Hopp til innhold

Johannes (12) får møte Ban Ki-moon: – Det blir kult å fortelle han om det vi har opplevd og sett

Neste veke skal Ban Ki-moon og Børge Brende møtast på Svalbard for å diskutere klimasaka. Men det er ikkje berre toppolitikarane dei skal treffe – dei har også sett av tid til Johannes (12) og Erika (13)!

Oppdrag Nansen

Programleiar for «Oppdrag Nansen» Aleksander Gamme (bak), saman med Erika Gjelsvik, Johanne Jerijærvi, Elias Damli og Johannes Breivik etter innkomst på Svalbard. No får Erika og Johannes møte FN-sjefen.

Foto: Geir Evensen / NRK

Dei unge polfararane frå NRK-serien «Oppdrag Nansen» har no fått gladmelding om at dei har fått tildelt nokre minutt saman med Ban Ki-moon og Børge Brende for å fortelje om ekspedisjonen deira i vinter. Dei blei da dei yngste polfararane som har nådd Nordpolen.

– Dei fortel sjølv om at dei er dei yngste norske ungane som har gått til Nordpolen, og dei er oppriktig uroa over at dei kan vere dei siste som kunne gå på ski til Nordpolen. Isen har blitt mykje tynnare dei siste åra, og det har dei no sett med eigne auge, fortel redaksjonssjef i NRK Troms, Beate Hårstad Jensen.

– Kva gjer de?

Dei fire barna har gjort målingar for Norsk Polarinstitutt og eit universitet i Paris, og gjennom forskingsarbeidet dei har gjort på Nordpolen har gjort dei nervøse for framtida.

Dette kjem dei til å fortelje Ban Ki-moon og Børge Brende.

Ban Ki-moon går i land i Ny-Ålesund

FN sin generalsekretær Ban Ki-moon frå sitt Svalbard-besøk i 2009.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Dei treng forsikringar frå politikarane om at dei faktisk gjer noko, og dei vil også ha svar på kva det er dei gjer med det. Barna vil vere med i diskusjonen, og vil også at politikarane skal snakke om klima på ein måte som gjer at dei forstår kva som skjer, seier Hårstad Jensen.

Korfor er det viktig at barn får vere med i diskusjonen på denne måten?

– Det eine er at det er dei som skal arve jorda og ta over etter kvart. Og viss du blir høyrt, så er du viktig. Det er viktig for oss i NRK Super at ungane opplever at dei blir høyrt, slik at dei har moglegheit til å engasjere seg i det vi meiner er den viktigaste diskusjonen i vår tid. Kanskje dei da også klarer å engasjere fleire barn?

Ingen garanti

Planen er at dei fire barna skal presentere sine funn på FN sitt klimatoppmøte i Paris i desember, men vegen dit har vist seg å vere komplisert.

Mellom anna er det 18 års aldersgrense på møtet, og mange formalitetar skal på plass før barna kan få taletid på møtet. Møtet med Ban Ki-moon og Børge Brende er likevel eit stort skritt på vegen, meiner Hårstad Jensen.

– Det er som å vinne i Lotto – men det er ingen garanti, seier redaksjonssjefen.

Ønsker å hjelpe andre unge til å forstå

Johannes

Johannes smilte frå øyre til øyre etter nyheten.

Foto: Sigve Kvellestad / NRK

Johannes Breivik er ein av to frå «Oppdrag Nansen» som får møte generalsekretæren. Han trur det blir stort å få møte ein så viktig mann, men innrømmer at han aldri hadde høyrt om han før.

– Ban Ki-moon er heilt ny for meg. Eg har aldri høyrt om han før, seier han og legg til:

– Men eg veit jo at FN er veldig stort, og at han er generalsekretær gjer jo at han er ein stor mann.

Johannes og Erika har begge eit stort ønske om å få bli med på FN sitt klimatoppmøte i desember, og Johannes trur dei har mykje å bidra med der.

– Eg trur at om vi overbeviser han, så trur eg vi har ein betre sjanse til å bli med på møtet. Då kan vi på ein enklare måte fortelje til andre unge om klimaspørsmålet.

Meiner du at det er for vanskeleg forklart no?

– Ja, det blir for avansert og vanskeleg. Dersom vi får komme på møtet håper eg at dei kan forklare det til oss, og så kan vi forklare det på ein enklare måte til resten, forklarer Johannes.

  • «Oppdrag Nansen» har møtt storheiter før:
    Oppdrag Nansen: Møte med Kronprinsen

Flere nyheter fra Troms og Finnmark