Hopp til innhold

Redd Barna: Få fritidstilbod for born med nedsett funksjonevne

Undersøking frå Redd Barna viser at det er få kommunar som har fritidsaktivitetar for born som treng ekstra oppfølging.

Monica Sydgård

Monica Sydgård i Redd Barna syns funna i undersøkinga er alvorleg og at det er særleg ein gruppe born som stadig hamnar utanfor.

Foto: Redd Barna

Redd Barna har undersøkt kva kommunar i Noreg gjer for å inkludere born på fritidsarenaer. Der kom det fram at mange har ein lang veg å gå når det gjeld tilrettelegging av fritidsaktivitetar.

Monica Sydgård er leiar for Redd Barnas Norgesprogram og syns det er alvorleg at det er store forskjellar på kommunane.

– Ein kan trekkje eit vinnar- og eit tapar-lodd ut ifrå kva side av kommunegrensa du bur på, med tanke på korleis det er tilrettelagt. Det er mange kommunar som jobbar med det, men det er ein lang veg igjen, seier Sydgård.

Det som blir anbefalt i rapporten er å lage ein handlingsplan for ei inkluderande fritid i kommunar.

– Eg trur at alle vil få det til, men det krev ein konsentrert innsats, for det er ikkje tilfeldig kven som hamnar utanfor. Det er gjerne born med lav inntekt, minoritetsbakgrunn og born med nedsett funksjonsevne. Det er veldig alvorleg, seier Sydgård.

– Indre tortur

Cathrine Moestue er klinisk psykolog og held foredrag om kva konsekvensane for born kan vere dersom dei føler seg einsame.

– Det er ein indre tortur og særleg for born er det forferdeleg å vere einsam. Over ein lengre periode så kan det gjere at ein utviklar ei lav sjølvkjensle som igjen betyr at ein får ein kritisk indre dialog, seier Moestue.

Det blir ein sterk kontrast til dei som har ei god sjølvkjensle og føle seg sett, ifølgje Moestue. God sjølvkjensle gjer at ein veks og utviklar seg.

– Som born kan ein ikkje legge ansvar over på dei personane ein er avhengig av for å overleve, så da tar ein gjerne det på seg sjølve.

Cathrine Moestue

Psykolog Cathrine Moestue meiner at når ein følar seg utanfor kjennar ein på ein skam som kan vere lammande.

Foto: Einar Aslaksen

– Leik er viktig for born med tanke på kjensleregulering. Forsking vis at når born leikar så meistrar dei ei vond oppleving. For eksempel at foreldra har skilt seg eller at ein har opplevd vanskeleg ting.

I leiken får born brukt fantasien, rollespel og problemløysing i samhandling med andre born, fortel psykologen.

– Dei lærer å dele, setje grense, forhandling og fleire viktige livsferdigheiter. Så her kan sjølvkjensla bli utvikla. I tillegg er det viktig for sosial inkludering, seier Moestue.

Usannsynleg ambisiøst

Helge Eide er direktør for interessepolitikk i Kommunenes Sentralforbund (KS) og meiner at undersøkinga visar at alle kommunane er opptatte av å legge til rette for eit fritidstilbod for alle.

– Likevel er det fleire felt som kommunar har ansvar for kor det er mykje å strekke seg til før ein kan seie at ein er fornøgd, seier Eide.

Han meiner likevel det med transport til og frå fritidsaktiviteten er usannsynleg ambisiøst å tru.

– Det vil rett slett ikkje vere økonomisk mogleg at det offentlege transporttilbodet skal dekke det behovet. Da mister ein rett og slett bakkekontakten om ein trur det, seier Eide.

Helge Eide

Helge Eide i KS meiner at kommunane er på god veg med tilrettelegging av fritidstilbod, men at det kan bli betre.

Foto: Fotograf Johnny Syversen

NRK har gjort endringer i artikkelen 5. september 2023. Vi har fjernet intervju med en berørt familie etter ønske fra de medvirkende.