Hopp til innhold

Brannsjefen i Hammerfest etter snøskred: – Avhengig av gode samaritanar

Brannsjef Arne Myrseth i Hammerfest ønsker betre samhandling mellom kommunen og vegstyresmaktene. Han meiner forbetringspotensialet er stort.

Arne Myrseth

Brannsjef Arne Myrseth i Hammerfest vil ha betre samarbeid mellom kommunen og vegstyresmaktene.

Foto: Allan Klo

Dei siste to vekene har det gått fleire skred som har sperra innfartsåra til Hammerfest. Brannsjef Arne Myrseth er uroa over beredskapen.

Han er ikkje nøgd med måten vegstyresmaktene og kommunen samarbeider på.

Eg stiller jo spørsmål om vegstyresmaktene er oppmerksame på sitt ansvar, seier Myrseth.

Han viser til at omtrent ti bilar blei ståande fast i 17–18 timar sist måndag.

– Når sjåførane er avhengige av at gode samaritanar langs vegen forsyner dei med mat, drivstoff, varme og seng – så tenker eg at det er eit stort forbetringspotensial, held Myrseth fram.

Les også Fanget av raset – ble hentet av redningshelikopter

Pasienter og ambulansepersonell blir evakuert av redningshelikopter på den rasrammede riksvei 94 sør for Hammerfest.

Vil ha evaluering og dialog

– Kvifor er den så dårleg, trur du?

– Det veit eg ikkje, men eg kjem til å ta eit initiativ internt i kommunen for å evaluere og invitere til dialog med vegstyresmaktene, seier han.

For dette må bli betre.

– Kva synest du kunne blitt gjort betre?

– Det førebyggande arbeidet er det viktigaste, oppsummer Myrseth.

Ordførar Terje Rogde har fremma liknande kritikk mot Statens vegvesen.

Les også Hammerfest innesperret av snøskred: Veien åpnes tidligst onsdag

Snøskred

Takkar ja til dialog

Fagrupppeleiar Håvard Langmo ved Vegtrafikksentralen i nord kjenner seg ikkje igjen i kritikken. Han seier det var politiet som varsla Vegtrafikksentralen om denne hendinga.

– Normal prosedyre vil da vere at politiet også varslar andre naudetatar.

Langmo seier at også Vegtrafikksentralen ønsker dialog med Hammerfest kommune.

Les også Sørpeskred kan bli mer vanlig i framtiden: – Skjer når folk ikke vet at de er i fare

Tosentunnelen ble stengt etter at det gikk et sørpeskred onsdag.

Les også Vinterøvelse i rasutsatt område: – Trenger utbedring

E45 ved Kløfta

Flere nyheter fra Troms og Finnmark