Hopp til innhold

Jaran (23) blir dagleg utsett for hets: – Eg høyrer folk roper

Stadig fleire melder frå om hets mot skeive. Samstundes blir færre saker oppklarte.

Jaran Skardal

HETS: Stadig fleire melear frå til politiet om hatkriminalitet knytt til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Sjølv opplever Jaran Skardal (23) frå Harstad å bli utsett for hets og truslar dagleg.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

– Det har vore mykje hat, negative tilbakemeldingar. (...) Det har ikkje vore lett.

Det seier 23 år gamle Jaran Skardal frå Ibestad til NRK.

I fleire år har det å vere dragartist – artist der ein mellombels skiftar kjønnsuttrykk – vore den store hobbyen til 23-åringen, som bur i Harstad. Ein hobby der han ikkje er redd for å by på seg sjølv.

Nyleg tok 23-åringen til sosiale medium, der han i ein video for første gong fortalde om hetsen og truslane han har fått den siste tida. Deriblant fleire drapstruslar og «om foreldra hans er stolte av han».

No viser ferske tal frå politiet ein kraftig auke i meldingar av hatkriminalitet knytt til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Kraftig auke

No opplever politiet ein kraftig auke i meldingar.

Så langt i år har politiet motteke 291 meldingar om hatkriminalitet knytt til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Ein auke på nærare 25 prosent samanlikna med fjoråret. Det visar tal NRK har fått innsyn i.

– Det er ein svært dramatisk auke. Det er dessverre sånn at det er og det er mørketal, i den augneblinken folk ikkje melder. Det er vanskeleg å seie noko om det har vore ein auke i talet på hendingar, eller om det faktisk er fleire som melder.

Det seier nyleg avgått leiar i organisasjonen FRI – foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, Inge Alexander Gjestvang. Organisasjonen er Noregs største for menneske som brytar med normer for kjønn og seksualitet.

Inge Alexander Gjestvang, leder av FRI

Inge Alexander Gjestvang, leiar i organisasjonen FRI.

Foto: Simen Wingstad / NRK
  • NRK presiserer: Intervjuet i denne saka blei gjennomført før Gjestvang tysdag varsla at han trekkjer seg som FRI-leiar. Gjestvang og FRI har godkjent NRKs publisering av intervjuet. Årsaka til at Gjestvang trekte seg har ikkje noko med denne saka å gjere.

Det er ikkje berre talet på meldingar som aukar. Andelen hatkriminalitet som er knytt til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk har auka kraftig dette året.

Av alle dei 806 meldingane som er meldt til politiet om hatkriminalitet så langt i år, er heile 36 prosent knytte til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Til samanlikning var andelen på om lag 25 prosent begge dei to føregåande åra.

En gruppe mennesker holder rundt hverandre etter skytingen på London

OMSORG: Personar klemmer kvarandre etter masseskytinga i Oslo natt til 25. juni i fjor.

Foto: Camilla Svennæs Bergland / NRK

Går ikkje til politiet

Ein av dei som har fått merka hetsen på kroppen, er Jaran Skardal frå Harstad.

Skardal fortel at hetsen no har blitt så omfattande at det har blitt ein del av kvardagen, og at han no ikkje får gå på butikken utan å få slengt negative kommentarar etter seg.

– Eg høyrer folk snakkar, høyrer folk roper, høyrer folk snakkar drit, uansett. Eg kan ikkje halde kjærasten min i handa – det skjer ikkje!

Sjølv er Skardal ein av dei som ikkje vel å melde all hets og truslar som han har vorte utsett for.

– Når eg snakkar med politiet, så kjenner eg ikkje at ein blir teke seriøst. Det gjer det ekstra tungt – ein kjenner seg ikkje høyrd.

NRK har lagt saka fram for politiet. Les deira svar lenger ned i saka.

27 Oslo pride 2023

Over 90.000 personar møtte opp for å ta del i årets pride-feiring i Oslo.

Foto: Christian Breidlid / NRK

Låg oppklaringsandel

I 2022 blei berre 44 prosent av alle påtaleavgjorde saker oppklarte i Noreg, noko som var historisk lågt, og ei utvikling politiet sjølv, i sin eigen rapport, omtalte som «bekymringsfull».

Av sakene om hatkriminalitet knytt til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, blei 45 prosent oppklart. Noko lågare enn totalt for all hatkriminalitet (51,9 prosent).

Hittil i 2023 er oppklaringsprosenten på 36 prosent, og med det på omtrent same nivå som for to år sidan, da andelen låg på 35,3 prosent.

Les også Blei filma da han hetsa homofilt par

Den tidlegare FRI-leiaren tykkjer det er vanskeleg å spekulere i kvifor det er slik.

– Det er jo dramatisk at det er ein lågare oppklaringsprosent der enn for andre forhold. Vi erfarer frå vår målgruppe at mange blir utsette for hets og hatefulle ytringar på nettet, der det kan vere utfordrande å få tak i gjerningspersonar, seiar Gjestvang, før han fortsett:

– Det er samstundes mange som opplever å bli utsette for hets og vald for eksempel ute på byen, eller på veg heim frå byen, der det ikkje er mogleg å spore opp og sjå kven gjerningspersonen er. Så her kan det vere eit samansett bilde, men botnlinja er uansett at det her er dramatisk at det er ein vesentleg lågare andel.

Les også Jaran (22) tør ikkje gå i drag åleine lenger

Jaran Skardal på scenen

Tillit

I berre 100 av 296 saker der påtalen er avgjord, har saka vorte oppklart.

Av dei 100 sakene som har vorte oppklarte, har 16 enda med førelegg, medan tre har enda med sikting (tilståingsdom). Heile 29 av sakene har enda med tiltalevedtak.

  • NRK presiserer: Tala for avgjerder refererer til saker som er avgjorde dette året, ikkje det som er meldt.

Jaran Skardal i Harstad fortel vidare at det mange i det skeive miljøet kjenner at det ikkje er nokon vits i å melde hatkriminalitet til politiet.

Dette blir og bekrefta i politiets eiga spørjeundersøking som blei publisert tidlegare i år. Av dei 10.237 som svarte i undersøkinga – som var retta mot LHBTIQ+-innbyggjarar – svarte heile 30 prosent at dei hadde svært låg eller ganske låg tillit til at politiet tar hand om deira behov.

37 prosent oppgav å ha ganske høg eller svært høg tillit, mens 32 prosent svarte at dei verken har låg eller høg tillit.

Les også Kommunen braut lova

Regnbue Harstad

Mørketal

I undersøkinga frå politiet i sommar, kom det fram at berre åtte prosent av dei som har blitt utsette for hatkriminalitet dei siste to åra, har meldt forholdet til politiet.

Gjestvang fortel at dei er kjent med at det er mørketal. Dette blant anna som følgje av at personar er usikre på om ei melding vil føre fram.

GDE-leiar og politistasjonssjef i Harstad politistasjonsdistrikt, Frank Magne Sletten, fortel at dei har få straffesaker knytt til dette kriminalitetsområdet i Harstad.

– Dette kan støtte opp under beskrivinga til Skardal og Gjestvang, der dei uttrykkjer at det er vanskeleg å melde, seier Sletten, som håpar talet speglar den reelle situasjonen, og at innbyggjarane har «toleranse og forståing for forskjellane som pregar det moderne samfunnet».

GDE-leder og politistasjonssjef i Harstad politistasjonsdistrikt, Frank Sletten.

GDE-leiar og politistasjonssjef i Harstad politistasjonsdistrikt, Frank Sletten. Biletet er teke ved eit tidlegare høve.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Vidare fortel han at dei har særleg fokus på hatefulle ytringar, og ønskjer å etablere ein tilstrekkeleg tryggleik for personar som blir utsette for slike ytringar, slik at dei kontaktar politiet.

Vi er avhengig av historiene deira for å kunne jobbe godt mot denne typen kriminalitet, seier han, og opplyser at dei er avhengig av at personar melder frå om dei blir utsette for denne typen ytringar – som politiet er oppteke av å avdekkje.

Han fortel at politiet ønskjer å ha god kontakt med foreiningane som representerer denne gruppa, slik at dei får ei god forståing av opplevingane som Gjestvang og Skardal beskriv.

– Tenestepersonane våre er godt kjende med prioriteringane til politiet, og at dette er eit område der vi skal setje i verk nødvendige tiltak, seiar Sletten, og fortsett:

– Alle som kontaktar politiet skal møte profesjonelle tenestepersonar som i sin jobb har nødvendige menneskelege eigenskapar opp mot problemstillinga.