Hopp til innhold

Open om EM-bråket: – Eg var ferdig

Eit hårfint tap for Jakob Ingebrigtsen i NM, var ein opptur for Narve Gilje Nordås. Etterpå innrømmer han at utanomsportsleg støy kan ha bidratt til EM-fiaskoen.

Narve Gilje Nordås

SØLVVINNAR: Oppturen fekk Narve Gilje Nordås til å smile igjen etter ein tung sesongstart.

Foto: NTB

– Det var den vesle sjølvtillitsboosten eg trong, seier Narve Gilje Nordås til NRK etter å ha utkjempa ein tøff duell med Jakob Ingebrigtsen om NM-gullet på 5000-meteren i Sandnes laurdag ettermiddag.

NM-løpet og sølvet var ein opptur etter eit svært skuffande EM i Roma. Der var han først sjanselaus i 5000-meterfinalen. På 1500-meteren blei han slått ut allereie i forsøket, mindre enn eitt år etter at han tok VM-bronse på distansen.

MqlHWxP1cUU

SØLV: Narve Gilje Nordås sikra sølvet på 5000 meter under NM i Sandnes laurdag.

Foto: Carina Johansen / NTB

Sidan EM hadde ikkje Nordås snakka med media. No lettar han på sløret.

– Eg var i kjellaren, eg var resignert. Eg var ferdig. Eg har aldri vurdert å legge opp. Eller det har eg gjort, men ikkje der og da. Men det er slik at du tenker at dette gidd du aldri igjen. Eg var langt nede, seier Nordås.

Han forstod ikkje sjølv kvifor kroppen verka heilt tom.

– Vi leita etter medisinske svar. Det fann vi ikkje. Vi grov så djupt vi kunne der og tok så mange testar vi kunne, seier Nordås.

Narve Gilje Nordås ledet an på 5000-meteren i Sandnes.

FØRTE AN: Nordås drog feltet store delar av 5000-meteren i Sandnes, men måtte til slutt sjå seg slått av Jakob Asserson Ingebrigtsen.

Foto: NTB

Støy rundt bustad under EM

Han trur sjølv at nedturen kjem av fleire ting. Han starta blant anna sesongen i slutten av april og meiner det blei krevjande å toppe forma til EM på grunn av ein lang konkurranseperiode.

Samtidig er han òg ærleg på at støyen som kom rundt han og treningskameraten Per Svela i samband med EM i Roma kan ha tært på.

At Nordås og Svela har Gjert Ingebrigtsen som trenar, har gjort forholdet til Ingebrigtsen-brørne krevjande dei siste åra. Trenaren er tiltalt for mishandling i nære relasjonar.

Nordås sa under EM blant anna at han ville unngå konfrontasjonar med ikkje-namngitte personar i den norske troppen. Derfor ville duoen bu på eit anna hotell enn det norske laget.

Dette ville ikkje Norges Friidrettsforbund betale for. Dei insisterte på at alle dei norske utøvarane skulle bu på same hotell.

Overfor VG hevda sportssjef Erlend Slokvik at dette var avklart og akseptert av Nordås og Svela.

– Når Per bekreftar til meg fleire gonger, seinast dagen før, at dei skal bu på hotellet vårt, må eg forhalde meg til det, sa sportssjef Erlend Slokvik til VG.

Til TV 2 fortalde Per Svela ein annan versjon. Han hevdar Nordås spurde Slokvik om å få rom på eit anna hotell, men fekk til svar at det andre utøvarhotellet var fullbooka. Da booka Nordås og Svela det etter seiande fulle hotellet sjølv.

Narve Gilje Nordås etter målgang på 5000m menn under EM i friidrett 2024 på Olympiastadion i Roma.

NEDTUR: Ein skuffa Nordås etter målgang på 5000 meter i Roma tidlegare i juni. Han enda til slutt på 11.-plass.

Foto: NTB

– Tappar meir enn ein trur

– Ein seier der og da at det ikkje kostar så mykje, men kanskje underbevisst så tappar det meir enn ein trur. Det er jo ikkje optimalt, seier Nordås om EM-bråket nå.

Og fortset:

– Det er ein frykteleg lei situasjon, som ein ikkje har lyst til å stå i. Så blir ein misforstått. Så blir det mykje oppstyr og folk meiner sitt og kommentarane haglar. Det er kjipt, men sånn er det. Eg skal prøve å forhindre det til neste gong, seier Nordås.

– Det påverkar nok Narve litt meir enn meg. Dei største utfordringane er meir direkte relaterte til han enn meg, men det er klart det påverkar meg òg, seier Per Svela.

Han fortel at han snakka med Erlend Slokvik straks etter 5000-meteren på laurdag. Han ønsker betre kommunikasjon.

Per Svela

LAGKAMERAT: Per Svela vil snakke med friidrettssjefen, for å betre kommunikasjonen.

Foto: NTB

– To minutt før eg kom til deg nå, trefte eg Slokvik i skifterommet og sa at vi må ta ein kopp med kaffi i St. Moritz og snakke litt om det eine og det andre, seier Svela.

Slokvik bekreftar samtalen.

– Eg sa at vi kan ta ein middag, seier han til NRK.

– Kjenner du at det kan vere behov for det?

– Ja. Det er greitt nok det, men vi pratar jo saman jamleg. Det viktig å gå gjennom ting og sjå om vi kan vere tydelegare på ting og sjå om det er ting vi kan bli enda flinkare på.

Trond Mohn Games 2024

MIDDAGSPLANAR: Erlend Slokvik takkar ja til ein samtale med Per Svela.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Optimistisk før OL

Fram mot OL i Paris blir det ingen diskusjonar om bustad.

– Vi skal bu i OL-landsbyen. Akkurat det er ganske greitt og ikkje så mykje å snakke om. Eg skal bu i OL-landsbyen som alle andre, seier Nordås.

Og han er no optimistisk med tanke på OL i Paris. For 5000-meteren i NM var ein opptur for han.

Da Jakob Ingebrigtsen prøvde å riste av seg Nordås på sisterunden i Sandnes måtte han gjere fleire fartshevingar før rivalen sleppte på oppløpssida.

– Betyr det noko for deg å vere på nivået hans?

– Jada. Det er digg å sjå at når han liksom skal akselerere med 300 meter igjen og snur seg bak og ser «nei, slepper ikkje». Så ny akselerasjon med 200 meter igjen og slepper ikkje der heller. Det er liksom siste krampetrekninga på oppløpssida. Men han må ned i relativt høge gir, seier Nordås.

I løpet sette han sjølv opp eit godt tempo i front og det var først dei siste rundane at Jakob Asserson Ingebrigtsen gjekk opp i tet og prøvde å riste av seg Nordås.

– Kva skal du gjere for ikkje å ta av etter denne oppturen her?

– Det var bra, men så bra var det ikkje. Hadde eg vunne kunne eg vurdert å ta ein cola i kveld kanskje. Men no blir det Farris, seier Nordås.

Siste nytt

  • Nesten 4000 norske fans har kapret billett til Italia-kampen – NFF frustrert over systemet

    Norges Fotballforbund har ikke full kontroll over salget av billetter til VM-kvalifiseringskampen mot Italia. Det nærmer seg utsolgt på San Siro.

    – Per nå er det cirka 500 billetter igjen, og vi fikk i overkant 4000 billetter, opplyste kommunikasjonsrådgiver Mari Stanisic Waagaard i en epost til NTB ved lunsjtider fredag.

    I forkant av salget har NFF opplyst at medlemmene, på grunn av høy interesse, er delt opp i tre grupper, avhengig av hvilken status medlemskapet deres i supporterklubben har. Pulje 1 og 2 har allerede fått tilgang til å sikre seg billett til det norske feltet på San Siro via en tilsendt lenke.

    Pulje 3 får ikke samme tilgang før kommende mandag klokken 10.

    Likevel vet NTB at det allerede verserer lenker som gjør det mulig å kjøpe billetter til det norske bortefeltet gjennom Italias billettsystem Vivaticket. Norske fans kan dermed kjøpe billett uten å være innom NFFs nettsider først.

    – Vi skulle gjerne sett at det italienske billettsystemet var mer fleksibelt slik at vi kunne ha gjennomført et normalt salg via vårt billettsystem, som vi har gjort til tidligere bortekamper, opplyser kommunikasjonsrådgiver Waagaard.

    Hun forteller at NFF har fått tildelt en lenke fra Det italienske fotballforbundet som er distribuert til gullmedlemmer i supporterklubben – dem som har vært på flest landskamper.

    – Det er det italienske forbundet som styrer billettsalget til denne kampen, og vi har prøvd å tilrettelegge så godt vi kan for våre supporterklubbmedlemmer, skriver Waagaard.

    (NTB)

    Danny Woodhead, Alexander Sørloth, Willem-Bas Hess et al. poserer for et bilde
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Norge klatrer to plasser på Fifa-rankingen - opp på 29.-plass

    Norge går fra 31.- til 29.-plass på den ferskeste Fifa-rankingen 17. oktober etter 5-0-seieren mot Israel og 1-1 mot New Zealand under den forrige landslagsperioden.

    Man må tilbake til august 2013 for å finne en periode Norge lå høyere på Fifa-rankingen enn nå. Da var fasiten 25.-plass.

    Foran Norge ligger Kanada, mens Russland innehar 30.-plass. Øverst troner fortsatt Spania, mens regjerende verdensmester Argentina overtar annenplassen.

    Færøyene er blant de tre lagene som klatrer flest plasser. Lilleputten er oppe på 127.-plass - ni plasser opp fra forrige rangering.

  • Wærenskjold om gladmelding: – Det er ganske bankers

    De belgiske sykkellagene Lotto og Intermarché slår seg som forventet sammen og frigjør en ledig plass i World Tour-sirkuset. Den går etter alle solemerker til Uno-X.

    – Det er ganske bankers nå, så det skal gå. Det er bare å passe på slik at man er på den sikre siden, så blir det tre stabile år i World Tour, sier Søren Wærenskjold til NRK.

    Han er på vei ned for å sykle temporittet Chrono des Nations søndag. Dersom resultatene går slik det norske profflaget håper, blir det fort en formalitet for mandalitten.

    Fusjonen mellom de to belgiske lagene gjør at laget som ender på 19.-plass på rankingen tar steget opp neste år. Tidligere kunne man videreselge WorldTour-lisensen til de som var villige til å betale mest:

    – Etter hva jeg har skjønt, så har de endret den regelene. Du kan ikke kjøpe seg en lisens lenger, så da tror jeg egentlig det laget som ligger nærmest på rankingen får den, sier Wærenskjold.

    – Det er et system jeg synes er litt mer rettferdig, legger han til.

    Uno-X har 401 poeng mer enn franske Cofidis. Tour of Guanxi (Kina), Chrono des Nations (Frankrike), Japan Cup (Japan) og Veneto Classic (Italia) er rittene som gjenstår. Alle avsluttes søndag.

    en person i rød vest
    Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal