Hopp til innhold

Isbjørn skoten ved hytte: – Dei prøvde å skremme bjørnen, men det lét seg ikkje gjere

Isbjørnen kom sjøvegen og overraska dei som var på hyttetur. Det viser den førebelse etterforskinga.

Hytte ved Krossfjorden, nord for Ny-Ålesund. Hit kom isbjørnen lørdag kveld.

Ved denne hytta vart isbjørnen skoten laurdag kveld.

Foto: Sysselmesteren på Svalbard

Sysselmesteren på Svalbard etterforskar hendinga knytt til at ein isbjørn vart skoten, og kort tid etterpå døydde, laurdag kveld.

Isbjørnen var på veg inn i ei hytte der fire personar oppheldt seg.

Les også Sysselmesteren starter etterforskning etter isbjørndødsfall på Svalbard

Ulykke Krossfjorden

To personar har status som mistenkt, opplyser politiadvokat hos Sysselmesteren, Magnus Rindal Fredriksen.

– Isbjørnen er freda, så dei er mistenkte for brot på svalbardmiljølova. Så vil etterforskinga avdekkje om avlivinga av bjørnen var rettmessig.

Sysselmesteren rykte laurdag kveld ut med helikopter til hytta ved Krossfjorden, nord for Ny-Ålesund.

Ingen er sikta i saka.

– Isbjørnen kom sjøvegen og tok seg opp på stranda. Desse fire personane var utanfor hytta, opplyser politiadvokaten.

Hytte ved Krossfjorden, nord for Ny-Ålesund. Hit kom isbjørnen lørdag kveld.
Foto: Sysselmesteren på Svalbard

Alle er avhøyrde. Ingen av dei vart skadde i samband med hendinga.

– Dei prøvde å skremme bjørnen, men det lét seg ikkje gjere.

– På eit tidspunkt prøvde bjørnen å ta seg inn i hytta og det vart då losna skot mot bjørnen, som medførte at den døydde kort tid etter, seier Rindal Fredriksen.

Isbjørnen, ein hannbjørn på rundt 176 kilo, vart frakta til Longyearbyen og undersøkt av personell hos Sysselmesteren, opplyser politiadvokaten.

Les også Steinar våknet til to isbjørner utenfor hytta

Isbjørner på Svalbard.