Hopp til innhold

Isbjørn på veg inn i hytte blei skoten - ingen blir straffa

Sysselmeisteren har etterforska hendinga ved ei hytte på Svalbard, etter at ein isbjørn blei skoten.

Hytte ved Krossfjorden, nord for Ny-Ålesund. Hit kom isbjørnen lørdag kveld.

Isbjørnen på Svalbard er freda.

Foto: Sysselmesteren på Svalbard

5. august blei ein isbjørn skoten, etter at han var på veg inn i ei hytte ved Krossfjorden på Svalbard.

Dei som var på hytta prøvde å skremme bort bjørnen. Da dei ikkje lykkast med det, blei bjørnen skoten.

Ingen personar blei skadde. Det skal ha vore fire personar til stades.

– Det vil bli gjennomført ei vidare etterforsking for å klargjere hendingsgangen, opplyste fungerande sysselmeister Aud Slettemoen.

Sysselmeisteren har nå lagt bort som «ingen straffbart forhold bevist», ifølge Svalbardposten.

Det fortel politiadvokat Magnus Rindal Fredriksen hos Sysselmeisteren, til avisa.

Les også Sysselmesteren starter etterforskning etter isbjørndødsfall på Svalbard

Ulykke Krossfjorden

To personar hadde status som mistenkt. Ingen var sikta i saka, fortalde politiadvokaten til NRK.

– Isbjørnen er freda, så dei er mistenkte for brot på svalbardmiljølova. Så vil etterforskinga avdekke om avlivinga av bjørnen var rettmessig, sa Fredriksen til NRK.

Ifølge politiadvokaten kom isbjørnen opp sjøvegen og tok seg opp på stranda da fire personar var utanfor hytta.

Les også Isbjørn skoten ved hytte: – Dei prøvde å skremme bjørnen, men det lét seg ikkje gjere

Hytte ved Krossfjorden, nord for Ny-Ålesund. Hit kom isbjørnen lørdag kveld.

– På eit tidspunkt prøvde bjørnen å ta seg inn i hytta og det blei da losna skot mot bjørnen, som medførte at den døydde kort tid etter, sa Rindal Fredriksen.

Isbjørnen som var ein hannbjørn på rundt 176 kilo, blei frakta til Longyearbyen.

Der blei den undersøkt av personell hos Sysselmeisteren.

Hytte ved Krossfjorden, nord for Ny-Ålesund. Hit kom isbjørnen lørdag kveld.

Hytta ved Krossfjorden, nord for Ny-Ålesund.

Foto: Sysselmesteren på Svalbard