– Resultata i seg sjølv kan ikkje gi grunnlag for utestenging. Men dei kan brukast til å komplementere og styrke andre indikasjonar, heiter det i rapporten som ein kommisjon la fram for IOC i går.
Kommisjonen var leia av den tidlegare sveitsiske presidenten Samuel Schmid, og hadde som mandat å finne ut om det omfattande russiske dopingjukset i Sotsji-OL var styrt av den russiske staten.
Det var i slutten av oktober WADA fekk tilgang til ei mengde filer frå Moskva-laboratoriet. Denne databasen inneheld det Schimd-rapporten omtalar som «enorme mengder» individuelle prøveresultat – så store at dei enno ikkje er ferdig analyserte av granskingsgruppa i WADA. Filene inneheld data frå testing frå januar 2012 til august 2015.
– Kan få konsekvensar for enkeltutøvarar
– Dette kan føre til konsekvensar for enkeltutøvarar. Dette er det dei internasjonale idrettsorganisasjonen som må følgje opp, står det i rapporten.
WADA har allereie teke kontakt med dei aktuelle forbunda for å fortelje kva informasjonen inneber.
Kommisjonen blei oppretta på bakgrunn av den omfattande McLaren-rapporten frå i fjor, der det blei slått fast at minst 1000 russiske utøvarar frå 30 idrettar var med på den systematisk dopinga frå 2011 til 2015.
Dei førebelse funna i desse filene styrka oppfatninga om at doping-jukset i Sotsji var statleg styrt, og det var ein sentral faktor i IOCs avgjerd tysdag om å stengje Russland ute av OL.
22 har anka til CAS
På bakgrunn av den andre IOC-bestilte rapporten, Oswald-rapporten, er 25 russarar utestengde frå OL i Pyeongchang i februar. Men 22 av desse har anka til den internasjonale idrettsdomstolen CAS.
CAS vil ikkje seie noko om kor lang tid dei kjem til å bruke på behandlinga av desse. Men alle 22 har bede om ei avgjerd før OL opnar 9. februar.
Kortbaneløpar vil delta under nøytralt flagg
I mellomtida må russiske idrettsutøvarar vente på invitasjon frå IOC for å delta i OL under nøytralt flagg. Den invitasjonen går til aktuelle utøvarar som ikkje har ei dopinghistorie på rullebladet.
Ein av dei har allereie sagt at han vil takke ja til ein slik invitasjon.
– Dette har eg førebudd meg på og trena for i fire år, så eg kan ikkje gje opp alt, seier kortbaneløpar Viktor An til tass.com.
32-åringen er fødd og oppvaksen i Sør-Korea, men blei russisk statsborgar i 2011. Han tok tre gull i Sotsji, men er ikkje dratt inn i dopingskandalen. An har også totalt 18 VM-gull.
– Eg er villig til å konkurrerer under nøytralt flagg, seier han.
– Kva gjer du dersom Russland vel å halde alle sine utøvarar heime?
– Eg veit ikkje. Eg vil helst ikkje tenke på det.