Hopp til innhold

– Eg tenker på Utøya kvar dag

Terroren på Utøya har sett varige spor, seier 18 år gamle Ylva Schwenke frå Tromsø. Ho overlevde terroren i 2011.

 Ylva Helene Schwenke

Ylva Helene Schwenke var 14 år gammal då ho deltok på AUF sin sommarleir 22. juli. Ho blei skoten fleire gongar. Dette bildet er frå rettssaka mot Anders Behring Breivik.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

– Eg tenker på Utøya i ein eller annan form kvar dag. Ikkje nødvendigvis på heile handlingsgangen, men eg tenker kvar dag på noko som har med Utøya å gjere.

Det fortel 18 år gamle Ylva Helene Schwenke, som var berre 14 år da ho var ein av ungdommane som opplevde terroren på AUF sin sommarleir på Utøya i 2011. Foreldra hennar trudde lenge at ho vart drepen på Utøya.

Tenker framleis på angrep

Snart har det gått fire år sidan terrorangrepet på Utøya der 69 menneske blei drepne og 66 skadd.

I går deltok ho på eit fagseminar om vår neste generasjon ved UiT, Noregs arktiske universitet. Fagfolk frå heile landet lét seg imponere over den sterke jenta.

Men minna om terroren på Utøya ber ho med seg kvar dag. Ho blei skutt i mage, skulder og lår, noko som har gitt ho arr for livet.

Opplevinga i seg sjølv har sett sine spor.

– I dag så kjenner eg alltid viss eg er i eit rom, på ein skule, eller på ein offentleg stad, eller berre heime, så tenker eg over kor eg finn utgangar. Viss det skulle ha skjedd eit terrorangrep, kor ville dei ha kome ifrå? Kva hadde dei gjort – ville det vore enklast å skyte eller bombe? Framleis tenker eg på slikt, og eg vil nok mest sannsynlegvis alltid tenke sånn, fortel Ylva.

Har klart seg godt

Psykolog Magne Raundalen er ein av Noregs mest kjente fagpersonar som jobbar med barn i krise, og var også med på fagseminaret i Tromsø.

Han var imponert over den unge jenta – for det er ikkje sjølvsagt at det skal gå så bra etter ei krise.

– Ho fortalde at ho gav opp livet der ho låg og nesten blødde i hel, før ho bestemte seg der og da for at ho ville leve og begynte å leggje handa på såret og pusta roleg for å overleve. Det er nok ein plattform ho står på psykisk no. Dette er ein heilstøypt person dei ikkje har klart å rive i stykkar, seier Raundalen.

Sjølv meiner Ylva at ho har klart seg godt etter terroren.

– Eg har snakka med ein psykolog om dette, og han seier det er minimal sjanse for at eg skal få tilbakefall. Da må det skje noko nytt og traumatisk, og da vil det bli ein ny reaksjon. Eg kjenner på meg sjølv i dag at eg har utvikla gode metodar for å takle ting, seier ho.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark