Hopp til innhold

Dukka opp i desse fargane – blei trua med disk: – Komplett idiotisk

Sykkelstjerna Tadej Pogacar (25), som leier Giro d' Italia, møtte opp i ikkje-matchande rosa shorts. Da såg juryen raudt.

Tadej Pogacar med rosa trøye og lilla shorts

FARGEKRASJ: Det meiner iallfall juryen i Giro d' Italia som blei svært opprørt over at Tadej Pogacar ikkje brukte matchande rosafarge på shortsen.

Foto: LUCA BETTINI / AFP

– Dei er fullstendige på ville vegar. Når dei kjem med slike truslar ønsker dei å gjere seg sjølve større enn idretten. Det er komplett idiotisk å berre nemne ei slik straff.

Det seier Henrik Alpers til NRK. Han jobbar som journalist i Landevei.no og er oppteken av sykkelmote.

Henrik Alpers

MEININGSLAUST: Den moteinteresserte sykkeljournalisten Henrik Alpers ristar på hovudet over motehandteringa til juryen.S

Foto: Andy Bokanev

Starten på det som nærast har enda som ein moteskandale i sykkelsporten, skjedde etter den andre etappen i Giro d' Italia.

Da køyrde Pogacar seg inn i den ikoniske rosa leiartrøya i trevekersrittet. På starten av tredje etappe måndag dukka han opp i den riktige rosafargen på overkroppen, men «feil» farge på shortsdelen.

Da starta problema.

Sjå forskjellen på shortsane her:

R-wjUOufeTg

UHØYRT: Fargen på denne shortsen matcha ikkje den rosa trøya. Det fall ikkje i god jord hos juryen.

SyEno4N_WkQ

KLESBYTE: På den fjerde etappen tysdag gav Tadej Pogacar og laget etter: Dei gjekk for den svarte lagshortsen.

ZO8MebpvWNo

BUKKA UNDER: Laget ønskjer ikkje å risikera UCI-straff, dermed var det berre å føya seg for motepolitiet til rittet, også kjent som kommisjonærane.

Ifølge Cyclingnews, som omtalte saka først, tok kommissærar frå Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) kontakt etter den tredje etappen. Dei var ikkje fornøgde med det alternative fargevalet.

Dei skal ha åtvara laget om at Pogacar ville bli diska frå løpet dersom han ikkje brukte rett farge på shortsen.

– Eg har buksene, men inga aerodynamisk heildrakt lenger. Nå kan det hende at eg ikkje kan angripe lengre, sidan eg ikkje er så rask lenger, seier ein spøkefull Pogacar ifølge Cyclingnews.

Ville det vore rett å straffa Pogacar?

– Barnsleg og usportsleg

Den lilla shortsen med feil farge hadde blitt tildelt laget frå RCS Sport som arrangerer trevekersrittet.

– Det å trua med å overstyra det sportslege mot ein utøvar som genererer store inntekter, er så veldig symptomatisk for korleis sykkelsporten er. Det er barnsleg og usportsleg framferd frå det internasjonale sykkelforbundet og kommissærane, seier Alpers.

g3Q_MU9aKyk

TILBAKE I RETT FARGE: Tadej Pogacar på startstreken med «rett» farge på shortsen før den femte etappen onsdag.

Foto: LUCA BETTINI / AFP

Høvet for fargebytet på shortsdelen var for å heidre fotballklubben Torino. Dei speler kampar i same lillafarge som shortsen Pogacar sykla med på tredje etappe.

Klubben markerte at det var 75 år sidan Superga-flyulykka skjedde – og dette var hyllesta til Giro-arrangøren etter ulykka. Alle dei 31 personane om bord omkom etter styrten som skjedde kort tid etter avgang 4. mai 1949.

– I dag køyrer eg naken

Både arrangøren og utstyrsleverandøren prøvde i etterkant å forklare UCI-kommissærane at reglane tillèt fargar i to tonar.

– Eg veit ikkje kor mykje eg kan seie. Arrangøren gav oss den aerodynamiske drakta som eg brukte, før UCI ringde og sa at «denne er ulovleg», sa Pogacar til Eurosport før den fjerde etappen der han beheldt leiartrøya.

På denne etappen valde Pogacar å møte opp i laget sine eigne fargar, nemleg svart. Han leiar Giroen totalt sett, 2 minutt og 36 sekund foran nummer to.

Les også Disse scenene vekket avsky i sykkelmiljøet - nå skal tilskueren ha meldt seg

Laurdag morgon bekreftar UCI til Eurosport at dei har avgjort at Pogacar ikkje vil risikere å bli diskvalifisert frå Giroen om han fortset å bruke den omstridde shortsen.

– I dag køyrer eg naken, kommenterer ein humoristisk Pogacar til nyheita.

– Rett og slett unødvendig pirkete

I sykkelsporten finst det fleire strenge reglar for klede. Dette fekk blant anna Uno-X oppleve før Tour de France. Der er leiartrøya gul og Tour-arrangøren bad laget endre farge på drakta slik at laget ikkje skulle bli forveksla med leiaren i rittet.

Dei endra lagfargen frå gult til raudt.

Ei slik korrigering støttar Alpers, men dei strenge truslane frå juryen og kommissærane mot Pogacar er heilt uforståeleg, meiner han.

– Det er inga misforståing om kven dette er. Dette regelbrotet har ingen konsekvensar, verken for ryttarar, publikum eller sporten. Dei kunne berre prata med laget og ryttaren for å be dei skifte farge. Eventuelt kunne dei også gitt ei bot med krav om at bota skulle betalast til eit velgjerande formål, foreslår Alpers.

  • I 2023-utgåva av Giro d' Italia forårsaka ein hund massevelt:
På den femte etappen av årets Giro d' Italia forviller plutselig en hund seg inn i løypa. Det skapte en massevelt og verst gikk det ut over verdensmester og sammenlagtkandidat, Remco Evenepoel

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal