Hopp til innhold

Måtte betale ekstra for å seie opp leigekontrakten: – Eit kjempeproblem

Anna måtte betale dyrt for å bu i ei falleferdig leilegheit. Leieboerforeningen meiner det er eit stort problem at høge leigeprisar tvingar mange unge til å inngå dårlege leigeforhold, som kan vere vanskeleg å komme ut av.

Anna Buen Michelet

DÅRLEG LEIGEFORHOLD: Anna Buen Michelet er misnøgd med leilegheita ho leigde i fjor. Dårleg standard, høge prisar og vanskelege huseigarar var nokre av grunnane til at ho betalte for å kome seg ut av kontrakten før tida.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

– Eg synest det var utrygt å bu der. Leilegheita var falleferdig, og eg vart meir og meir engsteleg for at dei skulle trekke meg frå depositumet for ting som var øydelagd frå før, seier Anna Buen Michelet.

Ho enda opp i eit dårleg leigeforhold, fastbunden av ein kontrakt som var vanskeleg å seie opp.

I eitt år budde ho i det ho skildrar som ei falleferdig, trong og sliten leilegheit på Grünerløkka i Oslo, saman med tre andre. Til saman betalte dei 22.000 kroner i månaden, straum og internett ekskludert. Leilegheita var dårleg isolert, så straumrekninga var stor, særleg på vinterstid.

Dersom dei klaga på noko i leilegheita, seier ho dei vart trua med å bli trekt av depositumet. Dei opplevde huseigaren som lite hjelpsam og vanskeleg å få tak i.

Til slutt fekk Anna nok. Ho ville ut. Men kontrakten hennar gjekk ikkje an å seie opp.

– Ubalansert maktforhold

Anna er ikkje åleine om å vere i ein slik situasjon, ifølgje Anne-Rita Andal i Leieboerforeningen. Dei blir ofte kontakta av leigetakarar som treng hjelp til å komme seg ut av dårlege leigeforhold.

Anne-Rita Andal i leieboerforeningen

HÅPAR PÅ OPPRYDDING: – Anne-Rita Andal i Leieboerforeningen håpar at det blir ei opprydding i leigesektoren, slik at det blir lettare å vere leigebuar.

Foto: Kirsten Randers-Pehrson / Leieboerforeningen

Ho seier det er eit stort problem at sårbare grupper som fattige familiar, studentar og unge vaksne blir tvinga til å leige bustader som er overprisa og i dårleg stand.

– Folk betalar det det kostar fordi dei ikkje har eit reelt val. Det er alltid nokon bak deg i køen som er villig til å godta ein dårleg bustad. Det er eit kjempeproblem.

Ho seier leigetakarar har eit for svakt rettsvern.

– Det må stillast strengare krav til utleigarane. Me har ein for dårleg leigepolitikk her i landet der leigetakarar mellom anna har eit svakt oppseiingsvern.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup har tidlegare uttalt til NRK at han er klar over at det finst tilfeller av dårlege, men dyre leigebustader på leigemarknaden.

Han påpeiker at det ligg inne eit leigeprisvern i husleigeloven. Dette skal sikre at ein ikkje kan avtale ei urimeleg høg leige for ein bustad som held vesentleg dårlegare standard enn det som var førespegla.

– Det er eit problem dersom me har mange huseigarar som ikkje følgjer dei lovane og reglane som gjeld. Då må me sjå på korleis me kan følgje opp dette på ein betre måte, seier Astrup.

Les også: Stor prisauke på leigemarknaden: – Aldri målt høgare pris i hovudstaden

Vanskeleg å komme ut av kontrakten

Det fekk Anna erfare då ho ville flytte ut av kollektivet ho budde i. Ettersom det ikkje stod noko om oppseiingstid i kontrakten, gjekk ho ut ifrå at ho var på tre månader.

Men der tok ho feil. Kontrakten var på tre år, utan høve til å seie opp før leigeperioden var over. Dermed måtte ho finne nokon til å ta over rommet hennar.

– Eg måtte rose denne leilegheita for at eg sjølv skulle komme meg ut av problemet, nesten som å gje ein parasitt vidare til nokon andre. Det kjendest heilt forferdeleg.

Då ho omsider fann nokon til å ta over, brukte huseigarane lang tid på å godkjenne den nye leigetakaren. Dermed enda ho opp med å betale to månader husleige ekstra. Depositumet vart trekt, og i tillegg måtte ho betale eit gebyr på 1800 kroner.

Anna Buen Michelet

BRAUT KONTRAKTEN: Etter mykje om og men, kom Anna Buen Michelet seg ut av leigekontrakten. No trivest ho godt i sin nye bustad.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Leieboerforeningen seier at ein må passe på dersom utleigarar krev slike ekstra gebyr. Dei er berre lovlege dersom det skal erstatte økonomisk tap som følgje av at leigetakar bryt kontrakten.

I dette tilfellet måtte utleigar sjølv finne ny leigetakar slik at husleiga vart dekt kvar månad. Likevel måtte ho betale gebyret for å dekke kostnadane utleigar fekk fordi dei måtte signere ny kontrakt og ha ny synfaring av bustaden.

Anders Leisner, advokat og leiar for medlemsrådgjeving i Huseierne, seier det er vanskeleg å vere kritisk til gebyret, men at Michelet truleg ikkje har hatt god nok kjennskap til eigne rettar.

Anders Leisner

SØK HJELP: Advokat hos Huseiernes Landsforbund, Anders Leisner, seier det kan vere lurt å søke juridisk hjelp dersom du er i eit dårleg leigeforhold, for å finne ut om det er verd å ta kampen med den andre parten.

Foto: Ida Brabrand

Dersom ho hadde framleigd rommet, ville ho sloppe å betale gebyret. Huseigar må nemleg ha sakleg og god grunn til å nekte nokon å framleige tidsbestemte leigeavtalar, seier advokaten.

– Men det finst ein slik type tidsbestemt kontrakt der det ikkje er høve til å seie opp kontrakten før leigeperioden er over.

– Har opptredd ryddig

Utleigeselskapet til Anna skriv i ein e-post til NRK at dei nyttar slike leigekontraktar for å redusere kompleksitet og fare for misforståingar. Dei meiner dei har gjort pliktene sine og opptredd ryddig i dette tilfellet.

I eposten skriv dei:

«Me har rutinar for overtaking av leigeforhold der leigetakar og utleigar skal vere til stades på synfaringa av bustaden. Anna sende nokon andre til å delta på dette både ved innflytting og utflytting. Ho hadde fleire moglegheiter til å melde inn feil og manglar undervegs i leigeperioden, via telefon, webportal eller epost. Ved utflytt fann me avvik som me trakk 450 kr for frå depositumet. Skiftet av leigetakar tok lang tid på grunn av misleghalden husleige og manglar i dokumentasjonen til nye leigetakaren.»

Les kontrakten, dokumenter manglar og søk rådgjeving

Men kva gjer ein når ein har vore uheldig og hamna i eit vanskeleg leigeforhold?

Leisners beste tips er å dokumentere alle manglar i bustaden.

– Sjølv om ein ikkje kan seie opp kontrakten, har ein alltid rett til å heve kontrakten dersom det er vesentleg misleghald.

Han meiner det kan vere lurt å søkje juridisk rådgjeving for å vurdere om det er verd å gå inn i ein tvist med den andre parten.

– Det skal vere ganske alvorlege feil som gjer at leilegheita er så mangelfull at ein kan krevje å flytte ut, forklarer han.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ