– Det var to klatrarar, og den eine falt ned ein skrent og blei meldt alvorleg skadd, seier operasjonsleiar Jørn Gustav Larsen i Sørøst politidistrikt.
Mannen i 20-åra er av britisk opphav og han døydde på staden. Politiet har venta med å bekrefte at mannen var død, fordi dei fyrst måtte få varsla dei pårørande om ulykka ved Gaustatoppen.
– Det blei sett i verk livreddande tiltak, men han omkom av skadane han pådrog seg, seier Larsen.
Vanskeleg å kome fram
– Me har fått melding om at han har falt 30 meter og har brekt begge beina, sa operasjonsleiar Geir Kastmo til NRK kort tid etter at meldinga kom måndag kveld.
Han bekrefta da at naudetatane streva med å kome fram til ulykkesstaden på grunn av vanskeleg terreng. Ambulansehelikopteret med lege om bord var fyrst på staden.
NRK sin fotograf på staden beskreiv forholda slik:
– Det er jo ikkje snø, så da vert det vanskeleg å ta seg fram med skuter, dessutan er det mykje is på bakken, så det tek også enda lengre tid å bevege seg til fots, sa fotograf Lars Gunleiksrud.
Brannvesenet var dei fyrste som melde om klatreulykka. Meldinga frå dei kom omkring klokka 17.50.
Det skal ha vore eit utfordrande terreng oppe på toppen.
– Den omkomne klatraren blei frakta ut i går kveld, medan den andre klatraren blei tatt hand om, seier operasjonsleiar Jørn Gustav Larsen.
Politiet sender i dag ut ei patrulje til staden klatreulykka skjedde.
Klatrekameraten vil også bli avhøyrt i dag, men politiet ser på hendinga som ei ulykke.
Alle naudetatane, samt Raude Kors vart sendt ut til ulykkesstaden.
Foto: Lars Gunleiksrud