Hopp til innhold

Finnmark føler seg oversett i Nasjonal transportplan

Innfartsåra til Hammerfest har vore stengd av uvær og snøskred fire gonger i januar. No håper befolkningen og politikarar at staten skal bla opp for en tunnel på veistrekninga.

Riksvei 94 mellom Hammerfest og Kvalsund åpnet for trafikk på tirsdag 23. januar. Veistrekningen har vært stengt siden mandag 22. januar på grunn av snøskred.

Det er spesielt på denne strekninga politikarar og innbyggjarar ønskjer seg ein tunnel. Over Leirvikhøgda er det rasfarleg og går årleg skred der.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

– Det er ei veldig farleg vegstrekning, og det som er problemet er manglande løyving av overslagsbudsjettet til veg og prosjekt i Finnmark generelt, seier hovudutvalgsleiar for samferdsel, Odd Erling Mikalsen.

Han trekker fram at både E45 i Alta og riksveg 94 i Hammerfest har blitt mykje omtalte og ventar på ferdigstilling og finansiering.

Spesielt riksveg 94 er utsatt for snøskred. For sju år sidan vart Veronica og familien teken av snøskred på vegen til Hammerfest.

Han håpar at begge kjem med i Nasjonal transportplan (NTP) første periode.

Odd Erling Mikalsen Alta Frp

Odd Erling Mikalsen (Frp), hovudutvalgsleiar for samferdsel, seier riksveg 94 mot Hammerfest er ein viktig strekning.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

– Eg håpar verkeleg at dei begge får finansiering i år. Begge prosjekta er livsviktige for folk i området.

Gløymt

– Ein har gløymt at Nord-Noreg består av Nordland, Troms og Finnmark. For hovudfokuset her er prosjektet mellom Bodø og Tromsø, og det er særleg beklageleg at Finnmark nesten ikkje er omtalt og ramma i konseptvalutgreiinga (KVU), seier Mikalsen.

Han meiner det er beklageleg at Finnmark ikkje er tilgodesett med eit einaste stort prosjekt.

– Eg trur det er berre ei bekrefting på at Finnmark blir verken høyrt eller sett.

Mikalsen seier at ein må vere heilt klar på at ein må kjempe hardt for deira interesser i Finnmark.

– Riksveg 94 mot Hammerfest er ei særs viktig vegstrekning. Ein fraktar ut olje, gass og fisk for enorme verdiar, og ein fraktar pasientar inn frå område i Finnmark som ikkje har akuttilbod. Da er ein heilt avhengig av at folk kjem seg til sjukehuset.

Les også Krever veg i Finnmark før Nord-Norgebanen

Linda Randal

Etterlyser handling

Fylkesordførar Hans Jacob-Bønå (H) seier dei har vel sett i lang tid at Nord-Noreg og spesielt Finnmark blir nedprioritert også i langtidsplanen for NTP.

– Eg skjønner veldig godt at ein etterlyser handling. Det er ein skummel veg og han kan sette samfunnet ut av spelet i lengre periodar.

Hans Jacob Bønå, Finnmark fylkesordfører.

Hans Jacob Bønå, Finnmark fylkesordførar, seier at riksveg 94 er ein skummel veg.

Foto: Sidsel Vik / NRK

– I verste fall så går det liv eller det vert skadar, noko vi absolutt ikkje ønsker. Eg skjønner veldig godt at folk blir utolmodige og synest at ein har venta lenge nok.

Han meiner dei som kan gjere noko med det er regjeringa.

Bønå seier at Finnmarks del av NTP er på 0,4 prosent, og Troms sin del er på 0,8 prosent.

– Det seier seg sjølv at her er vi ikkje stemoderleg behandla ein gong. Vi får rett og slett ingenting av den planen som ligg per tid. Eg kjenner absolutt at ein ikkje satsar noko som helst i Troms og Finnmark, heller ikkje Nordland.

Les også Hammerfest innesperret av snøskred: Veien åpnes tidligst onsdag

Snøskred

Behov for utbetringar

Jan Fredrik Lund, seniorrådgivar i Statens vegvesen, fortel at KVU er ein statleg prosjektmodell der ein skal vurdere store statlege prosjekt og alternative konsept for å løyse store oppgåver som eksempelvis store transportoppgåver.

– KVU skal vere eit grunnlag som regjeringa kan bruke for å velje kva retning ein skal gå vidare og kva for nokre alternative konsept ein vel å gå vidare med.

Jan Fredrik Lund i Statens vegvesen

Jan Fredrik Lund, seniorrådgivar i Statens vegvesen, seier at dei ser på fleire vegar i Finnmark.

Foto: Dag Aasdalen / NRK

Han seier at dei har vore konkrete på riksvegane.

– Ikkje heilt nøyaktig kva som skal gjerast, men kva strekningar som er aktuelle og om økonomiske rammer.

Lund fortel at på E45 både på Kløfta, men også heile E45 til riksgrensa i Finland, er det behov for utbetringar.

– Vi har sagt det same om riksvegen 94 frå Skaidi til Hammerfest. Det same gjeld på E6 frå Alta til Kirkenes der ein treng eit utbetringsbehov. Vi har og nemnt riksveg 92 mellom Kautokeino og Karasjok.

Les også Uvær langs kysten av Vest-Finnmark – snøskred sperrer veien til Hammerfest

Snøskred Hammerfest

For få prosjekt

Statssekretær i samferdselsdepartementet, Tom Kalsås, seier at NTP blir revidert kvart fjerde år. Dette er ein prosess dei er i gang med etter dei har sagt at dei er behov for å framskunde revideringa allereie til neste år.

Tom Kalsås

Statssekretær i samferdselsdepartementet, Tom Kalsås, seier det er viktig for dei med ei god satsing i nordområda.

Foto: Stortinget

Planen er å legge fram eit forslag til ny nasjonal transportplan før påske i år. Det har komme innspel frå dei ulike fagetatane, Statens vegvesen inkludert.

– Vi har fått tilbakemeldingar på at det er for få prosjekt som er prioriterte, blant anna i Troms og Finnmark.

Innspela det har fått er ingen fasit på korleis sluttresultatet vil bli.

For oss er det viktig å få til ei god satsing på nordområda, både i Troms og Finnmark. Det er ikkje tvil om at i forhold til andre store prosjekt, så er det ikkje foreslått veldig mange prosjekt i Finnmark.

Han nemner at dei har to flyplassprosjekt i Nordland, eit prosjekt mellom Nordland og Troms og eit prosjekt i Sørfold. Han seier også at arbeidet på Kvænangsfjellet snart er ferdig.

– Har de nokon planar om kva prosjekt som blir prioritert først?

– Det er for tidleg å konkludere og seie kva prioriteringane våre er. Dette er under arbeid, men vi veit at både E45 Kløfta og riksveg 94 i retning Hammerfest er to viktige strekningar som vi kjem til å vurdere i arbeidet vårt med ny NTP.

Les også Brannsjefen i Hammerfest etter snøskred: – Avhengig av gode samaritanar

Arne Myrseth

Les også Møte om samferdsel i nord: – Det er rett og slett oppbrukte veier vi har

Drone Kløfta utenfor Alta