Hopp til innhold

Slik blei niåringen inspirert til å bli den viktigaste i klubbhistoria

Lillestrøm Sportsklubb er 100 år. Tom Lund har vore klubbmedlem i 60 av dei, og blir rekna som den desidert viktigaste personen i LSK-historia.

LSK 100 år

UVURDERLEG: Tom Lund er rekna som den viktigaste personen i 100 år gamle LSK si historie

– Mitt første store fotballminne har eg frå den gongen spelarane kom heim etter å ha vunne serien i 1959, fortel Tom Lund.

Det er ein onsdagskveld i august. Ein ni år gammal gut set seg på sykkelen og syklar frå heimen sin i utkanten av Lillestrøm og inn til sentrum. Der har byens heltar gjort ein bragd svært får trudde dei skulle makte.

– Det var stort å sjå det store laget kome heim etter 4-1 over sjølvaste Fredrikstad, seier han.

Lillestrøm hadde nemleg greidd det umogelege. I omkampen i det som var seriefinalen i dei dagar hadde LSK først spela 2-2 mot storfavoritt Fredrikstad. Og vunne 4-1 i omkampen på Ullevaal.

– Eg sleit fælt med å få sykkelen med meg rundt hushjørna inne i sentrum, det var så mykje folk. Men eg måtte få sjå heltane, og måtte slite meg gjennom folkemengda for å kome nær nok til å sjå spelarane.

– Det var ufatteleg mange som ville ta imot og hylle dei som hadde utspela Fredrikstad med 4-1, fortel niåringen, som no har blitt 66.

Spelarane kom rett frå kampen på Ullevaal til mottaking på restaurant Carlton i sentrum av Lillestrøm, der lydbandopptak av seriefinalen var underhaldninga.

LSK hadde vunne sitt første trofe. Og guten som sleit seg gjennom folkemengda med sykkelen sin skulle bli den aller største i LSKs hundre år lange historie.

– Ei inspirasjonskjelde

Tom Lund

AMATØREN: Tom Lund på tribunen på Åråsen i 1973. Han jobba som seljar parallelt med spel for LSK i 3. divisjon. Og var på landslaget

Foto: Ivar Aaserud / NTB scanpix

– Det var ei inspirasjonskjelde for meg, noko som sette seg i sjela mi. Det fekk meg til å ønskje at dette var verkeleg noko eg kunne vere med på og ein del av, seier Tom Lund til NRK der han sit på Åråsens gulsvarte tribune og mimrar.

– Og det fekk eg lov til. Det er eg veldig taknemleg for, seier Lund.

Tom Lund opplevde mange store stunder. Men ein kamp, ein augneblink, var større enn noko anna:

Kampen mot Bryne på Åråsen 17. oktober 1976. LSK vann 2-0 og blei seriemeister, berre tre år etter at Tom Lund og klubben var i 3. divisjon.

– Det er det beste minnet mitt. Vi hadde fullbyrda framgangen og vunne serien. Det var eit klimaks etter sju år i 3. divisjon og eitt i 2. divisjon. Vi spela vårt andre år i 1. divisjon og hadde gått ein lang veg, seier Tom Lund.

– Det bobla over

Det heile blei avgjort i siste runde mot Bryne. Med Mjøndalen halsande like bak, måtte LSK vinne.

Det var vinterleg. Åråsen måtte måkast før kampen. Forholda var vanskelege.

Tom Lund gav LSK leiinga med ei flott scoring nokre minutt etter pause. Sjølv sindige Tom Lund mista då alle hemningar og jubla vilt.

– Det var ufatteleg stor, det bobla over. Og det var ekte idrettsglede, smiler Tom Lund på tribunen på Åråsen meir enn 40 år etterpå. Saman med Per Berg, kapteinen som sikra 2-0-sigeren på straffespark mot slutten av kampen. Det skulle også bli Bergs siste kamp for LSK.

Tom Lund og Per Berg

STØRST: - Tom er den desidert viktigaste personen i LSKs historie, seier Per Berg (t.h.). Lund og Berg var lagkameratar, og begge scora då Lillestrøm slo Bryne 2-0 og tok seriemeisterskapet i 1976. - Mitt beste minne frå karrieren, seier Tom Lund

Foto: Harald Thingnes / NRK

– Viktigaste personen i LSK-historia

– Tom er den desidert vikigaste personen i LSKs historie, seier Per Berg bestemt. – Laget hadde ikkje gjort det så bra utan Tom, det er eg heilt sikker på.

Berg er sjølv stor i LSKs historie, både som spelar, leiar og investor. Men han er ikkje det minste i tvil om at den største i LSKs hundre år lange historie, er Tom Lund.

– Han var ein magnet både for publikum, media og å hente inn spelarar, seier Berg, som var med i leiinga av klubben i alle år etter at han gav seg som aktiv.

– Om han hadde spela på Strømmen, kva hadde skjedd då?

– Det er vanskeleg å seie. Men det hadde neppe sett slik ut her no, seier Berg og ser utover Åråsen.

– Større rolle enn det ser ut som

– Vi hadde eit samarbeid her på 2000-talet då vi prøvde å få klubben opp igjen i toppen. Det lykkast ikkje heilt, men vi fekk ein cupsiger og nokre fjerdeplassar i serien, seier Berg. Lillestrøm slo Haugesund 2-0 i finalen i 2007, den siste triumfen til klubben. Siste seriegullet kom i 1989.

– Tom har også vore i kulissane her og spela ei rolle, kanskje større enn det har sett ut til utover.

Han spela i LSK i 16 sesongar, frå debuten som 16-åring i 1967 til han gav seg i 1982. Dei første sju sesongane heldt LSK til i 3. divisjon, men Tommy nekta å skifte klubb, trass landslagsplass og tilbod frå toppklubbar.

Skulle erstatte Cruyff

Tom Lund mot Sverige

LANDSLAGSKAPTEIN: Alt som 3. divisjonsspelar var Tom Lund på landslaget, og han fekk 47 kampar for Norge. Her frå ein VM-kvalifiseringskamp mot Sverige i 1977. Tom Lund var kaptein, og Norge vann 2-1

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Mest oppsikt vakte det då han takka nei til Ajax, som hadde vunne europacupen tre gonger på tidleg 70-tal. Ajax ville ha den norske 3. divisjonsspelaren som erstattar for Johann Cruyff.

Lønna fekk han med to raske opprykk i 1973 og 1974. To år etterpå vart dei seriemeister.

Lund vedgår at året etter var endå større for klubben. Då blei det The Double, siger i både serie og cup.

Tom Lund scora sjølv målet som gav LSK 1-0 over Bodø/Glimt i cupfinalen.

– Det var stas med cupen, for den hadde vi aldri vunne før, seier han. – Slik sett er 1977 det største året i Lillestrøms historie. Men for meg var 1976 det beste minnet, seier Lund.

For landslaget blei det 47 kampar og 12 mål.

Etter at Tom Lund gav seg – han var berre 32 år – gjekk det også mot slutten på Lillestrøms tid i toppfotballen. Dei tok seriegul også i 1986 og 1989, men så var det slutt. Etter det har dei berre cupfinalesigeren i 2007 i premieskåpet.

Avslutta med scoring

Tom Lund 1982

SISTE KAMP: Tom Lund avslutta karrieren 10. oktober 1982 med mål og målgivande i 2-2-kampen mot Moss

Foto: Inge Gjellesvik / NTB scanpix

Han avslutta karrieren med si 154. scoring for LSK i 2-2-kampen mot Moss 10. oktober 1982.

Men klubblegenden trur at Lillestrøm kan bli topplag igjen. Klubben har vore i øvste divisjon samanhengande sidan 1975. Det er lenger enn noko anna lag.

– Med rett jobbing kan vi klare det. Det har vore gjort mykje rett i LSK sjølv om det har butta imot. Om vi kan kome oss vekk frå fokuset om å ikkje rykke ned, slik vi har gjort dei siste åra. Mentaliteten må snuast frå det å klare seg til å sjå oppover. Det ligg latent i klubben. Eg trur det ligg godt til rette for å gjennomføre dei første stega i år, seier Tom Lund.

– For dårleg trening av for mange trenarar

Per Berg har si klare oppfatninga av årsaka til motgangen dei siste sesongane.

– Det har blitt trena for dårleg – for lite og med for dårleg intensitet. Fleire trenarar etter kvarandre har lagt ned eit altfor dårleg arbeid på treningsfeltet. Med Arne (Erlandsen) som ny trenar ser det ut til å bli endring på det, seier Berg.

Erlandsen tok over treninga av klubben i fjor haust, på eit tidspunkt då LSK låg på nedrykksplass. Men i løpet av dei siste kampane tok klubben seg inn på trygg grunn.

– Eg er sikker på at Arne er rette mannen til å garantere for betre trening, seier Tom Lund.

Lillestrøm 1977

THE DOUBLE: Dette LSK-laget vann både serie og cup i 1977, det største året i klubbhistoria. Tom Lund scora målet som gav 1-0 over Bodø/Glimt i cupfinalen

Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix

Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal