NRK Meny
Normal

Aktørane i Russland-skandalen: Dette bør du vite

McLaren-rapportane, IOCs disiplinærkomité, dopingpanelet i FIS. Forvirra av alt dopingstoffet? Her får du ei oppklaring på kven som gjer kva i denne saka.

WADA og Richard McLaren

REIN IDRETT: – Dette arbeidet er for å verne dei reine utøvarane mot juksemakarar, sa Richard McLaren då han fortalde om sine funn tidlegare i år

Foto: Valentin Flauraud / AP

IOC er den internasjonale olympiske komité. Dei kan stenge utøvarar og nasjonar ute frå sommar- og vinter-OL, men ikkje frå andre idrettskonkurransar.

Det betyr at trass i at 25 russiske utøvarar er utestengde frå OL i Pyeongchang i februar, har dei kunna delta i verdscup og meisterskap. Fordi det ikkje er olympisk «eigedom».

IOC har 105 medlemmer, men det er styret på 15 medlemmer som tek avgjerdene mellom IOC-kongressane. Utestengingane er det IOCs disiplinærkommisjon som avgjer.

FIS er det internasjonale skiforbundet. Dei «eig» alle internasjonale skikonkurransar på toppnivå – som verdscup og verdsmeisterskap – og tar sjølvstendig avgjerd om eventuelle utestengingar frå desse konkurransane.

Britain Russian Doping

PRØVENE: A-og B-prøver frå Sotsji-OL såg slik ut. Men dei skal ha blitt bytta ut og opna, ifølgje Rodsjenkos forklaringar

Foto: Matt Dunham / Ap

I den aktuelle saka om russiske langrennsløparar venta FIS på dei bevisa som IOC la til grunn. Derfor kunne løparane delta i verdscupopninga 24.–26. november fordi dei på det tidspunkt berre var utestengde av IOC, ikkje av FIS.

Etter at bevisa kom i form av IOCs grunngiving for utestenginga av Aleksandr Legkov 27. november, utestengde også FIS dei russiske langrennsløparane.

FIS har sitt eige uavhengig dopingpanel som vurderer dopingsakene, og som etter dei første verdscuprenna har suspendert dei seks russarane.

Situasjonen er den same for alle andre internasjonale idrettsforbund.

CAS er den internasjonale valdgiftsdomstolen – ein slags idrettens høgsterett. Hit kan alle avgjerder ankast. Dei utestengde russiske utøvarane har anka sine IOC-utestengingar, og kan også gjere det med FIS-vedtaket.

WADA (World Antidoping Agency) er det internasjonale antidopingbyrået. Det skal passe på at alle nasjonane følgjer internasjonale antidopingreglar (World Anti-Doping Code), og at dopingarbeidet og laboratoria i dei enkelte landa fungerer som dei skal.

WADA har ingen formell makt, dei kan berre anbefale. Organisasjonen er finansiert med 50 prosent av IOC og 50 prosent av styresmaktene i medlemslanda. Dei samarbeider også derfor med styremaktene.

WADA tilrådde i juli 2016 IOC å stenge ute Russland frå Rio-OL. Men IOC let dei enkelte særforbunda avgjere, og dei aller fleste let Russland delta.

NADO er fellesorganisasjonen av dei nasjonale antidopingbyråa, mellom anna Antidoping Norge, og derfor ein heilt annan organisasjon enn WADA. Dei er ansvarlege for innanlands dopingarbeid. NADO må godta WADAs antidopingkode, og medlemslanda må sjå til at den blir følgd.

33 av NADOs medlemsorganisasjonar, mellom andre alle dei skandinaviske, kravde i september i år at Russland som nasjon må utestengjast frå vinter-OL.

McLaren-rapportane er to rapportar som den kanadiske professoren Richard McLaren og hans mannskap har fått utarbeidd. Han fekk oppdraget av WADA etter avsløringar og påstandar i media om omfattande og systematisk juks med dopingprøver under OL i Sotsji og ved dopinglaboratoriet i Moskva. Meir enn 1000 utøvarar skulle vere blanda inn i systematisk dopingjuks i åra frå 2011 til 2015, ifølgje rapportane.

OLY RUSSIA DOPING Grigory Rodchenkov, Russias former longtime antidoping lab chief, in Los Angeles.

AVHOPPAREN: Gregori Rodsjenko var direktør for dopinglaboratoriet i Moskva, men blei avsett og rømde til USA etter avsløringane om russisk dopingjuks

Foto: EMILY BERL / NYT

McLaren la fram ein førebels rapport i juli 2016 og ein meir utfyllande i desember 2016. Rapporten var hovudgrunnen til at det internasjonale friidrettsforbundet utestengde Russland frå alle konkurransar, og at Paralympics i Rio i 2016 gjorde det same.

Russland er også fråteke fleire større idrettsarrangement, som ake-VM og junior-VM i skiskyting pluss verdscup i skøyter, langrenn og skiskyting sist vinter, og VM i skiskyting i 2021.

Grigorij Rodtsjenkov var leiar av dopinglaboratoriet i Moskva fram til 2015, det vil seie mellom anna under Sotsji-OL 2014. Etter at WADA avslørte systematisk doping, fekk han sparken. Han rømde til USA, der han har forklart i detalj det han visste om russisk doping. For dette er han plassert under FBIs vitnevern og oppheld seg på ukjend adresse.

Han er ei svært sentral kjelde for McLaren-rapporten, og har der lagt fram si dagbok med detaljerte opplysningar frå si tid som laboratorieleiar i Moskva. Utdrag frå desse dagbøkene er offentleggjort i New York Times.

Overfor NRK seier Rodsjenkov at Russlands noverande skiskyttarpresident Aleksandr Kravtsov var sentral i det russiske dopingsystemet. Han var leiar av Russlands OL-tropp i Sotsji, og ein av personane Rodsjenko rådførte seg med.

Oswald-rapporten er den eine av dei to rapportane som er bestilt av IOC og som skal vere ein del av grunnlaget for IOCs avgjerd. Den er leia av Denis Oswald og skal granske omfanget av utøvarar som er omfatta av det russiske dopingjukset. Det meste av innhaldet i denne rapporten blei kjend då IOC offentleggjorde grunnlaget for utestenginga av Aleksandr Legkov.

Schmid-rapporten er den andre. Den skal granske påstandane om at det russiske dopingjukset er statleg styrt og med forgreiningar heilt til topps blant russiske styresmakter. Samuelk Schmid leier arbeidet med den rapporten. Den skulle vere ferdig måndag kveld, men innhaldet er ikkje offentleg kjent.

Dopinglaboratoriet Sotsji

SLIK GJORDE DEI DET: Dette er skissa frå dopinglaben i Sotsji under OL i 2014, der det ifølgje McLaren-rapporten blei drive statleg styrt juks med dopingprøvene

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Tidslinje:

Siste nytt

  • Klar for USA

    Jørgen Skjelvik er klar for fotballklubben LA Galaxy, Det melder klubben selv på twitter. Skjelvik forlater dermed Rosenborg, som må finne en erstatter før neste sesong.

    Jørgen Skjelvik
    Foto: Rune Kjær Valberg / NRK
  • Bjørnsen til EM-finale på 100 meter

    Susann Bjørnsen er klar for finalen på 100 meter medley under kortbane-EM i svømming i København. Hun satte personlig rekord med 59,65 i semifinalen torsdag. Bjørnsen var langt framme etter butterfly, men falt tilbake til sjetteplass etter ryggsvømmingen.

    SUSANN
    Foto: Jessica Gow/TT / NTB scanpix
  • Haugen foreløpig på 2.-plass

    Kristine Gjelsten Haugen er på 2.-plass etter første omgang i europacuprennet i storslalåm i Andalo. Finaleomgangen ble utsatt til fredag. Det er annen uke på rad at Haugen legger seg torsdag med halvgjort jobb i et europacuprenn.

    US Alpine World Cup Skiing Leona Popovic, Kristine Gjelsten Haugen
    Foto: Charles Krupa / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal