men det avheng av at ein finn ut kven eigarane er. Hundar skal i utgangspunktet vere chipmerka, og då meiner han ein bør kunne finne ut kven som eig hundane.

Om det ikkje nyttar, så er avliving av hundane ei løysing.

– Eg trur jo at dersom dette gjentar seg fleire gonger med same hund, så er det også mogleg å krevje hunden avliva.

Nils Ole Skum

Nils Ole N. Skum (Árja) fortel at økonomien i kommunen gjer at dei ikkje har nokon konkrete tiltak som kan få bukt med problemet med laushundar.

Foto: privat

Ingen konkrete planar

Leiar i hovudutval for teknisk, miljø og næring, Nils Ole N. Skum (Árja), fortel at det har vore fleire grep som har blitt gjorde i kommunen. Blant anna var tilsetting av ein hundefangar i Kautokeino eit tema på 2000-talet og det var eit hundefengsel i Alta.

– Problemet har ikkje blitt borte sidan den gongen, men per dags dato er det ikkje sett inn nokon tiltak i regi av kommunen for å få bukt med laushundproblematikken.

Kautokeino er ein av fire kommunar i Finnmark som er inne på Robek-lista.

– Vi sit og tel på kronene. Så å tilsette hundefangar er langt unna, for å seie det sånn. Dei økonomiske verkemidla og ressursane til kommunen er svært avgrensa. Her må innbyggarane ta sitt ansvar.

Les også Denne reinen måtte avlives etter angrep av løshunder

Denne reinen måtte avlives etter et angrep av løshunder.

– Har andre oppgåver

Laushundane har vore ei sak som politiet har følgt opp i mange år.

Anne Lajla W. Kalstad opplyser at kommunen har vore i dialog med politiet. Dei følger opp meldingar om lause hundar og skal vurdere eventuelle sanksjonar der det er aktuelt.

– Vi har god dialog med politiet ved at vi sit i politirådet saman, og dette er ein problematikk som vi har diskutert i mange år.

Anders S. Buljo håpar at innbyggarane i kommunen sjølv tar ansvar, sånn at politiet ikkje treng å bruke ressursar på laushundar.

– Politiet har andre oppgåver enn vere hundefangar.

– Når vi først går ut med ein sånn bodskap, så er det fordi at vi tar det veldig på alvor. Og då, håpar eg at befolkninga også gjer det, seier kommuneoverlegen i Kautokeino.

Finnmark politidistrikt hadde ikkje høve til å svare på NRK Finnmark sin førespurnad på fredag.

Les også Alltid redde for å gå tur

Løshund

Les også Dyrebeskytterne streiker – mener politiet og kommunen må ta ansvar for løshunder

Retrieveren Luna ber matmor huske båndtvang

Les også Advarer mot hunder i Pasvikdalen – kan ha kommet fra Russland

Frykter at hunder i Pasvik kommer fra Russland