SOCCER-EUROPE/SCOTLAND Rangers' Lee Wallace celebrates his side's third goal against Motherwell during their Scottish Premier League soccer match in Glasgow

SKREIV NY KONTRAKT: Då alle reiste frå klubben etter degraderinga, valde Lee Wallace å skrive ny femårskontrakt i september 2012.

Foto: RUSSELL CHEYNE / Reuters

Den einaste som vart igjen

Spelarane flykta då Glasgow Rangers gjekk konkurs og vart degradert til nivå fire i 2012. Igjen på den søkkande skuta sto ein mann, Lee Wallace, som no er kaptein for eit lag i medvind.

Falkirk Stadium, 18. mars, 2016: Dei tilreisande supporterane syng av full hals på bortetribuna. Dei har fått sett laget sitt, Rangers Football Club, gå til pause med 2–0 leiing mot opprykksrival Falkirk. Dei veit at med siger så treng dei berre å vinne ein av dei sju neste kampane for å sikre opprykk. Men etter ein svak andreomgang taper dei kampen 3–2. Det er klubbens første tap sidan dei tapte 2–1 mot nettopp Falkirk, 19. desember.

Etter kampen står mannen som vart igjen då alle forsvann i 2012, Lee Wallace, og forklarar tapet til media. Han har no blitt 28 år gammal, han er framleis venstreback og før denne sesongen vart han utnemnd som kaptein.

– Vi sat i pausen og snakka om korleis vi skulle score det tredje og det fjerde målet. Kanskje vart vi for sjølvsikre, seier kapteinen til Dailyrecord.

Klubben hadde gått 15 kampar på rad utan tap, og ligg på toppen av skotsk førstedivisjon, med elleve poengs margin ned til Falkirk. Rangers har sju kampar att, og ein hengekamp til gode på laget som spelar heimekampane sine på Falkirk Stadium.

Om laget frå Glasgow tar åtte poeng på dei siste sju kampane, vil klubben endeleg vera tilbake i den øvste divisjonen i Skottland – berre fire år etter at ein konkurs sende dei ned på nivå fire.

Men kva var det eigentleg som skjedde med den skotske storklubben, som har vunne fleste seriemeisterskap av alle lag i verda med sine 54? Og kven er denne Lee Wallace?

Konkursen

Våren 2012: Først må vi om lag fire år tilbake i tid. At Rangers hadde trøbbel med økonomien var inga nyheit, men gjelda viste seg å vere heile 1,3 milliardar kroner. Klubben vart slått konkurs, og inn kom nye eigarar som prøvde å få berga lisensen for spel i den skotske eliteserien. Det vart nedstemt av dei andre klubbane i ligaen.

Med det måtte verdas mestvinnande klubb ta turen ned i tredjedivisjon før 2012/13 sesongen.

– Det er forferdeleg synd, spesielt for supporterane. Dei tar nok dette tungt, sa tidlegare Rangers spelar, Ståle Stensaas, til NRK då nedrykket var eit faktum.

SOCCER-EUROPE/SCOTLAND Rangers' fans display a banner during their Scottish Premier League soccer match against Kilmarnock in Glasgow, Scotland

VISTE STØTTE: Før degraderinga var eit faktumt viste Rangers-fansen si støtte under heimekampane.

Foto: RUSSELL CHEYNE / Reuters

For merittane til klubben frå Glasgow er det ingenting å seie på. 54 ligameisterskap, 33 skotske cuptitlar, og 27 skotske ligacuptitlar i heimlandet, pluss cupvinnarcupen i 1972. Ingen lag har vunne fleire ligatitlar, og på byrjinga av 90-talet vann dei ni seriemeisterskap på rad.

Etter nedrykket og overtaking frå nye eigarar vart alle spelarane tilbydd ny kontrakt. Stjerner som Steven Naismith, Steven Whittaker, Rhys McCabe og Sone Aluko valde å ikkje bli med ned i tredjedivisjon. Totalt 40 spelarar forlét klubben den sommaren.

Men Lee Wallace vart igjen. Venstrebacken som har fem landskampar for Skottland vart kjøpt for 15 millionar kroner eitt år før konkursen.

Saman med spissen Barrie McKay (som var 17 år i 2012) er han den einaste som er att frå laget som vart nummer to i serien i 2011/12 sesongen. Men den store skilnaden mellom dei to, McKay var eit ungt talent frå eige akademi. Wallace hadde allereie spelt fleire landskampar for Skottland.

– Fansen har vist oss ein enorm støtte gjennom den tøffe tida, og eg føler at eg må betale det tilbake ut kontraktstida mi, sa Wallace då alle dei andre valde å forlata klubben.

Tøff start i tredjedivisjon

11. august, 2012: Rangers og Wallace er klar for sin første kamp på nivå fire, og turen går til Peterhead. Stadion har plass til 3150 tilskodarar, men heile 4485 har tatt turen for å sjå Rangers spele sin første kamp i tredjedivisjon. Rangers skulle «cruise» seg tilbake til eliteserien og ta 108 sigrar på rad. Med andre ord, dei skulle vinne alle kampane i tredje-, andre- og førstedivisjon. Men denne planen gjekk i vasken allereie i debutkampen i tredjedivisjon. Ei scoring på overtid berga poeng mot vesle Peterhead, og Rangers unngjekk så vidt tap. Det enda 2–2.

Ei veke seinare var det klart for Rangers første heimekamp for sesongen, mot East Stirlingshire. Då det vart klart at klubben vart degradert tok tusenvis av fans plass utanfor klubbens heimebane, Ibrox stadium, som rommar nesten 51 000 tilskodarar.

«We'll support you ever more» og «our club will never die» skreiv supporterane på banner dei heldt opp utanfor stadion. På godt norsk betyr det «Vi skal støtte dykk endå meir» og «klubben vår vil aldri døy».

FBL-SCO-PR-RANGERS-KILMARNOCK

KLART BODSKAP: Beskjeden frå dei trufaste supporterane var klar. Nedrykk til nivå fire til trass, fansen skulle vera med på reisa.

Foto: Ian MacNicol / Afp

Og fansen gjorde som dei lova. I sin første heimekamp på nivå fire var Ibrox stadium nesten fullsett, og dei 50 000 frammøtte fekk sjå laget sitt slå East Stirlingshire 5–1.

At så mange har følgt dei heile vegen tilbake overraskar ikkje tidlegare Rangers-spelar, Tore André Flo.

Rangers-supportere

GAV IKKJE OPP: Supporterane vist si støtte utanfor stadion, då degraderinga var eit faktum.

Foto: Ian MacNicol / Afp

– Det er ein utruleg lojal supportergjeng, dei kjem frå land og strand og fyller opp stadion. Eg vart nesten ikkje overraska over at dei drog opp mot 50.000, trass i at dei spelte i tredjedivisjon. Kvar gong eg spelte var det fulle tribunar og det betyr at dei har supporterar som støttar laget. Det er ikkje berre resultatet som gjer at dei kjem att neste gong, dei har klubben langt inn i sjela, seier han.

Og det er ikkje berre Rangers supporterane som er lojale ovanfor klubben. For du hugsar Lee Wallace, som sa han skulle takke supporterane med å bli ut kontraktstida si?

I september same sesong, medan laget framleis var i tredjedivisjon, valde Wallace å sette namnetrekket på ein ny femårskontrakt.

Med Wallace på venstrebacken vart det tre tap i 2012/13 sesongen, men opprykket vart sikra med god margin. 2013/14-sesongen gjekk dei ubesigra gjennom andredivisjon,. Men etter to strake opprykk var det stopp førre sesong, då dei hamna tredjeplass i førstedivisjon og tapte 6–1 over to kampar i opprykksfinalen mot Motherwell.

Då var det ein særs skuffa Lee Wallace som snakka med EveningTimes.

– Om vi ikkje rykker opp vil det følast som ein bortkasta sesong, men og som at tre år har gått i vasken, sa han nokre veker før det var klart at det ikkje vart opprykk.

Rusta opp for opprykk

Juni 2015: Etter at klubben ikkje klarte opprykket i 2014/15 sesongen tok Mark Warburton over som ny manager. Han vart lova midlar til å styrka stallen, for ein tredje sesong på nest øvste nivå var aldri eit alternativ for den gamle storklubben.

– Ja, absolutt, viss ikkje hadde vi ikkje tatt på oss oppgåva, sa Warburton til Express då han vart presentert som ny manager.

Som sagt, så gjort. 11 nye spelarar kom til klubben sommaren 2015, og mykje skal gå gale i dei neste kampane om Rangers ikkje er å finne i skotsk eliteserie neste sesong.

Noko av det første Warburton gjorde var å gje kapteinsbandet til lagets mest lojale spelar, Lee Wallace.

– Det er utruleg stort, eg skal gå framfor med prestasjonar på bana i staden for å kjefte og smelle. Eg trur tida for kapteinar som ropar og skrik på bana og i garderoben er forbi, sa Wallace til Express, då han fekk kaptein-rolla.

SOC/ Rangers - Mark Warburton Press Conference

NY MANAGER: Mark Warburton (t.v.) og hans assistent, David Weir tok over jobben før inneverande sesong.

Foto: Russell Cheyne / Reuters

Flo trur gamleklubben kjem sterkt tilbake

Fleire nordmenn har spelt for klubben, med blant anna Henning Berg, Thomas Myhre og Egil Østenstad. Men det største namnet er Tore André Flo, som kom til klubben for 12 millionar pund i 2000. Det er framleis klubbrekord for den dyraste spelaren Rangers har kjøpt. Og det starta bra for stryningen i den blå Rangers-drakta, med scoring i debuten i 5–1 sigeren mot erkerivalen Celtic.

I dag jobbar Flo med akademispelarane i gamleklubben Chelsea, men han har ikkje gløymd tida i Skottland.

– Eg følgjer framleis med dei, og har fått med meg at dei ligg godt an til opprykk, seier Flo til NRK, då vi møtte han i London i februar.

Tore Andre Flo

DYRASTE NOKON GONG: Tore André Flo er framleis den dyraste spelaren i Rangers historie, etter at han kom til klubben for 12 millionar pund.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det vart 38 mål, to cuptrofe og to andreplassar i serien under opphaldet i Rangers. Men han innrømmer at prislappen var ei utfordring.

– Det var ein spennande klubb å gå til, men personleg skulle eg sett at prislappen var ein tredjedel. Med høg pris følgjer det veldig høge forventingar. Kanskje det hadde blitt litt lettare å spele der om prisen var lågare, seier han.

Rangers er berre ein av fleire klubbar som har blitt degradert eller rykka ned grunna dårleg økonomi. Leeds spelte semifinale i meisterligaen på byrjinga av 2000-talet, men overforbruk og stor gjeld gjorde at dei måtte selje unna dei beste spelarane sine. Det enda med nedrykk, og Leeds har enno til god å rykke opp att til Premier League. Og før denne sesongen vart bulgarske CSKA Sofia (33 ligatitlar) fråteken lisensen og flytta ned i tredjedivisjon. CSKA Sofia ser ut til å vere på veg tilbake mot toppen etter å ha vunne alle sine 21 kampar denne sesongen med 93–2 i målforskjell og dei har tatt seg til semifinalen i cupen.

Flo var aldri uroa for at Rangers skulle ende opp som Leeds, og få store problem med vegen tilbake i den øvste divisjonen.

– På grunn av storleiken på klubben, dei er mykje større enn dei fleste og det er to klubbar som er størst i Skottland – Rangers og Celtic. Sjølv om dei rykker ned nokre divisjonar, så vil dei klare å komme seg opp att. Eg trur Rangers no kan kome sterkt tilbake og skotsk fotball er mykje kjekkare når dei kjempar mot Celtic, seier han.

Old Firm tilbake

Oppgjera mellom Rangers og Celtic vert kalla Old Firm og er kjend som eit av dei tøffaste og mest prestisjetunge derbya i fotballverda. For då Rangers rykka ned forsvann ein stor del av skotsk fotball.

– Det er eit fantastisk oppgjer. Oppgjera mot Celtic er dei beste minna eg har frå tida i Skottland, atmosfæren var enorm rundt dei kampane, seier Flo.

Celtic har vunne serien kvart år sidan Rangers forsvann for fire år sidan, men om Rangers skulle klare opprykket i år, trur ikkje Flo dei to rivalane vil kjempe om ligameisterskapet allereie neste sesong.

– Dei vil nok trenge ein sesong til å tilpasse seg før dei kan kjempa om ligagull, men kampane mot Celtic kjem uansett til å bli fantastiske, seier han.

Naismith

SCORA: Steven Naismith feirar etter å ha scora mot Celtic i Old Firm i 2011 sesongen. Allereie neste sesong kan laga vera tilbake i same divisjon.

Foto: DAVID MOIR / Reuters

For sidan Rangers vart degradert har laga berre møttest ein gong. Det skjedde i ligacup-semifinalen i fjor, der Celtic vann 3–0.

Men i byrjinga av mars slo Rangers ut Dundee i kvartfinalen i den skotske FA-cupen, og før trekninga av semifinalane kunne dei møte Hibernian, Dundee United eller Celtic.

– Det hadde vore perfekt. Vi er alle klar over kor dette er eit av dei største derbya i fotballverda, sa Wallace til Scotsman før trekninga, om sjansen for å få møte Celtic igjen.

Og Wallace fekk ønsket sitt oppfylt, for Rangers fekk Celtic i semifinalen. Den kampen vert spelt på Hampden Park 17. april.

Men før den tid har Rangers tre seriekampar. Vinn dei alle tre er opprykket sikra, og dei kan sjå fram mot fleire oppgjer mot erkerivalen neste sesong.

Med den einaste som vart igjen, Lee Wallace, som kaptein for sitt kjære Rangers.