Hopp til innhold

Bygda har dårleg mobildekning og ingen fastnett: – Mor vågar ikkje bu her lenger

Det er fleire bygder som slit med dårleg mobildekning når Telenor legg ned fastnettet. Ei 86 år gamal kvinne flytta på grunn av utryggleik.

Mobildekning Balsfjord

Leif Arne Stensland er oppgitt over den dårlege mobildekning i bygda Strupen i Balsfjord kommune.

Foto: Arild Moe / NRK

– Det var heilt tilfeldig at eg og bror min var på besøk hos mamma den dagen ho blei akutt sjuk. Vi prøvde å ringe etter hjelp fleire stader i huset, men det var ingen dekning.

Leif Arne Stensland bor i Strupen i Balsfjord kommune i Troms kor fasttelefonen blei fjerna i 2017 og mobildekninga er veldig ustabil. For å få dekning måtte Stensland gå opp ein bakke for å kunne ringe til legen.

– Da ho kom på sjukehuset sa dei at det var i grevens tid. Hadde det tatt lenger tid så hadde det vore for seint, seier Stensland

Balsfjord

I Balsfjord kommune finn man vesle bygda Strupen som i dag har dårleg mobildekning.

Foto: Arild Moe / NRK

For to år sidan la Telenor ned det gamle kobbarnettet for å modernisere nettet. Myndigheitene veit ikkje kor mange bygder i Noreg som er utan mobildekning, men ifølgje artiklar kan det vitnas om fleire.

For bygda Strupen med tyve innbyggjarar byr det på problem.

– I bygda er det variert frå dag til dag kor du finn dekning. For to år sida blei fasttelefonen lagt ned og mobildekninga etter det har vore ekstremt dårleg, seier Stensland.

Då mora blei utskrevet frå sjukehuset ville ho ikkje tilbake heim.

– Ho turte ikkje å bu her lenger. Så da ho fekk plass på ein omsorgsbustad flytta ho med ein gong, seier Stensland.

Populært friluftsområde – null dekning

I Strupen ligg det eit populært utfartsområde, Juksavannet. Ifølgje Stensland har Strupen utviklingslag saman med Balsfjord kommune og Ishavskysten friluftsråd brukt mange dugnadstimar på å rydda stiar, ordna gapahuk og flytebrygge ved området.

– Det er ein populær plass og mange som besøker det. Problemet er at det ikkje er noko mobildekning der, seier Stensland.

Han syns det er ubehageleg å tenkje på konsekvensane av manglande dekning.

– Vi hadde kano til utleige og det var veldig populært, men vi turte ikkje å ha dei liggjande der lenger. Dersom noko skulle skje, ville vi ikkje ha på oss det ansvaret, seier Stensland.

Legg ansvaret på Telenor

Gunda Johansen er ordførar i Balsfjord kommune, og er klar over utfordringane med omsyn til mobildekninga som er i kommunen.

– Vi veit at deler av bygda manglar mobilnett og særleg i det populære området som Juksavatnet. Til hausten skal vi ha et møte med Telenor, seier ordføraren.

Gunda Johansen

Ordførar i Balsfjord kommune Gunda Johansen meiner det er Telenor som har ansvaret for at det skal vere mobildekning i bygda.

Foto: Arild Moe / NRK

På møtet vil de peike på område og utfordringar til mobildekning som er i kommunen. Sjølv om Balsfjord kommune har eit ansvar, meiner Johansen samtidig at det ikkje er kommunen sitt ansvar for å sørge for mobildekning.

– Det ansvaret vil eg gje Telenor. Samtidig ser eg at ein har eit samfunnsansvar for tryggleik og beredskap frå både innbyggjarar og dei som elles måtte bevege seg deira, seier Johansen.

Det har per dags dato ikkje blitt sett av pengar til å forbetre mobildekninga i kommunen.

Dekningsdirektør

Bjørn Amundsen er dekningsdirektør i Telenor oppfordrar folk som bur i kommunar med dårleg dekning om å ta kontakt.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det er fordi vi ikkje veit kva utfordringar vi har i forhold til dekninga oppe ved Juksavatnet. Vi er nøydd til å komme i ein dialog og sjå kva utfordringa økonomisk sett er i forhold til å vareta det problemet vi har.

Telenor seier dei har ein tett dialog med kommuner med dårleg mobildekning.

– Vi har funnet løysing for fleire av kommunane som har slitt med dårleg dekning. For 99,8 prosent går det bra, så må vi hjelpe resten, seier Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor

Leveringsplikt der det bur folk

Avdelingsdirektør ved Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit Hans Jørgen Enger fortel at Telenor har ansvaret for å levere ein telefonteneste der kor folk bur eller der det er næringsverksam.

Seksjonssjef i Nkom Hans Jørgen Enger

Hans Jørgen Enger fortel at Telenor har ansvaret for å levere telefonteneste der folk bur.

Foto: Arild Færaas

– Dersom det bur 20 menneske der så har dei i utgangspunktet leveringsplikt til dei 20 menneska, seier Engen.

Han fortel at ein i dag har god oversikt over korleis det står til med demningen, men at landskapet i Noreg med mykje fjell og dalar gjer at det kan vere skuggeområde.

– I tillegg er vi eit folkeslag som er mykje ute på tur og er opptatte av å kunne bruke telefonen der vi er, seier Enger.

Telenor: – Kontakt oss!

Bjørn Amundsen er dekningsdirektør i Telenor og bekreftar at Telenor har ein leveringsplikt på telefon. Det betyr at dei må distribuere ein eller anna for form for telefon-løysing.

Han kjenner ikkje til den konkrete saka i Balsfjord, men oppfordrar folk til å ta kontakt dersom dei bor i ein kommune kor fasttelefonen er fjerna og mobildekninga er ustabil.

– Eg anbefaler at ho i Balsfjord tek kontakt med oss eller til ordføraren, slik at vi kan finne ei løysing slik at ho kan fortsetja å bu heime, seier dekningsdirektøren.

Men han understrekar at dei skal modernisere, vi vil gi kundane eit betre tilbod enn det dei har i dag.

– Grunnen til det er fordi kundane ikkje vil ha det gamle kobbernettet. Det er altfor dårleg i forhold til kapasiteten til kundane. Og dårlegare hastigheit enn det kundane forventar i 2019.