Rasande politikarar forlet sykehusmøte i protest

Innsparingsplanane til sjukehuset i Telemark vil rasere sjukehustilbodet på Rjukan, meiner toppleiinga i Tinn.

Rune Lødøen, Steinar Bergsland og Bjørn Sverre Birkeland

Rådmann i Tinn Rune Lødøen, ordførar Steinar Bergsland og leiar av levekårsutvalet Bjørn Sverre Birkeland er sinna og frustrerte i dag.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Siste ord er ikkje sagt, me kjem til å kontakte både minister og sjukehusstyre og fortsetje kampen. Me skal behalde akuttfunksjonane, det er heilt klart, seier ordførar Steinar. Han er så opprørt at han seier han har vanskar med å finne ord.

Han og andre representantar frå distriktssjukehusa rundt om i fylket blei i dag orienterte om innsparingsplanane til sjukehuset i Telemark.

I dei planane er det forslag som kan føre til at Tinn og Rjukan mister rundt 60 arbeidsplassar som i dag er knytt til sjukehuset.

Fleire nyheiter om sjukehusomlegginga:

Rjukan sykehus

Rjukan sjukehus blir ofra. Endar som ei utvida sjukestoge viss forslaget går gjennom.

Foto: Rune Guneriussen

Rjukan blir ofra

I ettermiddag legg administrerande direktør ved Sykehuset Telemark fram sluttrapporten i prosjektet Utviklingsplan 2014–2016.

Sjukehusdirektør Bess Frøyshov vil ikkje kommentere innhaldet før etter allmøta som skal vera rundt om i Telemark om eit par timar. Ho vil heller ikkje kommentere uttalene frå Tinn om at dette har vore ein skinnprosess.

– Det her var mildt sagt nedslåande. Det fjernar alt av akuttfunksjonar og sengepostar på sjukehuset på Rjukan, det blir berre att poliklinisk tilbod på dagtid, seier rådmann Rune Lødøen.

Les også:

Blei pålagt munnkorg

Alle kommunedelegasjonane, både frå Skien, Kragerø, Notodden, Seljord og Tinn var bedne om å vente med å sei noko til etter at dei tilsette er orienterte klokka 15.30 i dag.

Det ville ikkje Tinndelegasjonen bøyge seg for. Dei var mildt sagt opprørte over det dei karakteriserer som mangel på reell prosess.

NRK oppdaterer saka.