Hopp til innhold

Hets mot skeive: – Det bør folk lære seg å handtere

Stadig fleire melder hets mot skeive, viser NRKs oversikt. Ytringar skal vernast av ytringsfridommen, meiner Frps tidlegare justisminister.

Per-Willy Amundsen

KLAR BESKJED: Per-Willy Amundsen meiner folk må lære seg å handtere at ikkje alle menneske er like hyggjelege eller respektfulle i kommunikasjonen sin. Biletet er teke ved eit tidlegare høve.

Foto: William Jobling / NRK

Torsdag kunne NRK avsløre at det så langt i år har vore ein kraftig auke i meldingar av hatkriminalitet knytt til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Så langt i år har politiet motteke 291 meldingar, noko som er ein auke på nærare 25 prosent samanlikna med heile 2022.

Sjølv om politiet no opplever ein kraftig auke i meldingar av hatkriminalitet retta mot skeive, ønskjer ikkje leiar av justiskomiteen på Stortinget, Per-Willy Amundsen (Frp), å kritisere politiet.

– Krenkte kjensler på bakgrunn av subjektive ytringar, burde ikkje føre til saker som politiet må binde opp ressursar på. Det er faktisk slik i denne verda at ikkje alle menneske er like hyggjelege eller respektfulle i kommunikasjonen sin, og det burde folk lære seg å handtere, framfor å gå til politiet, seier Frps tidlegare justisminister.

Les også Kraftig auke i meldingar av hets mot skeive

Jaran Skardal

– Bekymra

Amundsen får ikkje støtte frå Venstres medlem i komiteen, Ingvild Wetrhus Thorsvik.

– Hets og hatkriminalitet er eit alvorleg hinder for ytringsfridommen til skeive menneske. Det er eit hinder for at folk skal kunne leve som den dei er, og elske den dei vil, seier Thorsvik.

Ho er bekymra over dei auka tala som NRK torsdag kunne avsløre.

Ingvild Wetrhus Thorsvik

BEKYMRA: Ingvild Wetrhus Thorsvik reagerer på den kraftige auken i meldingar av hets mot skeive.

Foto: Per Kåre Sandbakk / NRK

Sjølv om tala ikkje viser om skeive opplever ein auke i hets og truslar, eller om mørketala er på veg ned, er ho klar på kva dei likevel viser.

– Det skaper eit tydeleg bilete av at vi ikkje er der vi skal vere, når det gjeld toleranse og aksept i samfunnet, og ikkje minst at skeive skal kunne leve frie liv som den dei er.

Les også Fryktar ho må flytte frå Noreg for å få draumejobben

Azin Vedadi, student ved Universitetet i Tromsø.

Vil ikkje kritisere

Sjølv er Frp prinsipielle motstandarar av å kriminalisere meiningar, og har vore tydeleg på at dei ønskjer å fjerne rasismeparagrafen – paragraf 185 i straffelova. Seinast i 2020, da Amundsen meinte bruken av paragrafen hadde sklidd ut og trua ytringsfridommen.

– Bortsett frå truslar og oppmodingar til vald og alvorleg kriminalitet, meiner vi at ytringar skal vernast av ytringsfridommen, seier Amundsen til NRK.

Bør diskriminerende eller hatefulle ytringer være straffbart?

Han peikar på situasjonen i politiet, der politiet fleire stader, som i Nordland politidistrikt, har måtta nedbemanne. Vidare peikar han på avviklinga av fagmiljø knytt til avverjing og oppklaring av overgrep mot barn på nett.

– Eg vil derfor ikkje kritisere politiet dersom dei vel å prioritere alvorleg kriminalitet framfor subjektive oppfatningar av å bli krenkte.

Les også Overgrepsoffer raser over nedleggelse av Spiderweb: – Koker inni meg

Therese Sørenes.

– Trist døme

Ein av dei som har opplevd ein auke i hets og truslar, er 23 år gamle Jaran Skardal frå Ibestad i Troms.

– Eg høyrer folk snakkar, høyrer folk roper, høyrer folk snakkar drit, uansett. Eg kan ikkje halde kjærasten min i handa – det skjer ikkje! sa 23-åringen, som for første gong fortalde om noko av det han har vorte utsett for, då spesielt den siste tida.

Jaran Skardal

STOD FRAM: Jaran Skardal (23) fortalde nyleg om korleis han opplever det er å vere skeiv, og om all hetsen og drapstruslane han har fått den siste tida.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Ingvild Wetrhus Thorsvik meiner det Skardal beskriv er eit forferdeleg trist døme på at hets og hatkriminalitet er eit hinder for skeive menneske, og meiner haldningsarbeidet må starte tidleg.

– Det er derfor så utruleg viktig at barnehagen og skulen snakkar om mangfald. Spesielt etter angrepet 25. juni, kor mange skeive kjenner på ei større frykt og uvisse, så er det veldig viktig at skeive opplever at politiet er nokon dei kan ta kontakt med og ein stad der dei får hjelp.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark