Hopp til innhold

Viste støtte til Putin – no vekkjer talen til stjerna avsky

Langrennskometen Veronika Stepanova får sterk kritikk etter å ha vist støtte til Vladimir Putin og hylla han under ei prisutdeling i Kreml tysdag.

Russian President Vladimir Putin attends a meeting with gold medallists of the 2022 Beijing Olympics in Moscow

HYLLEST: Veronika Stepanova var full av lovord om Vladimir Putin på prisutdelinga tysdag.

Foto: SPUTNIK / Reuters

– Framfor auga mine har Russland vorte mektig, stolt og suksessrik. Ikkje alle liker det, men vi vil vinne, slik vi vann i OL. Takk til presidenten for å heve landets flagg høgt. Vi kjem ikkje til å senke det. Eg lovar, sa Stepanova framfor Vladimir Putin og fleire andre idrettsstjerner.

Høvet var at Russlands største OL-stjerner fekk heider og ære då dei møtte presidenten og Kreml-toppane under ei statleg prisutdeling tysdag.

Utanom Stepanova var òg ei rekkje andre medaljevinnarar til stades, mellom anna det kvinnelege skiskyttarlandslaget som tok sølv på stafetten og omstridde Kamila Valjeva (16).

Men det var den fritalande ankerkvinna frå OL-stafetten som stal merksemda då ho gjekk opp på podiet og erklærte at «vi vil vinne, slik vi vann i OL».

No har dette utsegna fått mykje kritikk på sosiale medium.

– Dei sa russisk sport ikkje har noko med politikk å gjere, dei er alle uskuldige sa dei. Ja, sikkert, skriv den tidlegare ukrainske tennisstjerna, Aleksandr Dolgopolov, på Twitter.

Les også Russarane skal trene langrenn på Krim: – Dette er ein provokasjon

Langrenn Holmenkollen

– Opprørt

Overfor NRK utdjupar ukrainaren som nådde 13.-plass på ATP-rankinga i 2012.

– Vi føler avsky over all støtta dei viser og vi støttar fullt ut sanksjonane. Sporten deira blir brukt som propaganda, seier Dolgopolov.

BNP Paribas Open - Day 8

OPPRØRT: Aleksandr Dolgopolov meiner dei russiske stjernene lèt seg bruke i propaganda.

Foto: MATTHEW STOCKMAN / AFP

Han meiner dei russiske stjernene lèt seg bruke i eit politisk spel, og har inga tru på forklaringa deira om at sport og politikk ikkje heng saman.

– For mange menneske har ikkje sport noko å gjere med politikk, men det er ikkje tilfellet i Russland og Kviterussland. Og med det vi ser frå Russland er det tullete at dei seier at sport ikkje har noko med politikk å gjere, seier Dolgopolov til NRK.

Tennispensjonisten har vore aktiv på sosiale medium under krigen og har brukt kanalane sine til å samle inn militært utstyr til soldatane på fronten. Dolgopolov meiner at dei russiske idrettsstjernene no speler ei viktig rolle i det landet hans opplever.

– Eg meiner at dei, som med fleire andre russarar, er ansvarlege for det som skjer, fortel ukrainaren.

Russian President Vladimir Putin attends a meeting with gold medallists of the 2022 Beijing Winter Olympics in Moscow

HEIDRA: Aleksej Tsjervotkin, Mark Kondratsjuk, Nikita Katsalapov, Kamila Valjeva, Viktorija Sinitsina, Anastasija Misjina, Veronika Stepanova, Denis Spitsov og Aleksandr Galljamov fekk medalje av Putin.

Foto: SPUTNIK / Reuters

– Kjenslene mine

På Instagram-profilen sin har Veronika Stepanova lagt ut eit innlegg der ho svarer på kritikken ho har fått det siste døgnet.

– Eg er stolt over prisen eg fekk og eg er stolt over at presidenten i det store landet vårt gav han til meg. Alt eg sa under prisutdelinga i Kreml er kjenslene og tankane mine. Eg ser ingen grunn til å skjule dei og eg er glad eg fekk moglegheita til å uttrykkje dei, skriv Stepanova.

Ho legg til at ho ikkje er redd for korleis ryktet hennar utanfor Russland blir påverka av utsegnene hennar tysdag.

– Eg vil helse til alle som støttar meg. Vi er saman, vi har rett og vi skal vinne. Eg respekterer meininga til alle som er usamde med meg og eg er sikker på at dei vil respektere min, avsluttar ho innlegget.

Hennes trener, Jurij Borodavko, håper ikkje Det internasjonale Skiforbundet (FIS) ilegger Stepanova nokon form for sanksjonar etter talen. Tidlegare denne veka blei svømmaren Jevgenij Rylov utestengt i ni månader for å vist støtte til Putin.

– Sjølvsagt kan alt skje, men eg trur framleis sunn fornuft vil sigre og at historia med Rylov ikkje gjentar seg. Eg håper ikkje at noko slikt skjer. Det er feil at idrettsutøvere blir straffa for slike ting. De seier berre sin meining og Veronika gjorde det ganske positivt. Alt var ekstremt logisk, seier Borodavko til Sport24.

Les også Idrettsstjerne takkar Putin etter stjernemøte – ba presidenten signere medalje

Stepanova Putin

Siste nytt

  • Cofidis knappet innpå Uno-X i kampen om verdenstour-lisens

    Før sesongen avsluttes i dag var Uno-X 401 poeng foran Cofidis i kampen om 19.-plassen på verdensrankingen. På grunn av sammenslåingen av Intermarché og Lotto vil den plassen bli til en 18.-plass og samtidig sikre lisens på verdenstouren – og med det garantert deltakelse i de største rittene som Tour de France, Giro d'Italia og Vuelta a España.

    Nå ser dagen ut til å kunne bli mer spennende enn ventet:

    For i Japan Cup syklet Ion Izagirre inn til en tredjeplass og sikret seg 125 poeng. Lagkamerat Sam Maisonobe ble nummer åtte og sikret 25 poeng. Også en annen Cofidis-ryttere havnet innenfor topp 30 og gjorde at Cofidis tar med seg 180 poeng. Uno-X deltok ikke i Japan.

    Dermed er forspranget krympet til 221 poeng i favør Uno-X. Det norske laget deltar senere søndag i temporittet Chronos Des Nations i Frankrike og Veneto Classic i Italia – der også Cofidis er med. I tillegg sykler Cofidis siste etappe av Tour of Guanxi med forventet målgang rundt 11.30 norsk tid.

    en person som sykler
    Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB
  • Verstappen vant kvalifiseringen i Austin – starter først i USAs Grand Prix

    Max Verstappen fulgte opp lørdagens sprintseier i Austin ved å vinne kvalifiseringen til søndagens hovedløp i USAs Grand Prix.

    Den firedobbelte verdensmesteren har fått blod på tann i jakten på McLaren-duoen som har dominert Formel 1-sesongen, og sesonginnspurten tegner til å bli langt mer spennende enn det så ut for bare noen uker siden.

    Før søndagens løp skiller det bare 55 poeng opp til VM-leder Piastri og 33 til Lando Norris på annenplass.

    Tekst
    Foto: MARK THOMPSON / AFP / NTB
  • Nytt Messi-hat trick – ble toppscorer i MLS

    Lionel Messi scoret tre mål i sesongens siste ordinære seriekamp for Inter Miami - en 5-2-seier mot Nashville SC. Dermed vant han gullstøvelen som toppscorer i MLS.

    Argentineren scoret det første og nest siste målet da Inter Miami slo Nashville SC på bortebane i Tennessee. Han scoret også en straffe drøyt halvveis ut i andre omgang.

    I løpet av seriespillets 34 kamper har Messi scoret hele 29 mål og gitt 16 målgivende pasninger.

    En person som løper på et jorde
    Foto: JOHNNIE IZQUIERDO / AFP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal