Hopp til innhold

Krise for Deila - Rangers senka Celtic i ein ellevill semifinale

Tomas Rogics bom på Celtics sjuande forsøk i straffekonkurransen mot Rangers sende Deilas menn ut. Det er dårleg nytt for manager Ronny Deila.

SOCCER-SCOTLAND-RFG-CLG/ Rangers v Celtic - William Hill Scottish Cup Semi Final

TØFFE TAK: Det gjekk hardt for seg gjennom dei 120 minutta av kampen mellom Rangers-Celtic. Her ein duell mellom Celtics Callum McGregor og Rangers ' James Tavernier.

Foto: Russell Cheyne / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Etter 120 minuttar, der Rangers var i leiinga to gonger, enda kampen med straffesparkkonkurranse. Etter at begge laga hadde bomma to gonger kvar på dei første fem forsøka, vart det først avgjort i det sjuande forsøket.

Tomas Rogic, som scora 2–2 målet for Celtic, vart den store syndebukken då han sende ballen himmelhøgt over mål.

Med det er Rangers klar for FA-cupfinale mot Hibernian. Det er første gong to lag frå førstedivisjon er i finalen.

Tapet for rivalen kan bety slutten for Ronny Deila som Celtic-manager, som no berre kan vinna seriegullet denne sesongen.

Rangers i føringa tidleg

Rangers fekk ein perfekt start, då spissveteranen Kenny Miller sende laget i føringa, etter eit innlegg frå høgre kanten. Ballen gjekk via ein Celtic-forsvarar, før Miller fekk vendt opp og sett ballen i mål.

Celtics størst sjanse før kvilen kom etter ein halvtime, då Leigh Griffiths skaut i stolpen og ut frå 20-meter. På returen hadde Patrick Roberts ope mål, med keeperen liggande i motsett hjørne, men klarte å sette skotet uavgjort. Det sto 1–0 til Rangers ved halvtid.

Celtic gjekk rett i angrep i andre omgang, og etter bere fem minutt var laga like langt, etter at Erik Sviatchenko var høgast i feltet på ein corner. Headinga gjekk over keeper og i mål til 1–1. Det vart ingen fleire scoringar i ordinær tid og kampen gjekk til ekstra omgangar.

Stjernetreff for McKay

Fem minutt ut i første omgang drog Barrie McKay av fleire Celtic-forsvararar, og hamra til frå 20 meter. Skotet var limt i krysset og Rangers-fansen jubla hemningslaust for 2–1 scoringa.

Barrie McKay er saman med kaptein Lee Wallace dei to einaste som er att frå klubben som sist spelte i den skotske toppdivisjonen i 2011/12 sesongen.

SOCCER-SCOTLAND-RFG-CLG/ Rangers v Celtic - William Hill Scottish Cup Semi Final

2-1: Her flyg skotet til Barrie McKay i krysset til 2-1, men ei utlikning frå Celtic sikra straffesparkkonkurranse.

Foto: Russell Cheyne / Reuters

Men jubelen vart kortvarig, berre eit minutt ut i andre ekstra omgang dukka Tomas Rogic opp og sette ballen ned i keepers venstre hjørne til 2–2. Laga var like langt.

Heilt på tampen fekk Leigh Griffiths stjernetreff frå 25 meter, men frisparket gjekk på undersida av tverrliggaren, ned på streken, via hovudet til keeper og ut til corner.

Kampen var den andre mellom laga sidan Rangers var degradert til fjerde nivå etter 2011/12 sesongen. Sist dei møttest var i semifinalen i ligacupen i fjor, ein kamp Celtic vann 2–0.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal