Hopp til innhold

Idrettsstjerne takkar Putin etter stjernemøte – ba presidenten signere medalje

Russlands største OL-stjerner fekk heider og ære då dei møtte Kreml-toppane under ein statleg prisutdeling tysdag.

Stepanova Putin

TAKKA PUTIN: Veronika Stepanova takka Vladimir Putin etter å ha møtt presidenten.

Foto: Skjermdump / MatchTV

I splitter nye dressar for høvet møtte fleire russiske idrettsheltar opp i Kreml for å bli hylla av president Vladimir Putin.

Blant dei frammøtte var Veronika Stepanova, som sikra Russland gullet i langrennsstafetten, og heile det kvinnelege skiskyttarlandslaget som tok sølv på stafetten.

– Framfor auga mine har Russland vorte mektig, stolt og suksessrik. Ikkje alle likar det, men vi vil vinne, slik som vi vann i OL. Takk til presidenten for å heve landets flagg høgt. Vi kjem ikkje til å senke det. Eg lovar, seier Stepanova ifølgje MatchTV.

På MatchTV-sendinga fekk ein sjå Vladimir Putin signere Stepanova sin medalje.

I tillegg var ei rekkje andre medaljevinnarar på plass, frå friski, skøyter og kunstløp. Det inkluderte omstridde Kamila Valijeva (16), som fekk ei dopingsak hengjande over seg under OL.

Russian President Putin meets with Olympians in Moscow

KUNSTLØPAR: Kamila Valijeva (16) var ei av dei som fekk møte Vladimir Putin i Kreml.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Atle Grønn er sjakkekspert og professor i russisk ved Universitetet i Oslo. Han meiner arrangementet med OL-utøvarane er eit grep for å vise russisk støtte i heimlandet.

– Motstanden mot Russland internasjonalt er massiv. Dei er nøydde til å vise at dei har støtte internt. Det er ikkje mogleg for dei å drive ein PR-kampanje i utlandet, men dei må mobilisere. Dei kan ikkje tape på heimebane, seier Grønn

gCYvcqsj8zs

FEIRA SØLV: Det russiske skiskyttarlandslaget blei hylla for sølvmedaljen på OL-stafetten. (F.v) Svetlana Mironova, Uljana Nigmatullina, Kristina Reztsova og Irina Kazakevich. Dei to i midten tok òg bronse på blanda stafett.

Foto: TASS / SipaUSA

Saknar motstand

Til stades var òg sportsminister Oleg Matytsin, visestatsminister innan turisme, idrett, kultur og kommunikasjon, Dmitrij Tsjernysjenko og Stanislav Pozdnjakov, president i Russlands olympiske komité.

For å delta på møtet måtte utøvarane i karantene og ha med seg ein negativ PCR-test, ifølgje russiske medium.

Atle Grønn

REAGERER: Atle Grønn saknar meir motstand frå idrettsutøvarar.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Grønn saknar tydelegare motstand mot krigen frå russiske idrettsutøvarar.

– Vi har sett større motstand blant intellektuelle og i verda til kunsten. Her blir idrettsutøvarane nyttige idiotar, seier Grønn og held fram:

– Vi ønskjer å sjå modige utøvarar, som er mot krigen. Vi saknar det. Men vi har sett at desse tinga tek tid, seier han og viser til at mange av dei kritiske røystene innanfor andre felt, som kunsten, allereie held til utanfor Russland.

– Ekkelt å sjå på

Likevel er det spørsmål om utøvarane står fritt til å delta på desse arrangementa i regi av regimet i Russland.

Grønn meiner at utøvarane generelt speglar befolkninga, der nokon er for krigen, medan andre er imot. Sistnemnde kategori kan samstundes ha vorte utsett for press for å delta.

– Dette er jo spekulasjonar, men det er eit sterkt psykologisk press frå apparatet rundt. Dei må vege opp kampen mellom eige samvit, og å miste privilegium i den russiske idrettsverda. Mange er redde for å få stempelet at dei er mot regimet, seier Grønn.

– Det er i tilfelle press frå utsida om å delta på slike ting, og det er dessverre tilfelle med dei som støttar krigen. Frå utsida blir det berre ekkelt å sjå på, slår han fast.

Les også Russiske stjerner manipulerte vekk krigssymbol etter Putin-show: – Taktisk

Averina med ring

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal