Hopp til innhold

Kravde svar: No er ho minister, men vil ikkje sjølv svare om redningshelikopter

Ingvild Kjerkol (Ap) kravde at regjeringa greip inn og skaffa sjukehusa landingsplassar for dei nye helikoptera. Dei siste to åra har ho sjøl vore ansvarleg – og seier at andre enn ho må svare.

Ingvild Kjerkol (Ap)

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) retta kritikk mot Solbergregjeringa då ho sat i opposisjonen.

Foto: Geir Olsen / NTB

Dei fleste norske sjukehusa manglar skikkeleg landingsplass for det mykje større redningshelikopteret Leonardo AW101 (også kalla Sar Queen), som har avløyst Sea King.

For tre år sidan kravde Ingvild Kjerkol at Solbergregjeringa greip inn og skaffa sjukehusa landingsplassar for dei nye helikoptera. No har ho sjølv vorte ansvarleg statsråd for saka, og meiner at andre enn ho har ansvar for å svare.

Når NRK ber om å få intervjue helse- og omsorgsministeren om temaet, blir det vist til kvart einskild helseføretak.

Les også Flygere på redningshelikopter frykter straff

AW101, Sar queen

Etter at NRK skreiv om korleis pilotar må velje mellom å bryta lova, eller å ofre det som er best for pasienten, har Høgre tatt saka opp i Stortinget.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) skriv i svaret til stortingsopposisjonen at ho ventar at helseføretaka har dialog med Luftfartstilsynet for å sikre at bruken av landingsplassane er i tråd med krav.

Det var ikkje helseføretaka som bestemte at dei nye redningshelikoptera skulle vere Leonardo AW101.

I Høgre er dei ikkje nøgde med svara.

Stortingsrepresentant Erlend Larsen (H) har sjølv vore pilot på passasjerfly. Han er uroa over situasjonen flygarar på redningshelikopter blir sett i.

At politikarane viser til helseføretaka, meiner han er ei ansvarsfråskriving.

– Det er ei ansvarsfråskriving, og det er ei ansvarsfråskriving av di redningshelikoptera er ein nasjonal ressurs. Det er ikkje ein ressurs kvart einskild helseføretak står bak, seier Larsen.

Erlend Larsen (H)

Stortingsrepresentant Erlend Larsen (H) ynskjer klarheit i korleis landingsplassane ved sjukehus i Norge skal gjerast klare for det nye redningshelikopteret.

Foto: Per-Åge Eriksen

Han vil ha statsråden på bana for å finne ut korleis ein frå politisk hald bidreg til å driva fram arbeidet.

– Det går for seint å få landingsplassane på sjukehusa godkjende, seier Larsen.

No vil ho ikkje svare

For tre år sidan var ikkje Ingvild Kjerkol (Ap) statsråd, men helsepolitisk talsperson i det største opposisjonspartiet.

Ho kravde fortgang i arbeidet med å få på plass godkjende landingsplassar, og ville ha svar frå regjeringa på korleis dei skulle gå fram.

Utspelet kom etter at dåverande justisminister Monica Mæland (H) hadde lova at regjeringa skulle lage tiltak for å ordna opp i situasjonen.

– Eg tykkjer ikkje statsråden gav gode nok svar på uroa frå St. Olavs hospital og Universitetssjukehuset Nord-Norge om vanskane med lufttrykk og støy ved landing, sa Kjerkol til NRK for like over tre år sidan.

Viser til helseføretaka

No har NRK bede Kjerkol om eit intervju om korleis departementet ser til at ein held oppe framdrifta i arbeidet. Men der opposisjonspolitikar Ingvild Kjerkol kravde svar, er det no ikkje råd å få stilt spørsmål.

Nye redningshelikopter

Dei fyrste redningshelikoptera av typen Leonardo AW101 blei sat i drift i Noreg i 2020. Det viste seg at dei lagar trøbbel ved mange av sjukehusa i landet.

Foto: Forsvaret

«Når det gjelder ytterligere spørsmål her viser vi til de regionale helseforetakene, og til helseforetak som flyplasseier ved det enkelte sykehus», skriv ein av kommunikasjonsrådgjevarane til Ingvild Kjerkol, i ein e-post til NRK.

Etter denne meldinga følgde NRK opp med å vise til korleis Kjerkol tidlegare har gjeve tydeleg uttrykk for at slike spørsmål skal kunne svarast på av statsråden, og spurde om ho ser annleis på dette no.

Då fekk NRK e-post om at statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) kan siterast slik:

«Det er sykehusene som eier landingsplassene, mens Sykehusbygg har det operative ansvaret for å gjennomføre nødvendige tilpasninger. Helseforetakene har dialog med Luftfartstilsynet om nødvendige godkjenninger.»

Stortingsrepresentant Erlend Larsen (H) vurderer no om han skal sende fleire spørsmål til helse- og omsorgsministeren om saka.

– Det er ikkje godt nok at statsråden peiker på helseføretaka. Sjølv om det er dei som har ansvar for utbygginga, er det statsråden som har ansvar for at det blir gjennomført, seier Larsen.

Les også Nytt sykehus til 2,6 milliarder kan ikke ta imot helikopter

Nye Hammerfest sykehus under konstruksjon, 23. september 2021.