Politikarane føreslo å doble talet på hytter – no har bygda fått nok

VINJE (NRK): Noregs fjerde største hyttekommune vil la veksten halde fram. Men mange innbyggjarar meiner tolegrensa er nær.

Bjørn Borgersen, sauebonde i Vinje

Bjørn Borgersen i Rauland seier turistar som ikkje har hunden i band er årsaka til at stadig fleire av sauene hans blir skadde og drepne på beite.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Bjørn Borgersen har vore sauebonde i Rauland sidan 1991. Garden hans ligg idyllisk til ved innsjøen Totak. Her har han 120–160 vinterfôra sauer.

– Det finst ikkje rovdyr her, seier Borgersen.

I staden er det er noko anna han meiner trugar tilværet hans som sauebonde i fjellbygda.

To tusen nye hytter på 20 år

Det er snart ein halv million hytter og bustader som blir bruka som fritidsbustad her i landet.

Berre i Vinje er det dei siste 20 åra er det bygd over 2000 nye hytter, ifylgje SSB. Svært mange av desse ligg i dei populære turistområda i Rauland.

I vår la politikarane fram forslag til nye planar for eitt av desse områda, fordi den gamle er i ferd med å gå ut på dato.

Den nye planen legg opp til 2000 fleire hytter der dei neste 25 åra. Det er meir enn dobbelt så mange som i dag.

Protestane strøymde inn til kommunen.

Holtardalen i Rauland

Hyttefelt i Holtardalen i Rauland. Det er over 1800 hytter i området Holtardalen, Rauland skisenter og Vierli. Forslag til ny kommuneplan kan auke det med 2000 nye hytter.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Går utover livskvaliteten til dei fastbuande

Blant dei som protesterte var Borgersen og fleire bondeorganisasjonar.

Fram til den store turistutbygginga starta på 2000-talet opplevde sauebøndene nesten ikkje tap av dyr på beite.

Etter kvart som hyttebygginga har auka, har Borgersen mista stadig fleire dyr på grunn av stor ferdsel i området og turistar som let hundane sine gå lause på tur.

Men folk protesterte også av fleire grunnar.

Til saman fekk kommunen 75 brev med innspel til planen. På eit folkemøte i Rauland var motførestillingane også sterke.

– Me synest talet på hytter blir så stort at det går utover livskvaliteten til fastbuande, hyttefolk og andre som vitjar bygda vår, står det i eit av dei mange høyringsbreva kommunen har fått.

Det poenget går att. Og kva skjer eigentleg når eit femsifra tal med tilreisande tek over ei lita bygd som Rauland i høgsesongane?

Meiner hyttebygging er ein stor trugsel mot naturen

Mange raulendingar etterlyser meir kunnskap om verknadene den aukande turismen har på lokalsamfunnet deira. Ein ting er sjølve hytteområda og presset på sentrum og vegane når folketalet aukar kraftig i dei ulike sesongane.

Noko anna er slitasjen på områda rundt, der ferdselen aukar for kvart år fordi stadig fleire skal ut på tur.

I mai kom FNs naturpanel med ein rapport som slår fast at tapet av natur er ein like stor trugsel som klimaendringane.

I Noreg er omfattande hyttebygging ein av dei største trugslane, meiner fleire politikarar og fagfolk.

– Me trur at ein no må ta ein pause, ta innover seg konsekvensane (...) over Rauland som bygd og dens kvalitetar, står det i eitt av breva til Vinje kommune.

Hytter i Holtardalen i Rauland

Også Fylkesmannen og fylkeskommunen har bede om grundigare utgreiingar i planen som skal opne for endå meir hyttebygging i Rauland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Vil vurdere omfanget på nytt

Den politiske leiinga i Vinje har utsett saka til det nye kommunestyret er i gang.

I det kommunestyret har sauebonden Borgersen no fått plass for Senterpartiet.

På same partibenk sit Tone Edland, leiar i plan- og miljøutvalet gjennom mange år. Ho trur det vil vere krevjande å kartlegge konsekvensane på den måten mange no spør etter.

– Det ville vore veldig nyttig, men vanskeleg. Truleg blir det mykje synsing.

No er det ho, Borgersen og resten av det nye kommunestyret som skal avgjere kor mange nye hytter ein til slutt skal opne for. Edland kan førebels ikkje svare på kva ho meiner er eit passande tal på nye hytter.

– Men det er naturleg å tenkje litt på omfanget, ja.

Tone Edland

Tone Edland seier det har vore politisk semje om å satse på hyttebygging i mange år. Dei vil heller fortette enn å opne for nye område.

Foto: Anne Lognvik / NRK