Hopp til innhold

Bakenga fyrer laus mot kommentator etter bokkritikk: – Har aldri respektert fyren

Sportskommentator Birger Løfaldli i Adresseavisen meiner at fotballprofilen Mushaga Bakenga ikkje kom særleg godt ut av den ferske sjølvbiografien sin. Det fekk Bakenga til å fyre tilbake.

Mushaga Bakenga

Mushaga Bakenga reagerte kraftig på det Adressavisens kommentator Birger Løfaldli skreiv om han etter at pressa fekk lese boka, før ho kom i sal.

Foto: NTB

Mushaga Bakengas bok om hans eige liv «Draumen og skuggen» har skapt temperatur allereie før han kom i sal.

For innhaldet fekk sportskommentator Birger Løfaldli i Adresseavisen til å sette spørsmålsteikn ved den tidlegare Rosenborg-spelaren.

I kommentaren med tittelen «Var det alle dei andre si skuld?» påpeika Løfaldli blant anna at Bakenga tar eit oppgjer med dei aller fleste og ikkje kjem spesielt godt ut.

Denne kommentaren til Adresseavisens sporskommentar Birger Løfaldli fikk Bakenga til å fyre.

Faksimile Adresseavisen/Aftenposten

Foto: Faksimile Adresseavisen/Aftenposten

«Hovudinntrykket etter å ha lese Bakenga-boka er at han enten kjem på kant med leiinga i klubben og derfor rømmer vidare, eller at han lykkast godt, som han gjorde i Odd, og vil hurtig vidare til eit nytt nivå der det er meir pengar å tene», skriv Løfaldli blant anna i kommentaren.

Det fekk Bakenga til å reagere kraftig i podkasten «Fotballrådet».

– Eg har aldri likt Birger. Han har aldri likt meg. Eg har aldri respektert fyren. Han har sikkert ikkje respektert meg heller. Sånn har det vore frå starten av. Han var ein av dei første eg boikotta, seier Bakenga i podkasten.

– Eg drog ikkje frå Odd for suksess og pengar. Eg drog til Japan for å oppleve Japan, din klovn. Det har eg sagt så mange gonger og det er så tydeleg. Hadde eg vore ute etter pengar og suksess så hadde eg ikkje gitt halvparten av pengane eg har tent dei siste åra for å bygge skole for 1000–2000 barn i Kongo, seier Bakenga blant anna vidare i podkasten.

Birger Løfaldli

Sportskommentator Birger Løfaldli i Adresseavisen.

Foto: Håvard Haugseth Jensen

Ber Løfaldli ringe klubbane

Bakenga blei kåra til årets trønder i 2023 og spelte for Rosenborg i to periodar mellom 2009 og 2017.

Sidan har han spelt for blant anna Club Brügge, Tromsø, Odd og i japansk fotball. Nå speler han for Apollon Limassol på Kypros.

– Så ber eg Birger om å ringe rundt til alle klubbar eg har vore i og ringe til alle medspelarar, eg har vore medspelar for, så kan dei svare på det spørsmålet for han i staden for meg, sa Bakenga og sådde tvil om Løfaldli har lese boka.

Det avviser Løfaldli.

Eg er ikkje så overraska over det som kjem. Det er i tråd med inntrykket eg fekk etter å ha lese boka. Dessverre, vil eg seie, seier Løfaldli og fortset:

– Eg gjekk inn med eit ope sinn da eg las boka, sjølv om eg høyrer Bakenga påstå noko anna. Han seier at eg ikkje har lese boka, og det blir jo berre dumt. Eg har lese den to gonger til og med, for verkeleg å sette meg inn i innhaldet før eg melde noko om det, seier Løfaldli.

Mushaga Bakenga RBK

Mushaga Bakenga hadde Rosenborg som klubb i ungdommen og dei første åra som speler i Eliteserien. Deretter kom han tilbake i klubben i 2016.

Foto: NTB

Løfaldli seier han skreiv kommentaren sin basert på inntrykket hans av boka.

– Utsegnene han kjem med nå går dessverre inn i same gate. Inntrykket blir at når han opplever motstand og kritikk, så blir fokus retta mot å peike på andre og skape seg fiendar. Det var slik eg opplevde utsegnene hans i podkasten. Det at han kjem med påstandar som ikkje stemmer, det synest eg jo berre er uheldig, seier Løfaldli.

Løfaldli seier han fint toler å bli kalla «klovn».

Men det å tillegge meg meiningar om at eg aldri har likt han, det skjønner eg ikkje kor han har frå. Diktar han det opp berre? Er det eventyr? Det reagerer eg ganske sterkt på. Slik er eg ikkje vand med at det går føre seg. seier Løfaldli.

Ønsker ikkje skittentøyvask

Bakenga seier til NRK at han ikkje har skrive boka for å ta nokon.

– Eg hyllar like mykje som det kanskje folk kallar å skulde på andre, seier Bakenga til NRK.

Bakenga understrekar at det ikkje er eitt ord i boka som er usant frå hans side, sjølv om det har blitt ei retting i boka frå forlaget, før ho gjekk i trykken.

Bakenga feirer cupfinaleseier mot Kongsvinger i 2016.

Bakenga feirar Rosenborgs cupfinalesiger mot Kongsvinger hausten 2016.

Foto: NTB

Bakenga påpeikar at han ikkje ønsker nokon offentleg skittentøyvask, men vil kommentere dette om utsegna i podkasten om at Løfaldli aldri har likt han.

– Det seier eg fordi eg har høyrt det direkte, men ikkje nødvendigvis frå han, seier Bakenga til NRK.

Han legg til at han ønsker Løfaldli alt godt i livet vidare.

Men han gjer det klart at han ikkje forstår kva Løfaldli har trekt ut frå boka, dersom kommentatoren kjenner han ikkje gjorde noko anna enn å skulde på andre.

I podkasten innrømmer Mushaga Bakenga at han har komme på kant med folk. Men han påpeikar samtidig at han ikkje klarer å bli behandla dårleg og heller ikkje er skapt til å halde kjeft.

Mushaga Bakenga

Mushaga Bakenga var eit kjempetalent i Rosenborg og var ein komet i klubben allereie som 17-åring.

Foto: NTB

– Eg seier ikkje at eg veit best. Eg er klar over mine feil og manglar. Og eg har sjølvinnsikt. Eg har aldri trudd at eg har vore Messi eller Ronaldo og aldri trudd eg har vore betre enn eg er, seier Bakenga til NRK og legg til:

– Eg har aldri skulda på nokon for at karrieren min har blitt slik, seier Bakenga.

– Er det eventyr?

Løfaldli påpeikar at han har hatt veldig lite å gjere med Bakenga og at han dekte nokre RBK-kampar for mange år sidan som journalist.

Men etter det eg hugsar har eg ikkje skrive ein einaste kommentar om han etter at eg blei kommentator i 2018. Så det fell på sin eigen absurditet. Det forsterkar berre inntrykket eg fekk etter å ha lese boka. Eg synest det er synd, seier Løfaldli, som påpeikar at han ikkje kjenner til at han har vore boikotta av Bakenga.

Bakenga har fått lese opp svara frå Løfaldli. Han seier at boikotten det er snakk om dreidde seg om saker han reagerte på da han var ung i Rosenborg. Det førte til at han ikkje ville snakke med nokon utvalde i Adresseavisen, inkludert Løfaldli.

Han fortel at tilbakemeldingane har vore gode frå dei som har hatt sjansen til å lese boka.

– Dei som har sendt melding, frå fotballverda og andre som har hatt høve til å lese boka har absolutt ikkje noko dårleg å seie. Det finst ikkje eitt ord i boka som ikkje er sant, seier Bakenga.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • To utvisninger for Lilleberg i Tampa-tap mot Washington

    Norske Emil Lilleberg pådro seg to utvisninger da Tampa Bay Lightning tapte 3-2 mot Washington Capitals i den amerikanske hovedstaden.

    Det stod 2-2 ved full tid, og lagene måtte derfor ut i overtid.

    Der trengte Washington Capitals-spiller Jacob Chychrun bare et drøyt minutt før han sørget for 3-2 til hjemmelaget.

    Emil Lilleberg fikk 16 minutter på isen og 4 i utvisningsboksenfor Tampa Bay Lightning. Nordmannens første tominutter kom i andreperiode for tripping, mens en krysstakling i den siste perioden kostet ham ytterligere to minutters utvisning.

    (©NTB)

    Emil Lilleberg i NHL-drakt skøyter i en ishall.
    Foto: Reuters
  • Ronaldo med ny rekord

    Cristiano Ronaldo (40) så ut til å sende Portugal til fotball-VM, men på overtid fikk Ungarn med seg 2-2.

    Dermed må portugiserne vente på å booke plass i neste års sluttspill i Nord-Amerika. Festen ble spolert av Dominik Szoboszlai i det 91. minutt.

    Ronaldo har allerede mange rekorder på merittlista, og tirsdag kom det en ny ved å bli tidenes mestscorende spiller i kvalifiseringer til VM.

    Ronaldo satte milepælen da han fra kort hold gjorde 1-1 halvveis ut i første omgang. Med det var han forbi tidligere Guatemala-spiller Carlos Ruiz, som stoppet på 39 mål.

    Rett før pause rykket han ytterligere ifra. Ronaldo tok Portugal i ledelsen på en ball fra Nuno Mendes.

    40-åringen står med 143 landslagsmål og 948 totalt i karrieren.

    (NTB)

    Ronaldo
    Foto: Reuters
  • England klar for VM etter storseier

    5-0 og booket plass i neste års VM som første europeiske lag.

    Oppgjøret i Riga ble aldri spennende. England hadde full kontroll og ledet 3-0 til pause.

    Anthony Gordon skrudde inn åpningsmålet etter en snau halvtime, mens Kane gjorde to kjappe i det 44. og 45. minutt.

    Det skjedde etter at England-kapteinen hadde sløst med sjansene. Kane scoret først på et distanseskudd, og fra straffemerket økte han til 3-0.

    Bayern München-spissen er med sine 76 mål på 110 kamper med klar margin tidenes mestscorende spiller for England.

    Etter hvilen kom 4-0 etter et selvmål av Maksims Tonisevs. Mot slutten kom også innbytteren Eberechi Eze på scoringslista.

    Thomas Tuchels lag har full pott (18 poeng) og målscoren 18-0 etter seks kamper.

    Det er 17. gang at Englands er klar for VM på herresiden. Nasjonen har ikke feilet med å ta seg til et verdensmesterskap siden «Three Lions» ble treer i en kvalifiseringspulje Norge vant foran 1994-sluttspillet.

    Neste års VM spilles i Canada, Mexico og USA.

    (NTB)

    Harry Kane,
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal