Hopp til innhold

Nær svensk mirakel, tapte fem minutt på overtid: – Det svir noko ekstremt

På dagen 20 år etter Norges fotballmirakel i Marseille var Sverige nær ei liknande bragd. Men fem minutt på overtid slo Tyskland tilbake.

svensk skuffelse

SKUFFA SVENSKAR: Dei svenske spelarane var nære ei kjempebragd i Sotsji. Derfor var det ikkje rart at dei var skuffa då dei fekk 2–1 imot fem minutt på overtid.

Foto: Maja Suslin/TT NYHETSBYRÅN / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Dette må vere vondt for det svenske folket å sjå. Det svir noko ekstremt. Vi gjorde ein fantastisk kamp. Alle jobba og sleit, sa Sveriges Emil Forsberg til FIFA etter kampslutt.

Han hadde rett i det. Men det hjelpte lite då Tyskland fekk frispark like utanfor 16-meteren i det 95. minutt. Real Madrid-stjerna Toni Kroos skrudde ballen i det lengste hjørnet.

– Eit nydeleg frispark med innsida av høgrefoten, sa NRK-ekspert Morten Morisbak Skjønsberg.

Dermed 2–1 og ein kjempenedtur for svenskane.

– No er svenskane kjempeskuffa. Dei leverte ein heiderleg innsats, sa Skjønsberg.

– Det var eit fantastisk mål av Kroos. Vi spelte sjølv ein fantastisk kamp. Det er kjedeleg at vi ikkje klarer å ro dette i land, sa Sverige-kaptein Andreas Granqvist til FIFA.

Boateng utvist

Dei blågule hadde nemleg spelt ein veldig god første omgang og leia 1–0.

Men berre tre minutt etter kvilen slo Tyskland tilbake. Timo Werner fann Marco Reus, som sette inn 1–1 frå kort hald.

Vidare skapte Tyskland ei rekkje store sjansar utover i omgangen, utan å klare å omsetje dei i scoringar.

Meir dramatikk vart det då Jérôme Boateng vart utvist etter 82 minutt – som følgje av to gule kort.

På 1–1 kunne det ha gått begge vegar. Innbytar Mario Gomez var svært nær 2–1 etter 88 minutt.

Så kom altså scoringa fem minutt på overtid.

SOCCER-WORLDCUP-GER-SWE/

Den tidlegare engelske storscoraren Gary Lineker sa i si tid at fotball er eit spel med 11 spelarar på kvart lag – der Tyskland vinn til slutt. I dag vann Tyskland fem minutt på overtid, men med ti mann på bana. Toni Kroos stod for den avgjerande scoringa.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

– Eit svensk vedunder

1. omgang var eit mareritt for Tyskland – og tilsvarande ein draum for svenskane. Ikkje minst då «blågult» tok leiinga i det 32. minutt.

SOCCER-WORLDCUP-GER-SWE/

SJOKKERTE TYSKLAND: Ola Toivonen sende Sverige i leiinga i det 32. minutt. Om det hadde stått seg hadde Tyskland vore ute av VM allereie.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Ola Toivonen fekk ein ball frå Viktor Claesson. Toivonen tok ned ballen med brystkassa før han i duell med Jérôme Boateng lykkast i å løfte ballen over Manuel Neuer i Tyskland-buret.

– Det er eit svensk vedunder på midtsommardagen. Tyskland er sjokkerte. Heile Sverige står stille. Ola Toivonen er Sveriges mest populære mann akkurat no, sa NRK-kommentator Olav Traaen.

Laster Twitter-innhold

Sjå høgdepunkta frå kampen her:

1 av 12
2,605 visninger

Tyskland med sjanse, men i offside

  • Tyskland med sjanse, men i offside

    0:20
  • Kroos scorer på frispark

    0:16
  • Toivonen sender Sverige opp i ledelsen

    0:18
  • Tyskland får en sjanse

    0:08
  • Tyskland utligner

    0:23
  • Tyskland nær ved å gå opp i ledelse

    0:27
  • Berg alene med keeper

    0:17
  • Forsberg får en sjanse

    0:14
  • Boateng får rødt kort

    0:28
  • Enorm sjanse til Tyskland

    0:22
  • For en sjanse for Tyskland!

    0:25
  • Sjanse til Sverige på overtid

    0:10

Snytt for straffe?

Det hadde også vore svært dramatisk i Sotsji før scoringa.

Etter eit hektisk Tyskland-press i opningsminutta slo brått Sverige kontra i det 12. minutt. Marcus Berg kom åleine mot Manuel Neuer i Tyskland-buret.

Det var klar kontakt mellom Berg og Jérôme Boateng før avslutninga gjekk rett på Neuer. I alle tilfelle var Boateng nok borti Berg til at Sverige-spissen kom i ubalanse då han skulle avslutte.

«Alle» venta på at Szymon Marciniak skulle nytte seg av VAR-systemet for å sjå situasjonen på nytt. Men den polske dommaren tok ikkje denne moglegheita – noko som fekk mange til å reagere, mellom dei Hanna Marklund i TV4 sitt studio.

– Det der var straffe. Boateng er jo ikkje på ballen der, sa Marklund – på dagen 20 år etter det legendariske straffesparket Norge fekk i Marseille.

SOCCER-WORLDCUP-GER-SWE/

Mange meinte at Marcus Berg skulle ha hatt straffe etter duellen med Jérôme Boateng. Berg kom i ubalanse. Avslutninga hans vart redda av Manuel Neuer.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

– Det blir ein fantastisk kamp

Før siste runde i gruppe F har Mexico seks poeng, medan både Tyskland og Sverige har tre. Tyskland skal møte poenglause Sør-Korea.

– Sverige mot Mexico blir ein fantastisk fotballkamp. Det er to lag med heilt forskjellige spelestilar. Eg trur Sverige kan ta dei, sa Sven-Göran «Svennis» Eriksson, tidlegare England-trenar, til TV2.

Laster innhold, vennligst vent..

Sportsnyheter

Sydde ti sting etter stempling i ansiktet: – Halve hodet hans var åpent

Bård Finne satte knottene rett i ansiktet på KFUM-keeper Emil Ødegaard, som endte på legevakten. Men om det var rødt kort var ekspertene rivende uenige om.

Ben White

Oppsiktsvekkjande Arsenal-grep felte rivalen: – Idiotisk av Spurs

Arsenal senka Tottenham i jakta på ligagull. Eit oppsiktsvekkjande daudballgrep frå «The Gunners» blir hylla av NRKs ekspert.

Siste nytt

  • Thorstvedt-mål ikke nok for Sassuolo

    Kristian Thorstvedts scoring hjalp lite da Sassuolo tapte 1-5 borte mot Fiorentina i Serie A søndag kveld.

    Grønntrøyene fortsetter dermed på 19.-plass og har fem poeng opp til Empoli på trygg plass når det gjenstår fire kamper av sesongen.

    Thorstvedt skapte fornyet håp for gjestene da han banket inn 1-2-scoringen etter 57 minutter.

    Dessverre for siddisen og resten av Sassuolo-laget økte Nicolás González til 3-1 det påfølgende minuttet. Vertene var imidlertid ikke ferdig der, for bare ni minutter etter Thorsvedts scoring hadde Fiorentina satt inn ytterligere to mål.

    Dermed begynner det å se fryktelig skummelt ut for Thorstvedt & co. I kampen om å beholde plassen skal Sassuolo opp mot Inter (h), Genoa (b), Cagliari (h) og Lazio (b).

    Emil Konradsen Ceide startet kampen på benken, men kom inn etter 73 minutter. Marcus Holmgren Pedersen så hele oppgjøret fra sidelinjen. (NTB)

    Kristian Thorstvedt
    Foto: AP
  • Daland reddet uavgjort for Cercle Brugge – Vetlesen med mål og assist i Brugge-seier

    Jesper Daland berget 1-1 for Cercle Brugge hjemme mot Anderlecht, mens Hugo Vetlesen herjet i Brugges 3-0-seier borte mot Genk i belgisk fotball søndag kveld.

    Den belgiske ligaen har gått over i sluttspillsfasen, hvor Anderlecht topper mesterskapsgruppen. Det er imidlertid bare målforskjell som skiller Brugge på 2.-plass.

    Søndag gjestet Vetlesen & co. Genk, som har falt av i toppkampen etter 0-3-tapet.

    Kyriani Sabbe sendte gjestene i ledelsen etter 38 minutter, før Vetlesen doblet halvveis inn i andre omgang. Fire minutter senere gjorde nordmannen seg tellende igjen da han spilte opp Igor Thiago på 3-0-målet.

    Antonio Nusa startet også for gjestene, men ble byttet ut til pause.

    Cercle Brugge er også hektet av i gullkampen, men Daland ga imidlertid en håndsrekning til landsmann Vetlesen i kampen om ligagullet da han sikret 1-1 etter 51 minutter.

    Kristian Arnstad satt hele kampen på benken for Anderlecht. (NTB)

    Hugo Vetlesen
    Foto: AP
  • Elleville overtidsminutter da Odd reddet uavgjort

    Tre sene scoringer sørget for 3-3 mellom Odd og Viking i Skien.

    Viking-kaptein Zlatko Tripic trodde han hadde avgjort det hele da han scoret fire minutter på overtid. Men Odd ville det annerledes. Mikael Norø Ingebrigtsen scoret seks minutter på overtid og reddet ett poeng for hjemmelaget.

    Harald Tangen Nilsen scoret kampens første mål etter 25 minutter. Kun ti minutter senere var kampen snudd. Først med et skudd fra Odds Tobias Svendsen via en Viking-spiller og i mål, så med en ny fulltreffer fra sammen mann etter en pasning ut 45 grader og inn i feltet.

    Viking presset på for utligning i andreomgang, og lyktes fire minutter før fulltid med et skudd fra Peter Christiansen.

    Så scoret Tripic etter et godt forarbeid fra Lars-Jørgen Salvesen, før Ingebrigtsen ga Odd ett poeng med et vakkert skudd.

    Odd ble i tillegg redusert til ti mann like før Ingebrigtsen 3-3-utligning, da Mihajlo Ivancevic fikk sitt andre gule kort på overtid.

    Hjemmelaget befinner seg dermed på 8. plass, med Viking to plasser bak etter henholdsvis seks og fem spilte kamper.

Sendeplan

Kl. Program Kanal