Det var «Isbjørn N23992», betre kjent som «Frost», som omkom på Svalbard torsdag kveld.
Det stadfestar Norsk Polarinstitutt til NRK.
Bjørnebinna og ein bjørnunge oppsøkte torsdag kveld eit hyttefelt ved Vindodden. Der vart dei skremde bort av hytteeigarar, og la på sum i Tempelfjorden
– Etter ei stund såg ein at binna låg heilt stille i sjøen med hovudet under vatn, medan ungen sumde rundt, skriv Sysselmeisteren i ei pressemelding.
Fause fortel at det vart sendt ut helikopter for å sjekke tilstanden til binna. Ved framkomst såg mannskap frå Sysselmeisteren og Norsk Polarinstitutt at bjørnen var død.
Ungen skote med nødrett
Ungen til binna opphald seg i nærleiken av mora, men mannskapet lykkast i å skremme han bort og fekk frakta binna inn til land.
Men idet dei får ho opp, går ungen til angrep.
– Den vart då skote i ei nødretthandling, seier Fause.
Binna er no send til obduksjon, og det skal gjerast undersøkingar for å finne dødsårsaka.
– Det vil bli gjennomført ei grundig etterforsking for å finne den objektive hendingsgangen, opplyser Sysselmeisteren.
Det er per no ingen mistenkte i saka.
Rett utanfor verneområde
I Tempelfjorden er det oppretta eit verneområde for isbjørn, der det er ferdselsrestriksjonar for at bjørnane skal få vere i fred.
Lars Fause er Sysselmester på Svalbard.
Foto: Jannicke Mikkelsen / NRKHendinga skjedde like utanfor dette området.
– Det er Sysselmeisterens ansvar å ta vare på isbjørnane, og dessverre så skjedde det som skjedde i natt, seier Fause.
Han har forståing for at folk kan væra opprørt over hendinga.
Kjendis-isbjørn
«Frost» har vore med i fleire naturdokumentarar verda over, men for enkelte på Svalbard hadde binna vorte ein problembjørn.
Fotografen Asgeir Helgestad fotograferte Frost.
I 2022 skal ho ha brote seg inn i åtte til ti hytter, og tre av ungane hennar har vorte avliva etter å ha gått inn i telt. I 2020 døydde ein nederlandsk turist som følgje av eit slikt angrep.