Hopp til innhold

Bertil var blant dei første til skredulukka i Lyngen: – Ville gått same ruta sjølv

Bertil Grødahl følgde skispora til dei som omkom i skredet i Lyngen. Den erfarne skiguiden seier det like godt kunne vore han som blei tatt av snømassane.

Bertil Grødahl

Bertil Grødahl gjekk like etter dei to som vart tatt av skredet i Lyngen, og var med på å grave ut dei omkomne.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

I helga omkom to unge menn i eit stort skred i Sofiatinden i Lyngen. Skikøyraren som var ein av dei fyrste som kom til skredulukka seier det kunne skjedd kven som helst.

– Eg har køyrd forbi området fleire gongar i vinter og sett veldig mange merkelege val av folk som har gått opp der. Medan dei gjekk på ein sikker og grei måte, og såg sjølvsagt ikkje for seg at det skulle kome eit så gigantisk skred, seier Bertil Grødahl.

Han er ein erfaren skikøyrar og guide ifrå område. Laurdag var han og ein kamerat på veg opp til nabofjellet då skredet gjekk, og følgde same rute og skispora til dei som vart tatt i skredet.

Robin Lie Sørensen (26) og Martin Tollefsen (28) omkom i ulukka.

Snøskred Sofiatinden

Skredet frå Sofiatinden er skildra som stort.

Foto: Frode Hansen/Røde Kors/Regobs

– Det er skarpe fjell så det er ein viss grad for fare når ein går i slike område.

Sofiatinden er skildra som eit krevjande fjell. Store delar av turen ligg i skredterreng. Det vil seie at terrenget er 30 grader eller brattare.

Grødahl er likevel overraska over kor stort skredet var.

– Skredet kan vere utløyst av seg sjølv, av soloppvarming i fjellsida. Det kunne like godt ha vore meg som vart tatt av skredet, seier Grødahl.

Bertil Grødahl

Bertil Grødahl var blant dei første som kom til skredulukka i Lyngen.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Var med å grave ut dei omkomne

Begge dei omkomne hadde skredsøkarar. Leitemannskapet fekk derfor raskt lokalisert kor dei to var i skredet.

– Då var det non stop. Det var ein hard jobb. Det var verkeleg ... du berre står på.

Likevel tok det 45 minutt før den første vart graven ut.

– Du forstår at det er eit liv du skal berge, eller du kan vere med på å berge eit liv. Det er uante krefter du slepper ut. Så lenge det er håp så står du på.

Dessverre var det ikkje noko håp. Begge låg ca. 1,5 meter ned i skredet. Etter 15 minutt søkk sjansen for å overleve drastisk.

I etterkant av skredet har det vore fleire stygge kommentarar i sosiale medium. Grødahl ber folk vere forsiktige med å kome med spekulasjonar. Den erfarne skikøyraren seier han ville valt same ruta som dei omkomne.

– Eg kan ikkje sjå at dei gjorde noko anna enn eg har gjort alle åra. Eg står her, og dei gjer ikkje det, seier Grødahl.

Kva som utløyste skredet er framleis ikkje kjent.

Det er svært krevjande forhold i Nord-Noreg for tida. Fleire stader i Troms er det faren for snøskred sett til faregrad tre, som betyr stor fare for snøskred.

– Det har gått fleire skred, og det er drønnelydar i snødekket som er tydelege teikn på at det ustabilt. Vi oppfordrar folk til å halde seg unna skredterreng til det er meir stabile forhold, seier snøskredvarslar Emma Barfod.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark