Hopp til innhold

Dette er den nye konfirmasjonsfavoritten

SKIEN (NRK): Konfirmasjonen markerer overgang frå barn til vaksen. Men er det talene frå mor og far, onkler, tanter og besteforeldre som er det viktigaste? Neppe. Mange unge vil ha kontroll på feiringa, og blant anna bestemme menyen.

Sushi, den nye favoritten på konfirmasjonsbordet

Mange vil ha sushi til konfirmasjonen.

Caroline Hoang, dagleg leiar og eigar Fuji Sushi i Skien

Caroline Hoang er dagleg leiar og eigar av Fuji Sushi i Skien.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Veldig mange konfirmantar let mamma vera sjefen for menyen på konfirmasjonsdagen. Andre har klare oppfatningar om kva dei vil ha servert. Snittar og koldtbord med varme og kalde rettar har tidlegare vært ein gjengangar.

Tapas har vore ein favoritt, men no ser det ut som sushi er i ferd med å ta over konfirmasjonsborda.

Formidabel auke på eit år

Caroline Hoang er dagleg leiar og eigar på Fuji Sushi i Skien sentrum. Ho seier at dei har hendene fulle kvar einaste helg no i mai. Frå i fjor til i år har etterspurnaden auka med 60 prosent, og ein liknande trend ser dei også på landsbasis.

– Ungdommane vel sushi framfor kjøttkaker, dei vel å eta meir fisk, seier Hoang.

Peder Nesse og Sturla Helstedt

Peder Nesse og Sturla Helstedt skal ha sushi og snittar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Framleis fleirtal for det tradisjonelle

På Menstad ungdomsskule i Skien er meiningane delte om kva som er festmat,

Sturla Helstedt og Peder Nesse er ueinige.

– Me skal ha snittar, seier Sturla Helstedt.

– Hjå oss blir det koldtbord med delikatesser og fingermat, blant anna sushi, seier Peder Nesse.

Men er ikkje sushi litt feil?

Nei, det er ikkje feil, det er veldig riktig faktisk. Sushi passar perfekt til mange folk, hevdar Nesse.

Ida Vågan og Johannes Sætre skal ikkje ha sushi. Dei tenkjer at det hadde vore litt rart. Båe vegår at det er mamma som er sjef for menyen på den store dagen, så dei stolar på at ho gjer eit godt val.

Ida Vågan og Johannes Sætre

Ida Vågan og Johannes Sætre skal ikkje ha sushi.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Nærast vitskap å lage god sushi

Sushikokk i arbeid

Sushikokk Dai The Vo har sju års utdanning i Japan. Han kan kunsten å filetere laks.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Sushikokkane på FujiSushi har sju års utdanning frå Japan for å lære kunsten å lage god sushi. Kokken er svært nøye på at laksen skal vera fersk og ny. Han studerer fiskane nøye før han tek tak i kniven og startar fileteringa.

Dei feitaste delane og rendene blir skore vekk, og fiskefiletane blir sortert etter kva dei skal brukast til.

Caroline Hoang fortel at ho har leigd inn ekstrakokkar for å klare alle leveringane i konfirmasjonssesongen, men likevel har ho måtta sagt nei til nokre få. Sushien må nemleg vera fersk.