Hopp til innhold

UD om vennskapsavtalane: – Har berre gitt råd om å stanse samarbeidet

UD nektar for å ha diktert Sør-Varanger om å leggje vennskapsavtalen mellom Kirkenes og Petsjenga på is i staden for å seie den opp. No får kommunestyret skryt for avgjerda.

Kirkenes sentrum.

Sør-Varanger har ikkje fått beskjed om å leggje avtalen med Petsjenga på is. Rådet har vore å avslutte samarbeidd. Det presiserer statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet.

Foto: Kai Erik Bull / NRK

– UD har rådd dei norske byane som har vennskapsavtalar med russiske byar om å stanse samarbeidet. Korleis dei gjer dette er opp til kommunane sjølv å avgjere.

Det seier statssekretær i Utanriksdepartementet (UD), Eivind Vad Petersson til NRK.

Statssekretær Eivind Vad Petersson.

UD har rådd Norske kommunar om å stanse samarbeida med russiske vennskapsbyar. Ikkje sei opp avtalane. – Det å stanse ein slik avtale kan på mange måtar også vere å leggje han på is, utdjupar statssekretær i Utanriksdepartementet (UD), Eivind Vad Petersson.

Foto: Sturlason

Kommunestyret i Sør-Varanger fekk nyleg krass kritikk for ikkje å seie opp vennskapsavtalen med Petsjenga i Murmansk fylke. Slik dei gjorde med Severomorsk i april.

Ifølgje ordførar i Sør-Varanger, Lena Norum Bergeng, vart det april i år bestemd at avtalen med Petsjenga berre skulle «leggjast på is». Dette etter seiande med bakgrunn i ei tilråding frå UD.

Ifølgje Petersson er ikkje dette heilt rett.

– Slik verda ser ut no, har vår tilråding vore å stanse denne typen samarbeid. Det er mange måtar å stanse eit samarbeid på. Og vi har kommunalt sjølvstyre i Noreg. Så om det er rett å leggje desse vennskapsavtalane på is eller seie dei opp, er opp til kommunane sjølv å bestemme. Vi har tiltru til at dei er i stand til å gjere eigne vurderingar, seier Petersson.

Les også Kommuner fryser vennskap med russiske byer

Tromsø

Det skal ikkje ha vore nokon offisiell kontakt mellom Sør-Varanger og Petsjenga sidan Russland invaderte Ukraina februar i fjor.

– Ikkje i tvil om kva vi meiner

Tromsø valde 26. oktober i fjor å seie opp avtalane med dei tre russiske vennskapsbyane sine Arkhangelsk, Murmansk og Nadym. Andre nordnorske byar har valt å leggje sine vennskapsavtalar på is.

Statssekretær Petersson seier det neppe vil gjere nokon forskjell overfor Russland om fleire norske byar no skulle velje å seie opp vennskapsavtalane. Det er eit sterkt nok signal å fryse avtalane og stanse samarbeidet, meiner han.

Russlands brutale angrepskrig i Ukraina får følgjer for Noregs forhold til Russland. Og det har i denne samanhengen vore viktig for oss å sende eit tydeleg signal til dei russiske styresmaktene om at måten dei oppfører seg på i Ukraina er totalt uakseptabelt.

– Ville det vore eit tydelegare signal dersom norske byar no byrja å seie opp avtalane?

– Eg trur ikkje Russland er ein augneblink i tvil om kva Noreg meiner om krigen i Ukraina og måten dei oppfører seg på, seier Petersson.

Les også Reagerer på at kommuner må drive utenrikspolitikk med russiske vennskapsbyer

Vardø i Finnmark.

Rosar valet

Politisk redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim, gav i eit lesarinnlegg i oktober uttrykk for at alle nordnorske byar burde seie opp og kvitte seg med «malplasserte vennskapsavtalar».

Direktør ved Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Iver B. Neumann er ikkje samd.

– Det er ei klok avgjerd av Sør-Varanger å ikkje seie opp avtalen med Petsjenga. Ved å leggje han på is, så vil jobben vere enklare med å få i gang samarbeidd etter at krigen er over, seier Neumann.

– Nokon krev at Sør-Varanger må seie opp avtalen med Petsjenga fordi dei driv med våpenopplæring og propaganda til støtte for Russlands krig mot Ukraina. Dette i både skular og barnehagar. Kva tenkjer du om det?

– Eg skjønner at folk blir provoserte av russisk propaganda og militarisering. Særleg av barn. Eg er oppteken av diplomati og meiner at det er best å fryse avtalane. Det er ein litt mindre uvennleg ting å gjere. Med dette signaliserer vi at vi ikkje vil samarbeide med regimet som er der no, men at vi gjerne kan gjere det under eit anna regime, seier Neumann.

Iver B. Neumann, Fridtjof Nansens institutt

Direktør ved Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Iver B. Neumann, er glad for at Sør-Varanger har lagt avtalen med Petsjenga på is og ikkje sagt den opp. – Det er ei litt mindre uvennleg handling, seier han.

Foto: Jan Dalsgaard Sørensen

– Eit naturleg val

Neumann trur vidare at Sør-Varangers geografiske plassering tett inn til Petsjenga kan ha påverka valet om å ikkje seie opp avtalen.

– Sør-Varanger og Petsjenga har investert mykje i vennskapstilhøvet. Og jo betre du kjenner nokon, dess vanskelegare vil det vere å ikkje ha noko med dei å gjere når dei forandrar seg. Det er ein direkte konsekvens av nær kontakt at valet blir så vanskeleg og tungt. Det vekkjer kjensler. På begge sider.

– Eg kan ikkje tenkje meg at det er så veldig mange andre kommunar som har dei same tunge kjenslene rundt det å seie opp ein vennskapsavtale som Sør-Varanger har. Nettopp fordi dei opplever nærleik, seier direktør i FNI, Iver B. Neumann.

Glad for støtte

Ordførar i Sør-Varanger Lena Norum Bergeng er glad for støtta ho får og seier dette er eit sterkt signal om at ein ikkje støttar krigen i Ukraina.

– Eg er glad for støtta frå Utanriksdepartementet og Fridtjof Nansens Institutt. Dette er eit sterkt nok signal om at vi ikkje støttar krigen, sier Bergeng.

Lena Norum Bergeng, ordfører i Sør-Varanger kommune

Ordførar i Sør – Varanger, Lena Norum Bergeng (Ap) er glad for støtta og seier ho er viktig for å vise motstand mot krigen i Ukraina. Ho seier også at dei ikkje har noko samarbeid med Petsjenga.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark