Hopp til innhold

Bekmørkt for reiselivet på Svalbard: Har berre hatt fire gjester sidan september

Reiselivsbedriftene i Longyearbyen klamra seg til håpet om ein tilnærma normal vintersesong. Så kom dei nye reiserestriksjonane.

Reiseliv

Better Moments har pussa opp eigne lokale ved Isdammen utanfor Longyearbyen. Gjestane har latt vente på seg.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Utanfor bedriftslokala til Better Moments skin fullmånen. Dei parkerte snøskuterane badar i blått lys. Det er perfekte forhold for å ta med gjester på tur, men ingen kjem.

– Det er ikkje enkelt, det går på stumpane laus, seier Eivind Aksnes.

Fire gjester

Eivind Aksnes er dagleg leiar i turoperatørselskapet Better Moments.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Han er dagleg leiar i turoperatørselskapet som han var med å starte hausten 2013.

I 2018 var dei gasellebedrift. No har dei hatt totalt fire gjestar sidan september.

– Om det ikkje kjem gjestar i vinter og me ikkje får støtte frå styresmaktene, er konkurs absolutt eit tema, seier Aksnes.

Også Svalbardposten har skrevet om dette.

Støtteordningane treff ikkje

Kompensasjonsordninga som kom i haust dekte berre mellom 30 til 50 prosent av dei faste utgiftene til bedriftene. Resten måtte dei betale sjølve.

– Me treng reine pengar. No er likviditeten vår så låg den kan vera. Me treng andre typar ordningar, seier Aksnes.

I haust kom det også ei eiga støtteordning reiselivsselskap på Svalbard kunne søke på. Den hjelper lite, meiner Aksnes, ettersom den går til omstilling.

– Det er paradoksalt at me blir sette i ein situasjon der me må selja snøskuterar eller anna materiell til turar me veit gjestene vil ha, og så søke om støtte til noko nytt me ikkje veit om vil treffe, seier han.

Ronny Brunvoll

Ronny Brunvoll er dagleg leiar i Visit Svalbard.

Foto: Rune N. Andreassen / NRK

– Mykje fortviling

Etter at dei nye, strengare reiseråda kom denne veka som følge av utbrottet av mutert koronavirus, gjennomførte Visit Svalbard ei undersøking blant medlemsbedriftene sine.

– Det er mykje fortviling som ligg i den undersøkinga, seier dagleg leiar Ronny Brunvoll i destinasjonsselskapet.

Mørketida vart mørk, kanskje mørkare enn nokon gong før, men at det skulle gå heilt i svart akkurat no som lyset er på veg tilbake, hadde ikkje bedriftene forventa. Dei hadde håpt det skulle koma ein tilnærma normal sol-vintersesong. Om denne ryk, slik fjorårets høgsesong gjorde, fryktar Brunvoll fleire konkursar.

– Då byrjar det å velte, seier han.

Det har vore tøffe tak, og det er tøffe tak i vente for næringa som står for om lag ein tredel av arbeidsplassane i Longyearbyen, fortel destinasjonssjefen. Førebels gjer dei fleste selskapa alt dei kan for å halde seg flytande.

– Dei sel unna og dei prøver verkeleg å få det til å henge i hop, seier Brunvoll.

Rib

Better Moments fekk støtte frå Innovasjon Norge til å kjøpe inn overbygde RIB-båtar og starte med turar ut av Isfjorden i 2015. No har dei tre båtar. Berre to av desse var i drift i sommar, og ein i skuldersesongen.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Ynskjer å vera klar

Better Moments har førebels ikkje måtta selja noko av utstyret sitt. Snøskuterane og kajakkane står utanfor driftsbygget, og båtane i småbåthamna.

– Om me gjer det, reduserer me kapasiteten til den dagen gjestene kjem tilbake. Me har eit bra produkt og ynskjer fortsette å tilby det, seier Eivind Aksnes.

– Har det vore aktuelt å stenge heilt ned til turismen kjem i gang att?

– Hadde me visst i mars i fjor korleis det kom til å bli, eller vore negative og berre stengt ned, hadde det kanskje lønt seg. Men me er heile tida optimistiske, og tenker at det skal kome bestillingar som får oss gjennom den neste månaden. I tillegg kjenner eg på ansvar for dei tilsette. Stenger ein ned, hjelper det kanskje litt, men banken skal framleis ha sitt og Longyearbyen lokalstyre sender rekningar på straum og vegavgift, seier han.