Hopp til innhold

Skilt på turstiar får fleire ut på tur

Turgåing er den mest populære friluftsaktiviteten blant nordmenn. Ei ny undersøking viser at merka turvegar får enda fleire opp frå sofaen og ut i skogen.

Skilta tursti

VISER VEG: Slike skilt får fleire ut på tur, viser ein rapport frå NINA.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Nye folk tek stiane i bruk, folk som har mindre erfaring med å bruke nærområdet. Da har ein nådd fram til dei ein ynskjer å nå fram til.

Odd Inge Vistad

HEILE LANDET: Odd Inge Vistad i NINA trur at resultata frå Brumunddal og Vestby gjeld heile landet.

Foto: Anne Olga Syverhuset / NINA

Seniorforskar Odd Inge Vistad ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) har undersøkt om skilting og merking av stiar gjer at fleire kjem seg ut på tur. Funna er truleg dei fyrste som dokumenterer at slike tiltak har positiv effekt.

– Vi plukka ut to kommunar, Brumunddal og Vestby, der vi undersøkte om skilting hadde ein umiddelbar effekt. Og det hadde det, turstiane vart brukt meir etter at dei vart skilta.

Merka tursti

EIT TRYGT MERKE: Mange kjenner seg tryggare, og tek nærområda meir i bruk når stiar blir merka og skilta.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Ser effekt også på umerka stiar

Arne Hjeltnes er leiar i Bø turlag i Telemark. Han trekker fram arbeidet ved Folkestadåsane som eit eksempel på at tilrettelegging verkar.

Arne William Hjeltnes

DRAR FOLK UT: Leiar i Bø Turlag, Arne Hjeltnes, fortel at dei legg ned mange dugnadstimar kvart år for å legge til rette turstiar.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Vi har sett opp informasjonstavler, laga parkeringsplassar og merka godt. Både vi og Gulltrimmen har hatt fleire postar i området. Så at det drar folk ut, det ser vi.

Turlaget har også registrert ein stor vekst i turaktiviteten i ein del av området der løyper og stiar ikkje er merka.

– Dette trur eg skuldast systematisk jobbing med informasjonsarbeid i mange år, seier Hjeltnes.

Turgåing appellerer til alle. Turvegar i nærmiljøet er den mest brukte tilrettelegginga for fysisk aktivitet generelt.

Odd Inge Vistad

Spent på om resultata held seg

Annette Bischoff er instituttleiar ved institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving ved Høgskolen i Sørøst-Noreg. Ho har skrive doktorgrad om turstiar, og er ikkje overraska over dei positive resultata frå NINA.

Annette Bischoff

VIKTIG MED NÆRLEIK: Folk må kunne gå tur der dei bur, om ein må køyre til turmålet er det færre som orkar å dra ut, seier Annette Bischoff ved Høgskolen i Sørøst-Norge.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Ho understrekar at det berre viser ein kortvarig effekt, og ikkje seier noko om aktiviteten held seg oppe over tid.

– Kva type helse det er snakk om når ein seier at turgåing er bra for folkehelsa? Målet bør ikkje berre vera den fysiske trimmen, men også å skapa ein relasjon til naturen som gjev auka livskvalitet.

Bischof meiner ein må tenkje på kva ein vil oppnå. Lagar ein stien brei og grusar han, er det for folk som vil trimme. Lagar ein smale, svingete stiar, så vil folk gå langsommare og vera meir til stades i omgjevnadane.

Skilta tursti, Eikja

VISER VEG: Vaksne kjenner seg tryggare med ungane på tur når vegen er skilta.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Føler seg tryggare

Nedsnødd tavel

GÅR PÅ TUR OGSÅ OM VINTEREN: Trass i mykje snø, går folk på fottur også om vinteren.

Foto: Arne Hjeltnes

Det er knytt ein del usikkerheit til det å ferdast i skogen, ifølgje NINA. Vistad trur det har samanheng med at folk ikkje er så vane med å vera ute i skogen lenger.

– Ungar leiker mindre i nærskogen sin. Vaksne seier at det kjennest tryggare å ha med seg ungane ut når dei får hjelp med både retningar og avstandar.

– Men det er vel nokre som er negative til skilting òg?

– Det blir sagt at det er unorsk å ha behov for merka stiar. Eg meiner den gruppa finn andre, umerka område.