Hopp til innhold

Vaksne har herma etter Linn (25) når ho pratar: – Prøver å skjule det

Linn Oppegaard (25) har slite med å snakke framfor folk store delar av livet. Nå opnar ho opp om utfordringa ho eigentleg har prøvd å halde skjult.

Linn Oppegaard

VIL VISE OPENHEIT: – Ein kjenner seg litt sånn «dum», seier Oppegaard og viser hermeteikn på ordet dum. Ho ønsker å opne opp om problemet ho har levd med heile livet.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Kva er det verste?

Det aller verste eg synest det er å stå framfor mykje folk. Eller sånn som dette her. Pratar i kamera, og alle ser på deg.

Fordi?

Fordi da blir eg veldig nervøs, og det blir eit slags press som eg har på meg sjølv og da kan det hende at eg gjer det meir. Så nå fokuserer eg veldig mykje på å ikkje gjere det.

Oppegaard blir mykje mindre nervøs av å skulle springe stafett i EM framfor tusenvis av menneske, enn å gjere eit intervju med NRK.

Bislett Games 2024

TO VERDER: Oppegaard har null problem med å springe framfor eit stort publikum, men å snakke er annleis.

Foto: Heiko Junge / NTB

25-åringen har slite med stamming heile livet, noko ho eigentleg ikkje har hatt lyst til at andre enn familie og dei aller næraste skal få vite.

Eg synest det er tabu. Det er ikkje noko gøy. Det er liksom sånn ... Ein kjenner seg litt sånn «dum», fortel Oppegaard.

Eg prøver å skjule det heile tida at eg ikkje gjer det. Til alle.

Les også Knakk saman på julaftan – samtalen med pappa endra alt

Marcus Thomsen

«Oi, nå er du dum»

Stamminga prøver ho å skjule så godt det lèt seg gjere. Ho snakkar heller eigentleg ikkje så mykje om det, og kjenner det også kan vere vanskeleg.

Og det er ein grunn til at ho som regel prøver å skjule det.

Eg vil ikkje få den tanken at eg henger meg opp i eit ord, eller at folk trur eg er dum. Men eg veit jo sjølv at det er noko eg ikkje kan noko for. At det er medfødd. Og så må ein jo berre akseptere det. Det er sånn eg er, seier ho.

Verdensmesterskapet i friidrett 2022

DEI SOM VET: Oppegaard seier det berre er dei som kjenner henne godt nok som veit når dei eventuelt skal hoppe inn viss ho slit med å få fram ord. Her med Lakeri Ertzgaard.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Viss folk veit det, så er det enklare å prate saman. Men viss eg møter heilt nye folk på min alder, det er det det verste. Eg føler at med ein gong eg ikkje seier noko heilt reint, så blir det sånn «oi». Eg trur det er noko eg har i hovudet mitt, men eg føler at «oi, nå er du dum». Det er det eg seier til meg sjølv.

Sjølv om ho seier at det kanskje er ho sjølv som bryr seg mest, så har ho opplevd ubehagelege situasjonar. Både med personar som kjenner henne, og ikkje.

Viss du henger deg opp i eit ord, så skal dei herme etter deg eller mobbe deg litt, da. Eg har blitt mykje, kall det, småmobba for det her gjennom livet. Så det er jo ikkje noko gøy, seier Oppegaard.

Les også Intervjuet gjorde svensken til «superhelt» over natten: – Hvordan skjedde dette?

Ken Sema

Mobba av barn, herma etter av vaksne

Verst var det da ho gjekk på barne- og ungdomsskulen. Sjølv om ho ikkje blei halden utanfor heile tida, var det vekevise kommentarar.

Men sjølv nå opplever ho at folk hermar etter henne, sjølv om ho prøver å unngå det så godt ho kan.

– Det er veldig mange som hermar. Det er eigentleg vaksne folk også som gjer det i dag. Det har skjedd mange gonger, seier Oppegaard.

Friidrett, EM i München
Foto: Javad Parsa / NTB

Eg blir veldig sur og irritert og veldig lei meg. Tenker mykje på det. Eg prøver å seie frå at det der er ikkje greitt. Men nå blir eg eigentleg meir irritert. Eg prøver å seie frå at det der er ikkje greitt, men før klarte eg ikkje det så bra.

Det har gjort at ho rett og slett har fjerna seg sjølv frå situasjonar som har vore ubehagelege.

Eg kunne eg ønske at ikkje eg sleit med det. Eg unngår jo ting nokre gonger og for at eg ikkje vil bli sett fokus på. Som når ein går ein runde og seier «hei, eg heiter» og sånn. Det er det verste eg veit. Så det har hendt at eg har flykta. At eg spring ut, og så berre ... Nei, det her går ikkje.

Les også Linn fikk streng beskjed: «Du kan ikke ha det sånn lenger»

Linn Oppegaard på Melløs stadion

– Gløymer det heilt

Nå er det friidrettsbanen som er ein fristad å flykte til for Oppegaard. Der kan ho la beina prate.

Det er det beste som finst. Berre springe og ikkje prate nokon ting. Det er veldig herleg.

– Berre springe frå alt. Nei da, seier ho og ler.

For problema som oppstår når ho skal prate framfor folk, forsvinn når ho spring. Om det så er aleine eller framfor hundre- eller tusenvis av menneske.

Gløymer du det da?

Ja, da gløymer ein det heilt. Tenkar ikkje på det. For da er du i di eiga sone, og du skal berre springe og det er det du skal, seier ho.

NM friidrett 2021

I SITT ESS: Oppegaard liker best å snakke med beina på friidrettsbanen.

Foto: Annika Byrde / NTB

Stamminga må ho leve med, men ho håpar at det kan bli enda lettare å handtere.

Ein blir ikkje heilt kvitt det. Men håpet er å kunne leve med det utan å bli altfor flau. Eller tenke at nå var eg dum. Det er håpa mitt. Og at eg kan klare å seie frå til dei som ... Viss nokon kjem og hermar etter meg, at eg kan seie at «det var ikkje greitt» og så går vi vidare, seier ho.

Eg synest det er viktig å stå fram og tore å prate litt om det. Eg liker jo ikkje at folk veit at eg slit med det. Men det er jo greitt at folk veit det òg.

  • Linn Oppegaard er reserve på stafettlaget som skal springe 4x400 meter i EM i Roma. Dei skal i aksjon tysdag 11. juni kl. 11.15. Sjå heile programmet for meisterskapen her.
null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal