Hopp til innhold

Vedprodusentane jobbar på spreng

SKIEN (NRK): Dei som vil sikre seg ved til vinteren, bør bestille i god tid. Bonde og vedprodusent Petter Borgestad gjer seg klar for stor etterspørsel i haust.

Petter Borgestad
Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

I vinter var det mange som gjekk tomme for ved, og det var nesten kamp om å få kjøpt dei siste vedsekkane. Produsent Petter Borgestad trur også neste sesong blir lukrativ for dei som driv i vedbransjen.

– Vi var tomme ein av dei fyrste dagane på nyåret, og vi kunne sikkert selt dobbelt så mykje. Nå produserer vi meir til neste vinter.

400 storsekkar med ved ligg til tørk ute på Borgestad gård i Skien og godgjer seg til hausten. Mars, april, mai, og juni er ei god tørketid for veden. Og vedbonden vil helst ikkje ha veden liggjande for lenge, han begynner å køyre ut til kundane i oktober og november.

– Det er ikkje så godt å køyre inn tronge oppkøyrslar når det begynner å bli ein del snø, seier Borgestad.

Ved

LIGG TIL TØRK: Petter Borgestad produserer mellom femti og hundre storsekkar meir i år enn i fjor.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Løner seg å bestille i god tid

Øyvind Stranna Larsen, fagsjef i Norsk Ved, fortel at dei fleste produsentar ventar stor etterspørsel utover hausten. Han reknar med at vedlagera hjå kundane nå er tomme, og at mange nå vil fylle opp vedlagera utover sommaren og hausten.

– Eg ville bestilt så tidleg så mogleg, og henta den medan det framleis er varmegrader og ikkje glatt på vegane.

– Det er ikkje berre noko du seier for at produsentane skal selja meir ved?

– Absolutt ikkje. Vi er opptekne av at samhandlinga mellom kunde og produsent skal føregå best mogleg. Og da er det ein fordel å bestille tidleg og får den levert medan det er bart.

Øyvind Stranna Larsen

NORSK VED: Øyvind Stranna Larsen er fagsjef i Norsk Ved, som er eit interesseforum for vedprodusentar.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Handlar når kulda kjem

Etter fleire milde vintrar på rad, har folk kanskje ikkje vore så nøye med å fylle vedbodane sine, meiner Øyvind Stranna Larsen.

– Det er nok mange som ventar og ser litt. Blir det ein mild vinter, kjøper dei ikkje inn så mykje. Og blir det ein kald vinter, så handlar folk når kulda kjem.

Men Petter Borgestad trur at den lange vinteren vi har hatt nå, har gjeve folk ei påminning.

– Eg trur nok ein del kjem til å hugse denne vinteren her, for den har vore veldig lang, og folk har fyra mykje.

– Blir du litt glad når det er ekstra kalde vintrar?

– Iallfall når eg har ved. Men det er ikkje så moro når ein får masse telefonar og ikkje kan levere noko.

Petter Borgestad

VEDEN GÅR IKKJE UT PÅ DATO: Petter Borgestad seier det er lurt å kjøpe det ein treng om hausten. – Dersom ein ikkje får brukt all veden om vinteren, har den akkurat like bra kvalitet året etter.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK