Hopp til innhold

Forbrukarrådet vil ha ny husleigelov: – Gir ingen tryggleik til leigetakaren

Forbrukarrådet meiner husleigelova er utdatert og gir lite vern til leigetakaren. Dei går no inn for å endre lova fullstendig – til ei reell forbrukarlov.

Olav Kasland

Forbrukarrådet går inn for å totalrevidere Husleigelova. Fagdirektør Olav Kasland seier det er lova som det hastar mest å endre.

Foto: John Trygve Tollefsen / Forbrukerrådet

– Dersom du går til Elkjøp og klagar på noko, spelar det ingen rolle om dei er sure på deg, fordi dokker ikkje har eit avhengigheitsforhold etterpå.

Det seier fagdirektør i Forbrukarrådet, Olav Kasland.

Dei vil at husleigelova skal bli ei reell forbrukarlov. Det vil seie at lova skal verne om den svakaste parten i forholdet, i motsetnad til den sterkaste, som dei meiner ho gjer i dag.

– Medan utleigar går inn i dette for å tene pengar, går leigetakar inn fordi dei treng ein stad å bu, ein grunnleggande menneskerett.

Han meiner dei ulike motiva for leigeforholdet gjer lova asymmetrisk, fordi det blir ekstra vanskeleg å klage på leilegheiter som ikkje er i god nok stand, eller der det er for dårleg brannvern.

Gir lite stabilitet for leigetakar

– Det er faktisk lettare for ein utleigar å seie opp deg, enn det er for deg å seie opp leigeforholdet, seier Kasland.

Det vil seie at dersom du inngår i ei kontrakt på tre år, er du stort sett bunde til å betale i tre år.

Samtidig kan den som leiger ut seie opp når som helst, i løpet av dei same tre åra, om dei ønsker å pusse opp, eller om dottera skal flytte heim.

– Er du einsleg mor eller far, og må leige fordi du ikkje har økonomi til å kjøpe, har du eit problem: Du kan plutseleg bli sagt opp utan at du har noko alternativ å gå til, seier Kasland.

Forbrukarrådet får støtte frå Jussbuss, som er juss-studentar som tilbyr gratis rettshjelp til mellom anna studentar.

Dei meiner lova er for utilgjengeleg for folk flest, noko som gjer det lett for utleigarar å ta seg fridommar, og å utnytte leigetakarar som ikkje veit kva rettar dei har.

Dei trekker mellom anna fram bruk av ulovleg depositumskonto, der pengane er sett inn på den private bankkontoen til utleigar og ikkje på eigen depositumskonto.

Oscar Farseth Berg

Medlem i Husleie- og gjeldsgruppa Oscar Farseth Berg.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Ofte veit ikkje leigetakar at dei blir utnytta, og om dei blir klar over det, vil det vere ein tidkrevjande prosess å få rette opp i uretten, seier medlem i Husleie- og gjeldsgruppa til Jussbuss, Oscar Farseth Berg

Blant anna kan det vere vanskeleg å vite kven som er ansvarleg om noko skulle bli øydelagt, mellom anna kvitevarer som kan vere fleire tiår gamle.

– Dersom dusjen eller steikeomnen din sluttar å fungere er det ikkje så lett å vite kva du kan krevje i leigeavslag, seier Farseth Berg.

Jussbuss reagerer på kor lett det er å bruke leigekontraktar til å vike frå lova. Dette skjer ofte utan at det er brukt rettskompetanse, der ein sterk utleigar trekker det lengste strået.

Open for å endre lova

Kommunalminister Nikolai Astrup seier dei har byrja å kartlegge moglege endringar i lova.

– Det er framleis mange som ønsker å leige og mange som må leige, og då må dette vere trygt og godt å leige bustad, og Husleigelova skal bidra til dette, seier han.

Kommunalministeren er likevel ueinig med Forbrukarrådet om at husleigelova ikkje gir godt nok vern til leigetakarane. Han meiner hovudproblemet er korleis ho bli praktisert.

– Dei aller fleste opplever at leigemarknaden fungerer godt og at rettane deira blir tatt vare på. Dessverre ser vi nokre utleigarar som utnyttar særleg unge og uerfarne leigetakarar. Det er som regel i strid med Husleigelova.

Nikolai Astrup

Kommunalminister Nikolai Astrup seier dei har byrja å kartlegge om lova treng endring.

Foto: Mette Ballovara / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark