– Passet mitt stinkar av fisk og død

BERGEN (NRK): Jon Erik Kvåle Øien lærte på den vonde måten kva konsekvensar det kan få for deg når du ikkje betalar husleiga i tide. Han blei ulovleg kasta ut og fekk alt han eigde låst inn i ei bu.

Jon Erik Kvåle Øien

– Det som gjorde at eg blei skikkeleg forbanna, var at alle tinga mine var øydelagt, seier Jon Erik Kvåle Øien. Her er han utanfor leilegheita han budde i fram til 10. mars 2016.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

I desse dagar skal tusenvis av unge flytte for seg sjølv. For nokon vil det kunne ende i utkasting.

Namsmannen blei i fjor bedt om å assistere 8.825 oppmodingar om utkastingar.

– Det er fleire grunnlag for å kaste folk ut av bustader, men alt må gå via namsmannen, seier fungerande namsmann i Bergen, Øistein Christoffersen til NRK.

Øistein Christoffersen, fung. namsmann i Bergen

MANGEL PÅ KUNNSKAP: – Kunnskapen er nok neppe til stades, seier Øistein Christoffersen, fungerande namsmann i Bergen.

Foto: PRIVAT

Ifølgje Christoffersen kjem det flest oppmodingar om utkastingar frå kommunale bustader og burettslag, og færre frå private utleigarar og utleigefirma. Han trur det er fordi utleigarar gjerne ikkje har kunnskap om korleis eit rettmessig utkastingsvarsel skal formulerast.

– Kunnskapen er nok neppe til stades. Når ein driv ei næringsverksemd, må ein jo setje seg inn i regelverket, seier Øistein Christoffersen.

Også Leieboerforeningen erfarer at mange utleigarar ikkje er klar over regelverket kring utkastingar. Det gjeld i hovudsak private utleigarar, som gjerne trur at dei har full råderett over privat eigedom.

Berre tre prosent av sakene til Leieboerforeningen frå 2017 gjekk ut på utkasting, syner årsrapporten deira.

Jon Erik Kvåle Øien er ein av dei som blei kasta ut frå leilegheita han leigde, men i hans tilfelle blei ikkje namsmannen kopla inn. Noko som alltid skal skje i slike saker.

På Leieboerforeningen sine nettstader kan du sjå hovudreglane for krav til utkasting. Eit minimumskrav til å behalde bustaden sin er å betale husleiga i tide. Det fekk Øien smerteleg erfare.

Heimlaus på under 24 timar

Jon Erik flytta inn i ei leilegheit i Olav Kyrres gate i Bergen 10. november 2015. Leiga var litt for høg til budsjettet, men han tenkte han skulle få det til likevel.

Det skulle fort vise seg å ikkje stemme.

20. februar 2016 fekk han første varsel om utkasting:

varsel om utkastelse

FØRSTE VARSEL: 20. februar 2016 fekk Jon Erik første varsel om utkasting. Ifølgje Leieboerforeningen er dette varselet feil, sidan firmaet ikkje gjekk gjennom namsmyndigheitene.

Foto: SKJERMDUMP

Trass i varselet, fekk han ikkje betalt leiga.

Nokre dagar seinare ringde han utleigefirmaet, PT Eiendom, og inngjekk ein munnleg avtale om å betale dobbelt dei neste to månadene for å komme à jour.

Den første innbetalinga skulle førast over på lønningsdagen, 10. mars 2016. Han førte over pengane, og sende ein skjermdump av kontoutskrifta til PT Eiendom over e-post.

Bankutskrift

OVERFØRTE PENGAR: Jon Erik betalte inn dobbel husleige 10. mars 2016. Beløpet kom ikkje inn på konto til husleigefirmaet før dagen etter, noko som ikkje var nok for firmaet.

Foto: SKJERMDUMP

Jon Erik drog på jobb, og tenkte at alt var i orden. Derfor fekk han aldri med seg e-posten med svaret frå utleigar om at dei ikkje aksepterte transaksjonen. Dei meinte betalinga var ugyldig.

Utleigar avslutta e-posten med: «Dette må jeg ha ila kvelden, slik at du ikke blir kastet ut i morgen.»

Jon Erik Kvåle Øien

PÅ GATA: Etter at Jon Erik Kvåle Øien hadde betalt første runde med dobbel husleige, blei han kasta ut.

Foto: VILDE MIDTBØ ULSTEN / NRK

Under 24 timar etter at han hadde betalt 14.000 kroner i leige, oppdagar han at firmaet har skifta lås og stengt han ute av leilegheita.

Eg er på gata.

Etter den munnlege avtalen, fall det første varselet om utkasting bort. Å kaste Jon Erik ut på denne måten er ei ulovleg form for utkasting.

– Dei hadde ikkje lov til å kaste han ut på så kort varsel som dei gjorde, seier advokatfullmektig Øystein Gisvold Rennesund i Leieboerforeningen til NRK.

For at PT Eiendom rettmessig skulle fått løyve til å kaste Jon Erik ut 10. mars, måtte dei ha sendt inn eit nytt varsel om utkasting med 14 dagar frist.

– Vi kan ikkje hugse å ha inngått avtale per telefon om at husleiga kunne utsetjast til 10.03.16, skriv PT Eiendom i ein sms til NRK.

Meiner firmaet burde vite betre

Det viser seg også at det første varselet heller ikkje var gyldig.

Advokatfullmektig Øystein G. Rennesund

REAGERER KRAFTIG: Advokatfullmektig i Leieboerforeningen, Øystein Gisvold Rennesund, reagerer på måten utleigefirmaet har behandla Jon Erik Kvåle Øien på.

Foto: Kirsten Randers-Pehrson / Leieboerforeningen

For at nokon skal bli kasta ut av ein bustad ein leiger, skal prosessen alltid gå gjennom namsmannen.

I varselet skal det komme klart fram at utleigar kjem til å ta saka inn for namsmannen dersom leigetakar ikkje flyttar ut.

– Det er svært sjeldan at firma gjer det på denne måten. Dei burde vite betre, seier Rennesund.

– Enkelt forklart, så oppfyller ikkje varselet dei formelle krava i tvangsåtgjerdlova § 4-18, og gir heller ikkje uttrykk for at prosessen vil gå gjennom dei riktige kanalane.

Olay Kyrres gate

HER BUDDE HAN: Jon Erik Kvåle Øien budde i dette leilegheitsbygget i Bergen sentrum før han blei ulovleg kasta ut etter nokre månader.

Foto: VILDE MIDTBØ ULSTEN / NRK

Ifølgje Rennesund gir utleigar uttrykk for å ha full råderett over eigedommen og leigetakar sine eigedelar, noko som er i strid med gjeldande rett.

PT Eiendom på si side fortel til NRK at tre ubetalte husleiger er rekna å vere vesentleg betalingsmisleghald.

– Øien betalte to av tre husleiger i etterkant av at vi skifta låsen og vi sette tinga hans på lager.

Firmaet skriv i ein seinare kommentar til NRK at dei oppdaterte rutinane sine frå og med 2017, og at namsmyndigheitene no blir inkludert ved opphøyr av leigeforhold.

Søkte rettsleg hjelp

Dermed stod Jon Erik utan noko stad å bu.

Han hadde verken klede, mobil, pengar eller verdipapir. Alt stod innelåst i ei bu.

Sjølv om han var klar over at han hadde dels skuld i at han blei kasta ut, meinte han at det var fleire faktorar ved utkastinga som ikkje stemte.

Han søkte rådgjeving hos både politiet og namsmannen, som anbefalte han å kontakte Jussformidlingen. Det er ein av fleire studentforeiningar som gir fri rettshjelp til privatpersonar.

Jon Erik Kvåle Øien

FEKK TIL SLUTT HENTE TINGA SINE: Etter at Jon Erik skulle få hjelp frå tinghuset, fekk han beskjed om at han kunne hente tinga sine. Då orka han ikkje å ta fleire rettslege skritt.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

– Jussformidlingen sende meg til tinghuset, og der fekk eg endeleg kontakt med nokon som kunne hjelpe meg, men i mellomtida fekk eg beskjed frå utleigefirmaet om at eg kunne hente tinga mine.

Det hadde då gått over ein månad, og Jon Erik fekk hente tinga sine. Då orka han ikkje å ta vidare rettslege skritt.

Han ville berre bli ferdig med saka.

– Eg var så sliten etter ein månad «på loffen», og var heilt øydelagt.

– Passet mitt stinkar av fisk og død

21. april 2016 fekk Jon Erik hente ut eigedelane sine.

Der fann han fem kilo torsk og rogn som hadde lege i frysaren i same pose som klede, verdipapir og pass.

– Eg måtte kaste alt av klede. Passet mitt stinkar av fisk og død framleis.

Både arbeidskontraktar og forsikringsdokument luktar framleis sterkt av fisk, trass i over to år med lufting.

Slik var tinga til Jon Erik samla saman

ROTTEN TORSK SAMAN MED KLEDE: I den raude posen ligg torsk saman med klede og handklede. Denne blå posen låg oppi ein større pose som inneheldt fleire klede, samt verdipapira hans.

Foto: Jon Erik Kvåle Øien / PRIVAT

Det skulle også vise seg at TV-en og lydanlegget hadde blitt brukt av andre i mellomtida.

Skjermdump mail frå PT

SVARET FRÅ FIRMAET: Dette skriv PT Eiendom tilbake att til Jon Erik når han klagar på at sakene hans er øydelagt.

Foto: SKJERMDUMP

Jon Erik høyrde aldri meir frå firmaet etter dette.

Når ein blir kasta ut av bustaden ein leiger, så har utleigar omsorgsplikt over tinga til tidlegare leigetakar. Det står i husleigelova § 10–4.

– Dette er direkte ulovleg. Utleigar har ei omsorgsplikt, men her høyrest det ut som om dei tvert om har øydelagt tinga. Dei har i teorien plikt til å erstatte dette tapet, seier Øystein Gisvold Rennesund i Leieboerforeningen.

– Vi tar gjerne eit møte

– Er det ein ting eg har lært etter dette, så er det å få avtalar nedskrivne skriftleg, seier Jon Erik.

Sjølv om Jon Erik rota det til ved å ikkje betale som han skulle, er han sjokkert over behandlinga han fekk då han forsøkte å rydde opp etter seg. Og i tida etterpå.

PT Eiendom skriv til NRK at dei ikkje har teke imot krav om erstatning for skade på tinga hans, men at dei gjerne vil møte kravet om det skulle vere eit ønskje frå Jon Erik.

– Vi tar gjerne eit møte med Øien om han ønskjer det, seier utleigefirmaet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger