Hopp til innhold

Varsla oppvaskmøte før sesongen – no er Golberg spent på Klæbos val

Pål Golberg har ønskt seg Johannes Høsflot Klæbo tilbake på landslaget i nesten eitt år. Etter fleire samtalar med den tidlegare lagkameraten kan det hende ønsket hans blir oppfylt.

Tour de ski 2022/23

HAR SNAKKET UT: Johannes Høsflot Klæbo og Pål Golberg.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Vi har snakka litt gjennom ting, så det er vel det enkle svaret på det, seier Pål Golberg til NRK.

Johannes Høsflot Klæbo herja i verdscupen i Lahti førre helg, og styrkte sin posisjon som den beste langrennsløparen i verda med tre sigrar på rappen.

Det gjer han altså utan å vere ein del av det norske langrennslandslaget. Det meiner altså tidlegare lagkamerat Pål Golberg at Klæbu burde vore.

I november sa Golberg til NRK at verken Johannes Høsflot Klæbo eller Kristine Stavås Skistad burde få konkurrere i verdscupen viss dei valde å stå utanfor landslag, på grunn av regelverket til Skiforbundet.

– Ønsker dei beste på lag

I regelverket står det nemleg at løparar som takkar nei til landslagsplass ikkje skal takast ut til å representere Skiforbundet den gjeldande sesongen, med mindre det ligg særlege omstende føre.

Les også Golberg ut mot leiinga: Meiner Klæbo og Skistad burde vore på landslaget

Pål Golberg og Stavås Skistad

Men Klæbo, som mellom anna ønskte å gjennomføre eit anna samlingsopplegg enn resten av landslaget, landa til slutt ein representasjonsavtale med forbundet for å kunne delta i verdscupen.

Forbundet meinte at ønsket om eit eige samlingsopplegg var eit «særleg omstende». Det same gjaldt for Stavås Skistad og Astrid Øyre Slind.

Noko Golberg var ueinig i.

Tour de ski 2023/24 Trening før fellestart

VIL HA KLÆBO TILBAKE: Pål Golberg har, som varsla, prata med Klæbo. Han påpeikar at han også har forståing for Klæbos side av saka.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Eg er ikkje einig i at det er eit særleg unntak, sa Golberg til NRK i november.

Vidare varsla Golberg at han ønskte å snakke ut med Klæbo i løpet av sesongen. Der håpet var å få trønderen til å sjå verdien av eit landslagsmiljø.

Når NRK møter Golberg og Klæbo i samband med verdencupkonkurransane i Lahti, stadfestar Golberg at det framleis er ønsket hans.

– Ja, det har eg sagt til han. Det er ikkje for å legge press på han her og nå. Vi ønsker dei beste på lag. Det gjeld Johannes (Klæbo). Det er også Kristine (Stavås Skistad) og Astrid (Øyre Slind), så det blir spanande veker og månader, seier Golberg til NRK.

Opnar opp for landslagsretur

Enden på konflikten med Skiforbundet og Klæbo før sesongen blei, som nemnt, ein standard representasjonsavtale.

Noko som betydde at Klæbo kom til å bli behandla likt med alle løparar som ikkje var tatt ut på landslag med tanke på renndeltaking – men med kommersiell fridom mellom kvar verdscuphelg.

Les også Skiforbundet gir opp nye forhandlinger med Klæbo: – Dette er et nederlag

Bjervig og Klæbo

Etter samtaler med Golberg set Klæbo døra på gløtt for å returnere til landslaget når våren kjem.

– Det alternativet er der, sjølvsagt, seier Klæbo til NRK.

Han fortsetter:

– Det har vore ein prosess. Og så skal vi bruke tida godt i perioden som kjem no, med fokus på skirenn sjølvsagt, men prøve å vere litt betre ute i god tid i år, og prøve å ha litt betre plan på det som skjer no dei neste vekene og månadene.

Prøve VM 20 km skiatlon

I TENKEBOKSEN: Johannes Høsflot Klæbo skal snart bestemme seg for om han vil tilbake på landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Har du fått betre forståing for utspela til Golberg i media før sesongen?

– Eg har full forståing for det Pål meiner. Eg trur det same også gjeld den andre vegen. Det handlar eigentleg berre om at ein må klare å finne ein veg saman, som gjer at ein går i rett og same retning, understrekar Klæbo.

Opptatt av framtida til langrennssporten

Samtidig har Golberg fått større forståing for Klæbo sitt val, men påpeikar at han vil det beste for langrennssporten i framtida. Då burde både Klæbo, Stavås Skistad, og Øyre Slind vere på landslaget, understrekar han.

– Eg er opptatt av vegen vidare. Det skal eksistere både landslag og ein verdscup i langrenn framover òg, så det handlar om å finne ut korleis ein skal komme seg vidare, seier han.

Astrid Øyre Slind fortel til NRK at ho er usikker. Ho trivst på Team Aker Dæhlie, der ho dagleg blir fult opp av trenar Chris Jespersen.

FcYRTZY-LDM

USIKRE: Både Kristine Stavås Skistad og Astrid Øyre Slind er usikre på om dei vil vere på landslaget.

Foto: NTB

– Det har sånn eg har blitt god, så det skal mykje til for at eg vel bort det. Men eg må ta ei vurdering på det, sjølvsagt, påpeikar ho.

Også Skistad påpeikar at ho er i tenkeboksen.

Eg trivst veldig godt med dei andre eg, så vi får sjå, seier ho til NRK.

Kva skal til for å overtale deg?

Vi får sjå, gjentar Skistad.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Sportsnyheter

Tar æren for gedigen Selnæs-tabbe: – Den er jeg veldig fornøyd med

Det gikk fullstendig galt for Rosenborg-veteran Ole Selnæs foran et fullsatt Lerkendal. Etter Selnæs-tabben gikk det fra vondt til verre for Rosenborg mot ustoppelige Bodø/Glimt.

Siste nytt

  • Lund på 5.-plass i EM

    Bergensroeren Maia Emilie Lund (29) fikk en tøff finale og ble nummer fem i lettvekt singlesculler i ro-EM i ungarske Szeged.

    Det ble ikke helt finalen medaljekandidaten Lund hadde drømt om. I tøff motvind ble avstandene store, og den norske roeren kom aldri nær en plass på seierspallen.

    Lund havnet 38,76 sekunder bak vinneren og 21,04 sekunder bak bronseplassen. (NTB)

    Roing Mediedag
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Burnley tar affære etter fansens United-hets

    Enkelte Burnley-supportere kan være i trøbbel etter å ha oppført seg dårlig under bortekampen mot Manchester United i Premier League lørdag.

    I etterkant av kampen har Burnley publisert en uttalelse der klubben opplyser at den samarbeider med politiet for å få identifisert og straffet de involverte.

    Det var mot slutten av kampen at det kokte over for Burnley-patriotene da Zeki Amdouni scoret på straffe og utlignet til 1-1 på Old Trafford. Ufine tilrop og bevegelser, tilsynelatende for å minne United-supporterne på flyulykken i München i 1958, var blant ingrediensene på bortetribunen.

    I bilder som spres i sosiale medier, er det særlig en Burnley-tilhenger som åpenbart lager flybevegelser med armene, og samme mann roper angivelig «Munich», ifølge britisk presse. (NTB)

    td82kbnivsA
    Foto: AP
  • Messi herjet foran rekordpublikum

    Over 65.000 tilskuere møtte opp for å se New England Revolution i aksjon mot Inter Miami og Lionel Messi i MLS. Argentineren ga hjemmefansen en sur kveld.

    Messi var nemlig i toppslag og noterte to mål og en målgivende pasning på veien mot en 4-1-seier på bortebane. Det ga tross alt en minneverdig kveld for rekordpublikummet på 65.612 , selv om de fleste tilskuerne nok hadde ønsket seg et annet resultat.

    Det startet som en drøm for bunnlaget New England på eget gress. Tomas Chancalay gjorde 1-0 allerede i kampens første spilleminutt. Men derfra og ut handlet det meste om en stor, liten trollmann fra Argentina.

    – Jeg føler at i første omgang, etter målet, så hadde vi ganske god kontroll på dem. De fikk ikke mange sjanser, og de fant ikke tid eller rom å operere i. Så gjorde Messi det han gjorde, sa Revolution-trener Caleb Porter etter kampen. (NTB)

    6Qza6mzjKT8
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal