Hopp til innhold

Golberg ut mot leiinga: Meiner Klæbo og Skistad burde vore på landslaget

Pål Golberg meiner det ikkje er grunnlag i Skiforbundets reglar for at Johannes Høsflot Klæbo og Kristine Stavås Skistad skal få stå utanfor langrennslandslaget.

Pål Golberg og Stavås Skistad

SEIER FRÅ: Pål Golberg er ikkje fornøgd med handteringa til langrennsleiinga. Han meiner Johannes Høsflot Klæbo og Kristine Stavås Skistad burde vore på landslaget.

Foto: GEIR OLSEN / NTB

– Det kom litt overraskande på meg, seier Pål Golberg til NRK.

Han snakkar om det som til slutt vart løysinga på dei langvarige diskusjonane mellom Johannes Høsflot Klæbo og langrennsleiinga i Skiforbundet etter at Klæbo takka nei til ein plass på landslaget denne sesongen.

Det enda altså med at Klæbo skal gå verdscup på det som heiter ein standard representasjonsavtale.

Golberg meiner nemleg at dette strir mot Skiforbundets reglar:

«Løparar som har avslått eit tilbod om å delta på NSFs landslag, skal ikkje takast ut av NSF til å representere NSF i konkurransar i den sesongen tilbodet om landslagsplass gjeld, med mindre det ligg føre særlege omstende.»

Les også Skiforbundet gir opp nye forhandlinger med Klæbo: – Dette er et nederlag

Bjervig og Klæbo

– Ikkje samd

Til NRK har leiaren i langrennskomiteen Torbjørn Skogstad sagt følgjande om kva dei særlege omstenda er.

mcALliLsvsk

STÅR UTANFOR: Johannes Høsflot Klæbo.

Foto: Lise Åserud / NTB

«Johannes ønskte å gjennomføre eit anna samlingsopplegg ein resten av laget, mellom anna knytt til høgd og ville derfor i avgrensa grad vere saman med dei andre på samling.»

– Eg er ikkje samd i at det er eit særleg unntak, seier Golberg rett ut til NRK.

Han reagerer også på at Kristine Stavås Skistad står utanfor landslaget. Ho sa rett nok aldri nei til ein plass. Langrennssjef Espen Bjervig stadfestar at ho aldri vart innstilt til ein plass på elitelandslaget, ettersom ho ønskte å trene med klubben sin, Konnerud.

– Kristine burde openbert hatt sponsorane våre og vore ein del av systemet innanfor dei rammene ho ønskjer, seier Pål Golberg.

– Kunne gjort det same på landslaget

Den store forskjellen på landslagsløparane og løparane som står utanfor, er at landslagsløparane er underlagde Skiforbundets marknadsregime. Løparar utanfor laget er berre forplikta til å vise fram sponsorane til forbundet i samband med konkurranse.

Golberg fryktar det skal bli mindre attraktivt å sponse landslaget når store stjerner står utanfor. Derfor meiner han det heller bør leggjast til rette for tilpassa treningsopplegg innanfor laget.

Nasjonal sesongåpning på Beitostølen

STÅR UTANFOR: Kristine Stavås Skistad.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Eg er heilt sikker på at Kristine kunne gjere det ho har gjort i Konnerud på landslaget, seier Golberg, som vart verdsmeister på femmil sist vinter.

Han får støtte av ein kar som vann tre gull i den same meisterskapen.

– Eg er samd i mykje av det Pål seier, seier nemleg Simen Hegstad Krüger.

Åtvarar mot yrkesforbod

Han er landslagsløpar, men har hatt sitt eige opplegg gjennom sommaren og hausten. I motsetning til resten av landslaget, men til liks med Klæbo, har Krüger hatt treningsopphald i høgda.

– Forbundet er villig til å strekkje seg ganske langt med sportslege opplegg viss ein er på lag, seier han.

av_q-cFXbFI

VIL ENDRE REGLANE: Torbjørn Skogstad.

Foto: Geir Olsen / NTB

Torbjørn Skogstad understrekar at han har respekt for Golbergs meiningar. Han erkjenner at han synest regelverket er krevjande å handheve.

Når ein utøvar av ein eller annan grunn ønskjer å stå utanfor laget, så har langrennskomiteen to val. Anten gi startnekt, i praksis yrkesforbod, eller så må ein vurdere om unntaket som er grunngitt er godt nok. Den vurderinga er vanskeleg å setje til side, seier han, og legg til:

– Ein vil aldri lande i eit landskap der ein gir nokre yrkesforbod

Langrennskomiteen har derfor foreslått at Skiforbundet endrar regelverket. I staden for å true løparar som seier nei til landslaget med startnekt, vil Skogstad ha ei mellomløysing mellom landslagsavtale og standard representasjonsavtale.

Les også Hoderystende til Skiforbundets Klæbo-løsning: – En gavepakke

Emil Iversen, Petter Northug, Johannes Høsflot Klæbo

Vil snakke med Klæbo

Då meiner eg at ein utøvar som er så god at han er teken ut på landslag bør ikkje ha høve til å nytte seg av ein representasjonsavtale på lik linje som ein utøvar som er med på nokre verdscuphelgar. Det må bli handterleg, seier Skogstad, som påpeikar at eit utval no skal sjå på regelen.

Han er uansett glad for at konflikten med Klæbo er løyst for den kommande sesongen. Det er også Pål Golberg, som varslar at han vil ha ein prat med sin – tidlegare lagkamerat.

– Vi hadde nokon rundar i vår der eg prøvde å leggje fram mitt syn til Johannes. Eg respekterer at han enda opp med noko anna, men eg kjem til å prøve gjennom vinteren og håpar at han ser verdien i det miljøet vi representerer, men også for alle nedover i systemet.

– Det betyr mykje for meg, seier Golberg.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal