Hopp til innhold

Dette kan vere løysinga på den oppheta skisporkrangelen

STRYN (NRK): Over heile landet går debatten om turgåarar i skiløypene. Eit eige felt for dei utan ski på beina, er blitt løysinga i skiløypene i Stryn.

Arvid Hatledal

GÅ TIL HØGRE: Arvid Hatledal testar ut det heilt nye, spesiallaga feltet i skiløypa, for dei utan ski på beina.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det er gnistrande sol, tre minusgrader og eit klassisk blått skiføre. Men også ein nydeleg dag for ein fottur ved Stryn vinterski.

– Eg kan ikkje sitje og sjå på at folk vert jaga ut av løypene, seier løypekøyrar Arvid Hatledal medan trakkemaskina durar i bakgrunnen.

Etter debattar om kven som eigentleg kan bruke skiløypene, tok Hatledal i helga ein ekstra runde med trakkemaskina. Noko nytt er å finne i skiløypa.

– Eg har utvida løypa, no er det mogleg å gå på høgresida av sporet. Det er plass nok til folk å gå, utan at dei treng å gå i skøytretraseen, eller trakke i sporet.

Ikkje alle er fødde med ski på beina

Debatten om kven som kan nytte skiløypene har gått over heile landet. På Sunnmøre reagerte turfolk med sinne då eit skilt varsla at dei var uønskte i løypene. I Alta fekk løypekøyraren kjeft på grunn av reglane i skiløypa.

På parkeringsplassen ved Stryn vinterski har skia til Ole Kirkeeide fått eit lag blå smurning. Han er ikkje så glad i gåspor i skiløypa.

– Eg synest det er litt egoistisk, at dei går og trakkar der, i alle fall når løypa er nykøyrd. Dei kan gjerne gå der, men då vente til løypa er litt fastare.

Kirkeeide fortel om fastfrosne klumpar som gjer ploging nedover ei vanskeleg øving.

– Dei fleste veit korleis det går. Då vert det ein tur ut i snøen, enten på rumpa eller fjeset, seier Kirkeeide.

– Du er ikkje redd for å skremme vekk dei som vil gå på beina, når dei veit at skiløparar ikkje vil ha dei der?

– Jo, eg er veldig redd for å skremme dei, men viss dei vise litt omsyn, og kanskje kan gå bak kvarandre, slik vi som går klassisk gjer, så går det bra.

I Stryn har dei funne løysinga på krangelen som har vore rundt gåande i skispora. Dei har laga eitt eige felt berre for gåande.

SLIK GJER DEI DET: Sjå korleis dei har løyst problemet i Stryn.

Turgåar i skiløya

GOD TUR: Mange brukar skiløypene i Stryn, for ein fin gåtur i sola. No har turgåarane fått eige felt.

Foto: Silje Guddal / NRK

Trefelts løyper

At løypene no har fått eit nytt, eige felt for dei utan ski på beina, vert applaudert.

– Det er heilt topp. No er det ingen som bør klage, seier Kirkeeide.

Arvid Hatledal i Turløyper Stryn fortel at han har fått telefonar frå turgåarar som lurer på om dei ikkje kan bruka løypa.

– Eg meiner det er plass til alle. Å nekte folk å gå ut i løypa, det er ikkje tema for oss.

– Med fleire som brukar løypa, så blir der vel meir i betaling til deg òg då?

– Ja, eg håpar det, for det kostar ein del å utvide løypa på denne måten, vi må køyre meir, seier Hatledal.

Arvid Hatledal (t.v.) og Ola Kirkeeide

NYE TIDER: Løypekøyrar Arvid Hatledal fortel skigåar Ola Kirkeeide at snart kjem det skilt som forklarar kvar folk skal gå.

Foto: Silje Guddal / NRK