Hopp til innhold

Snur om Russland-oppmoding: Vil skrote alle vennskapsavtalar

Ein av Noregs fremste forskarar på utanrikspolitikk gjer heilomvending. Iver B. Neumann seier det er på tide å bryte norsk-russiske vennskapsavtaler.

Undertegner vennskapsavtale.

Fornya vennskapsavtale mellom Sør-Varanger og Petsjenga vart underteikna 5. april 2016. På bildet (frå høgre): Noregs daverande generalkonsul i Murmansk, Ole Andreas Lindeman, daverande ordførar i Sør-Varanger, Rune Rafaelsen, daverande ordførar i Petsjenga kommune, Aleksandr Morozov og Russlands daverande generalkonsul i Kirkenes, Sergej Sjatunovskij-Bjurno.

Foto: Sør-Varanger kommune

Skal norsk-russiske vennskapsavtaler haldast ved lag, brytast eller leggjast på is?

Spørsmålet har vore oppe til diskusjon i ei rekke norske kommunar, etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022.

Dipolmatiforskar Iver B. Neumann anbefalte tidlegare å fryse slike vennskapsavtalar. Også etter Russlands fullskala invasjon av Ukraina for snart to år sia.

Men nå har han snudd.

– Eg meinte det kunne vere fint å ha avtalane i bakhand når freden kom. Dette ut frå tanken om at Russland på eit eller anna tidspunkt ville vere interessert i å ta opp eit samarbeid med naboane sine. Men tida har sprunge litt frå dei, seier Neumann.

Iver B. Neumann.

Direktør Iver B. Neumann ved Fridtjof Nansens Institutt meiner det er på tide å seie opp vennskapsavtalane med russiske kommunar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Militariserte økonomien

Det som fekk Iver B. Neumann til å snu, var da Vladimir Putin militariserte den russiske økonomien.

– Nå kan staten pålegge alle føretak å produsere kva som helst, når som helst. Det vil seie at heile økonomien kan mobiliserast for å lage ammunisjon og anna krigsutstyr over natta, seier Neumann.

Han viser til at Russland nå bruker meir enn ein tredel av sitt statsbudsjett på utgifter til militæret.

Derfor reknar han med at det blir ganske lenge til den dagen ein kan snakke om normalisering av forholdet til Russland.

– Da blir det jo ikkje så viktig å ha desse avtalane liggande på is til dei blir gjenoppliva, seier han.

Les også UD om vennskapsavtalane: – Har berre gitt råd om å stanse samarbeidet

Kirkenes sentrum.

Vennskapsavtaler på is

Nokre norske kommunar har valt å fryse avtalane med sine russiske venner, mens andre har valt å seie dei opp. Sist ut var Vardø, som førre veke sa opp avtalen med Arkhangelsk.

Å inngå denne typen vennskapsavtalar blei brukt som eit verktøy for fred og forsoning i kjølvatnet av andre verdskrigen.

Regjeringa har sagt at det er opp til kommunane sjølv å avgjere om det er rett å legge avtalane på is eller seie dei opp.

Onsdag skal politikarane i grensekommunen Sør-Varanger enda ein gong behandle eit forslag om å seie opp avtalen med nabokommunen Petsjenga.

Russisk buss i Murmansk som viser vennskapsbyer.

Bildet viser en russisk buss i Murmansk, som har kommunevåpnene til sine vennskapsbyer. Det gjelder blant annet Tromsø.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Les også Mener at flere bør gjøre som Tromsø og avslutte avtaler med russiske vennskapsbyer

Ishavskatedralen, Tromsdalen, Tromsø, by, Tgrmsøbrua, vinter, skumring, stemning

– Nokon har meint at det er ein fordel å ha avtalane liggande i skrivebordsskuffa den dagen freden kjem. Da slepp ein i alle fall å forhandle fram nye avtalar før ein går i gang med samarbeid.

Ja, det meinte eg også inntil for vel eit år sidan. Men som Russland ser ut under Putin nå, opplever eg ikkje dette som viktig, seier Iver B. Neumann.

– Korleis trur du opposisjonen, av det som måtte finnast i Russland, kan reagere på at det blir ei total avskriving av eit mogleg samarbeid?

– Eg vil tru at nokon opplever det som ei klar melding om at ein ikkje vil ha noko med Putins Russland å gjere. Kva vi liker. Andre vil kanskje tenke at det var synd. For da blir det enda meir jobb å få formalisert samarbeidet når tinga endrar seg, seier han.

Les også Ordføreren av Ranas vennskapsby vervet seg til krigen i Ukraina

Ordfører i Petrozavodsk, Vladimir Lyubarsky.

Vil bryte vennskap

I Sør-Varanger er det Dani Storbakk (H) som står bak forslaget denne gang, med å bryte sin russiske vennskapsavtale med Petsjenga og intensjonsavtalen med Murmansk.

– Avtalen mellom Sør-Varanger og Petsjenga er basert på at to likeverdige partar skal samarbeide og utveksle informasjon. Blant anna om fagleg utveksling for pedagogisk personell, skriv han.

Propagandaen i russiske skolar gjer det umogleg å ha eit slikt samarbeid, meiner Storbakk.

Han utdjupar vidare at politiske leiarar i både Petsjenga kommune og Murmansk oblast (fylke) støttar krigen i Ukraina.

– Dei har jobba med mobilisering av nye militære styrkar, besøkt okkuperte område i Ukraina og tatt imot deporterte barn frå Ukraina. Dumaen i Russland har vedtatt at Noreg er eit uvennleg land. Derfor kan ikkje Sør-Varanger kommune ha vennskapsavtale med Petsjenga kommune, skriv Storbakk.