Hopp til innhold

Russarane skal trene langrenn på Krim: – Dette er ein provokasjon

Det russiske langrennslandslaget reiser til Krim for å trene i mai. Norsk idrettspolitikar meiner at det er provoserande.

Langrenn Holmenkollen

IKKJE PÅSKE-KRIM: Aleksandr Bolsjunov og resten av treningsgruppa hans, reiser til Krim på treningsleir i mai.

Foto: Annika Byrde / NTB

Aleksandr Bolsjunov og fleire andre russiske langrennsstjerner startar sesongoppkøyringa på russisk-annekterte Krim, men hevdar det ikkje ligg noko politikk bak treningssamlinga.

Det er stortingsrepresentant Tage Pettersen (H) heilt usamd i.

Som medlem av kultur- og familiekomiteen, har han også ansvar for idrettspolitikk. Han likar dårleg at Aleksandr Bolsjunov og dei andre stjernene reiser til Krim.

Eit område som var kontrollert av Ukraina så seint som i 2014.

– Russarane ser vel på dette som ein del av sitt område. Men all den tid at resten av verda ikkje er samde med dei, så er det jo ein provokasjon, seier Pettersen.

Stortingets spørretime

Tage Pettersen (H) meiner det er av stor symbolsk betydning for Russland å legge treningsleirenf for dei kjende langrennsløparane til Krim.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Får kritikk frå Reztsova

Det er treningsgruppa til Jurij Borodavko som har lagt den første treningssamlinga i sesongen til den annekterte halvøya Krim.

Med på samlinga vil utøvarar som Aleksandr Bolsjunov, Natalja Neprjajeva og Julija Stupak delta.

Nettavisen omtalte saka først i Noreg, og til avisa seier Vegard Ulvang, leiar for langrennskomiteen i Det internasjonale Skiforbundet (FIS), at symbolikken er betydeleg.

– Dei er nok mest opptekne av omdømet i Russland, der dei skal vise at sjølv om det går føre seg ein såkalla spesialoperasjon, så gjer ikkje det noko med førebuingane deira, seier Ulvang.

Og det er ikkje berre i Noreg Borodavko og dei russiske langrennsløparane får kritikk.

For den gamle olympiske meisteren Anfisa Reztsova, som ofte uttalar seg i russiske medium, slår hardt tilbake på valet til den kjende trenaren.

– Kvifor bestemte han seg for å ha treningsleiren på Krim? Samlingane burde vere andre stader dei har vore før. Han har ikkje rett. Eg beklagar, men eg forstår ikkje kvifor han gjer dette no, seier Reztsova til Sport-Express.

Verdenscup i Ruka

Langrennstrenar Jurij Borodavko meiner at det er heilt naturleg at dei legg treningsleiren til Krim.

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Flott stad for trening

Men Jurij Borodavko forstår ikkje kvifor norske ekspertar er kritiske.

– Vi har hatt treningsleirar på Krim sidan 2011, då det framleis var Ukraina. Det er ingen politikk involvert, vi skal berre trene. Krim er ein flott stad for trening, seier Borodavko til Sport-Express.

Pål Kolstø, norsk professor i Russlandstudier ved Universitetet i Oslo, forstår Borodavko og forklarer at Krim-halvøya blir sett på som ein del av Russland for russarar flest.

– Det er så innarbeidd at dei knapt nok opplever dette som ein provokasjon i det heile. Krim er ein flott stad og er ein populær feriestad for russarar. Dei spør seg nok heller kvifor dei ikkje skulle hatt treningssamling der, seier han.

Men idrettspolitikar Tage Pettersen er ikkje samd med professoren.

– Idretten er vel eit av dei områda der Putin nærast personleg har tapt ganske mange ansikt. Vi skal ikkje sjå vekk frå at det er ein reaksjon på det.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal