– Eg trur denne kampen er veldig viktig for han. Med tanke på det som har skjedd denne sesongen kan eit tap her bety at han ikkje får fornya kontrakten sin i sommar, seier leiar i Celtics norske supporterklubb, Harald Harsson.
Klokka 13.00 i dag går avsparket for eit av verdas mest kjende lokaloppgjer, Old Firm, Glasgow derbyet mellom Rangers og Celtic.
Sidan Rangers gjekk konkurs og vart degradert til nivå fire i 2012 har laga berre møttest ein gong. Det var i ligacupen i fjor, eit oppgjer dei grøne og kvite vann 2–0.
- Les også:
– Rangers har alt å vinna
Celtic toppar tabellen i skotsk eliteserie, medan Rangers sikra seg opprykk frå førstedivisjon for knappe to veker sidan. Det betyr at laga er tilbake i same divisjon neste sesong, for første gong 2011/12. Men først ventar ein kamp om plass i FA-cupfinalen.
– Celtic har alt å tapa og Rangers har alt å vinna. Det er ingen som forventar at dei skal slå oss, seier Harsson til NRK.
Også Rangers-manager, Mark Warburton, heldt Celtic som favorittar.
– Dei toppar eliteserien, er regjerande meister og dei har spelt i europa i fleire år som har gitt dei god økonomi. Så kvifor skulle ikkje dei vere favoritt?, seier han til den skotske avisa Evening Times.
Han seier jobben til Rangers først og fremst er å minska avstanden opp til rivalen.
– Sjølvsagt vil vi gjera det vi kan for å vinna kampen, det gjer vi alltid. Men det er ein divisjon mellom laga. Rangers har vore ute av det i fem år, vår jobb er minska avstanden opp til Celtic, seier han.
Håpar på Deila vidare
Ronny Deila har vore manager for Celtic i snart to sesongar, og begge sesongane har han mislukkast i å ta seg til meisterligaen. Derfor er heimleg serie og cup ekstra viktig.
– Han har ein rullerande kontrakt som vert fornya kvar sommar, så lenge ingen av partane vel å avslutta den. Han må nok ta «the double» i år for å få fortsetta, seier Harsson.
Mange har tatt til ordet for at nordmannen må fjernast frå stillinga som Celtic-manager denne sesongen.
– Han er ein likande kar og eg håpar verkeleg at han lukkast. Men eg er litt usikker på om han er stor nok for oppgåva, seier Harsson.
– Og korleis trur du kampen går?
– Eg trur vi vinne 2–0, men at det vert ein jamnare kamp enn i fjor.