Hopp til innhold

Mild vinter pressar klatrarar høgare opp i fjellet

Varmegrader og lite snø i låglandet pressar isklatrarar høgare og opp i eit meir krevjande terreng. Måndag døydde ein mann etter at han falt 30 meter under klatring på Gaustatoppen.

Opp fossen

ELDORADO: Rjukan er ein populær destinasjon for mange fjellklatrarar.

Foto: Eirik Lindebjerg / NRK

Espen Skjellhaug

Espen Skjellhaug er seksjonsleiar i Tinn ambulanse, og deltok på redningsaksjonen då ein britisk mann hadde ein klatreulykke måndag.

Foto: Petter Melsom / NRK

– Det som trekk fjellklatrarane hit til Rjukan er jo alle fossane me har i området. Me har hatt ein mild vinter, noko som gjer at det berre har vore fossane som ligg høgt oppe på Gaustatoppen som har vore frosne.

Det seier seksjonsleiar i Tinn ambulanse Espen Skjellhaug.

Måndag kveld fall ein mann frå Storbritannia 30 meter ned da han sklei utfor ein slik foss på Gaustatoppen. Han og ein ven var på veg nedover fjellet etter ein dag med klatring. Mannen omkom som følge av skadane han fekk.

Isfosser på Gaustatoppen

Det er berre fossane høgast oppe på Gaustatoppen som har fryst i år.

Foto: Petter Melsom / NRK

Vanskelege forhold

Isfoss på Gaustatoppen

Utfor denne fossen falt ein britisk mann måndag.

Foto: Politiet

Fossen den britiske mannen sklei utfor ligg på omkring 1200 meters høgde. Skjellhaug seier terrenget gjør det vanskeleg for redningsmannskapene å kome fram. Måndag var det også kraftig vind i området, noko som også gjorde det vrient å kome inn frå lufta.

– Det eine Sea-King helikopteret me hadde kalla ut streva i vinden og måtte til slutt snu. Og utfordringa der oppe er at me ikkje kjem heilt fram med snøskuter eller ATV. Under denne redningsaksjonen vart siste etappe gjennomført til fots for mannskapa på bakken, seier han.

Det var likevel gjennom lufta dei fekk folk til ulykkesstaden fyrst. Ved hjelp av eit ambulansehelikopter frå Ål fekk dei flydd inn ein lege til mannen som hadde ramla utfor fossen.

– Legen fekk undersøkt pasienten, men det synte seg diverre fort at det var lite ein kunne gjere, seier Skjellhaug.

Eit trekkplaster for klatrarar

Jakob Fink

Jakob Fink er høgskulelektor i friluftsliv.

Foto: Petter Melsom / NRK

Med nærmare 200 fossar har Rjukan blitt verdsberømt for isklatrarar verda over. Det bekreftar høgskulelektor i friluftsliv ved Høgskolen i Sørøst-Norge Jakob Fink. Han har sjølv fart mykje rundt i området.

– Det er jo spennande og klatre i fossar. Dessutan fryser aldri fossane heilt likt kvart år, og same fossen kan difor ha forskjellige fasongar kvar sesong, legg han til.

– Men dersom uhellet først er ute er det vanskeleg å komme seg inn til staden for redningsmannskapet. Det tar tid og det krev mykje ressursar, seier Espen Skjellhaug.

Laster Twitter-innhold