Thriller-avslutning: Sverige vidare - kven slår følgje?

I dei tette og jamne EM-gruppene kan det bli avgjort på små marginar når det skal spelast om plass i åttedelsfinalane.

Harry Kane, Gareth Southgate

England er videre i EM. Men gruppe D er fortsatt relativt uavklart.

Foto: Facundo Arrizabalaga / AFP

Dei neste dagane kan det bli høgdramatisk i fleire grupper når det skal spelast om plass i åttedelsfinalen i EM.

I fleire grupper kan det hende at poeng, innbyrdes oppgjer og målskilnad ikkje klarer å skilje laga. Då må det andre og meir spesielle kriterium inn.

I rekkefølgje er det dette som avgjer kven som legg seg øvst i gruppa:

  1. Flest poeng
  2. Innbyrdes oppgjer
  3. Best målskilnad
  4. Flest skåringar
  5. Flest sigrar
  6. Færrast gule og raude kort
  7. Ranking basert på EM-kvalifiseringa

Dette vil gjelde i dei enkelte gruppene, men det vil òg gjelde i kampen om å bli beste trear. Det er nemleg slik at fire av dei seks laga som hamnar på tredjeplass får spele åttedelsfinalar.

I fleire av gruppene er det sannsynleg at lag som endar med fire poeng hamnar på tredjeplass og må håpe å ha best kort på handa.

Amerikanske ESPN har laga oversikt på korleis dei fem resterande gruppene kan bli avgjorde.

  • Denne saka vil bli oppdatert etter kvart som kampane er avslutta, slik at du kan få full oversikt over kven som avanserer frå gruppespelet, og kvifor.

Gruppe A

I gruppe A sikra Italia seg avansementet etter at dei slo Sveits 3–0 i gruppespelets nest siste kamp. Med siger mot Wales i den siste kampen vann dei også gruppa si.

Kampen om andreplassen blei hakket meir spennande. Der enda både Sveits og Wales enda på fire poeng. Då var det først innbyrdes oppgjer som skulle skilje laga, men då den kampen enda 1–1 måtte ein gå til steg nummer tre.

Der var det målskilnaden som skulle separere laga, og Sveits sitt 3–0 tap mot Italia blei avgjerande. Sidan Wales haldt sitt tap mot Italia til 1–0, hadde Wales to mål betre målskilnad enn sveitsarane, og sikra seg andreplassen.

Dermed måtte Sveits håpe at fire poeng og -1 i målskilnad skulle vere nok til å bli ein av dei fire gruppe-trearane som også tok seg vidare. Dei trong berre vente i eitt døgn, for både Ukraina og Finland la seg bak dei på tabellen over 3.-plassane, og avansementet var i boks.

Tyrkia enda sist i gruppa, utan poeng og med -7 i målskilnad.

Gruppe B

Belgia var allereie vidare før den siste kampen i gruppespelet, og med sigeren mot Finland sikra dei seg også førsteplassen i gruppa.

Men kampen om dei resterande plasseringane i gruppa var intens, og det var mange eventualitetar innblanda før den siste kampen i gruppe B.

Til dømes: dersom danskane hadde vunne 1–0 over Russland, og Finland hadde tapt 0–3 mot Belgia, ville 3.-plassen i gruppa bli avgjort på fair play, altså kven som har færrast gule og raude kort.

Der låg Finland ann til å stikke av med sigeren, med sine fire gule kort, mot Russlands fem. Danmark ville teke andreplassen takka vere betre målskilnad innbyrdes.

Men heldigvis gjorde dei det ikkje så innvikla for oss, men spenninga haldt dei på heilt inn.

For kampane enda til slutt med 4–1 siger til Danmark over Russland, og 2–0 siger til Belgia over Finland.

Danmark

AVANSEMENT: Det var frykteleg tett i gruppe B, men til slutt tok dei seg vidare, takka vere betre målskilnad enn Russland og Finland i deire innbyrdes oppgjer.

Foto: Stuart Franklin / AFP

Dermed vann Belgia gruppa med ni poeng, medan dei resterande plassane blei avgjort på innbyrdes oppgjer mellom Finland, Danmark og Russland. Altså, i teorien blei kampane mot Belgia blei strøket for å danne ein intern tabell mellom dei tre nasjonane som enda på lik poengsum.

Og gjennom kampen endra tabellposisjonen seg fleire gongar. Alle tre var alle på eit punkt gjennom kampen innom 4.-plassen.

Men når Danmark etter kvart bøtta inn med mål mot Russland, gjorde det til slutt at dei tok andreplassen, Finland enda på tredje, og Russland la seg sist i gruppa, alt på grunn av målskilnaden på innbyrdes oppgjer, ettersom alle enda på 3 poeng i den tenkte tabellen.

Til den som er nysgjerrige, så var målskilnaden innbyrdes som følgjer: Danmark (+2), Finland (0) og Russland (-2).

Dermed er Danmark og Belgia klare for åttandedelsfinalen, medan Finlands håp om avansement heng i ein tynn, tynn tråd, med tre poeng og -2 i målskilnad.

Gruppe C

Nederland sikra førsteplassen med siger over Nord-Makedonia, medan Austerrike sikra avansement då Ukraina blei slått 1-0.

Ukraina sikra seg avansement frå gruppa som ein av dei beste trearane, til tross for at dei berre stakk av med tre poeng, og ein målskilnad på 4-5.

Nord-Makedonia blei ståande med null poeng og to scora mål.

Gruppe D

Gruppe D er endå ei gruppe der det raskt kunne blitt komplisert. Før den siste runda var det to ting som var sikkert:

  1. Tsjekkia og England var allereie vidare. Med sine fire poeng ville dei dårlegast bli nummer tre i gruppa, og fire poeng ville uansett vere nok til å sikre avansementet som ein av dei beste trearane.
  2. Skottland og Kroatia måtte begge vinne kampen seg i mellom for å kunne avansere. Med uavgjort ville begge enda på to poeng, og best bli nummer tre i gruppa. To poeng ville ikkje vore nok til å kvalifisere seg som ein av trearane, og EM-eventyret ville vore over.

Englands 1-0 siger over Tsjekkia gjorde at engelskmenna stakk av med gruppesigeren, og som lønn for strevet får dei møte gruppetoaren i «dødens gruppe»

I den andre avslutningskampen i gruppe D møttest Kroatia og Skottland på Hampden Park, begge lag vel vitande om at ein siger ville sikre avansementet.

Og framfor nesten 10.000 tilskodarar i den skotske hovudstaden var det Kroatia som var sterkast, med sin 3-1 siger.

Det gjorde at både Kroatia og Tsjekkia enda på fire poeng i gruppespelet, kampen innbyrdes enda 1-1, og på målskilnad la begge laga seg på +1 mål. Dermed måtte ein heilt ned på punkt nummer fire for å finne ut av kven som kom på 2.- og 3.-plass i gruppa.

På punkt fire, altså flest skåringar, var det Kroatia som var hakket sterkare enn Tsjekkia. Dei skåra fire gongar i gruppespelet, Tsjekkia enda på tre mål. Dermed får Kroatia, som gruppetoar, møte 2.-plassen i Sverige si gruppe i åttedelsfinalen.

Gruppe E

Svenskane hadde allereie sikra seg avansementet frå gruppa før siste kampdag, men det skulle likevel spelast om ein gruppesiger når Sverige møtte Polen, og Spania møtte Slovakia.

Sverige sikra seg ein sein siger i denne kampen, noko som gjorde det enkelt å kome fram til rekkefølgja på laga i gruppa. Sverige enda opp som vinnar, Polen enda sist, og Spania sin knusande siger over Slovakia gjorde at spanjolane klatra opp på 2.-plassen og sikra avansementet. Enkelt og greitt.

Men på eitt punkt såg det likevel ut som om det kunne blitt nokre hakk meir innvikla. For medan Spania var i føringa 1–0 mot Slovakia, hadde Robert Lewandowski ein eventyrleg sjanse til å utlikne til 1–1 mot Sverige. Hadde dette blitt sluttresultata kunne det blitt interessant.

Då ville Sverige og Spania begge enda på fem poeng, møtet mellom dei enda 0-0, målskilnaden og talet på skåra mål vil begge vore likt (2–1). Begge ville også avslutta gruppespelet med ein siger kvar, og dermed ville fair play avgjort.

Men også her var dei to laga akkurat då like gode med fire gule kort kvar, og ein ville vore nøydde til å gå tilbake til kvalifiseringa for å finne ut av kven som stakk av med gruppesigeren.

Og her ville Spania teke ein komfortabel siger, som det 5. beste rangerte laget i kvalifiseringa, medan Sverige var nummer 17.

Men heldigvis slapp andre enn underteikna og andre spesielt interesserte å tenkje over slike scenario takka vere siger til både Sverige og Spania.

Og når Slovakia også tapte med meir enn tre mål mot Spania, la dei seg inn bak alle dei andre gruppetrearane som er ferdige med gruppespelet. Dermed er deira EM-eventyr over.

Gruppe F

Her kan det òg bli dramatisk – spesielt dersom Ungarn skapar trøbbel for Tyskland. Frankrike sikrar førsteplassen med siger mot Portugal, men dei har allereie kvalifisert seg til utslagsrundane.

Ved fransk tap mot Portugal, vil dei fire poenga deira halde for å ta seg vidare som ein av dei beste trearane.

Cristiano Ronaldo

I TRØBBEL: Cristiano Ronaldo og Portugal bør ta poeng for å føle seg sikre på avansement.

Foto: Christof Stache / AFP

Tyskland er òg garantert avansement dersom dei vinn mot Ungarn. Dei vil då ta førsteplassen dersom Frankrike tapar eller spelar uavgjort. Eitt poeng held til å nå topp to dersom Portugal går på eit poengtap.

Ein portugisisk siger vil sikre avansementet deira, uansett korleis den andre kampen i gruppa endar.

Dersom dei spelar uavgjort vil det også vere nok dersom Tyskland tapar mot Ungarn. Dei vil då uansett ta seg vidare som ein av dei beste trearane med fire poeng.

Dersom Portugal tapar, må dei håpe at Ungarn ikkje vinn kampen sin, for då vil Ungarn klatre forbi både Tyskland og Portugal. Sistnemnde vil uansett ikkje hamne høgare enn tredjeplass med tre poeng, og det er derfor ingen garanti for at dei tek seg vidare, sjølv blant trearane.

Siste nytt

  • Ruud endeleg i gang

    Casper Ruud er endeleg i gang med 2.-rundekampen mot Mario Vilella.

    Kampen skulle starta klokka 18.30, men blei utsett i over to timar på grunn av regn. Det var ei stund usikkert om det bille bli spel i kveld.

    Britain Wimbledon Tennis
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • LSK puster topplagene i nakken

    Et særdeles vellykket dobbeltbytte og en scoring av målmaskinen Thomas Lehne Olsen ga formsterke LSK 2-0-seier over Sarpsborg i Eliteserien onsdag.

    Lillestrøm sto med åtte seriekamper uten tap foran hengekampen på eget gress. Nå er rekken forlenget til ni. Samtidig klatret kanarifuglene til tredjeplass på tabellen.

    Opp til serietoer Bodø/Glimt skiller det kun ett poeng, mens ledende Molde har seks poeng til gode på mannskapet til Geir Bakke. LSK har samtidig én kamp til gode på begge.

    Thomas Lehne Olsen scoret det første, og har nå bare Moldes Ohi Omoijuanfo (15 mål) foran seg på toppscorerlista. Olsen har 12 mål.

    Det første målet i kampen kom fra innbytter Kaan Kairinens fot. Finnen kom inn i pausen og scoret nærmest umiddelbart.

    B_aef3N0KMg
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Haugesund slo tilbake

    Laurdag blei Haugesund det einaste eliteserielaget som måtte seie takk for seg i cupen alt i 1. runde. I dag kom dei sterkt tilbake med 2-1 over Strømsgodset.

    Kristoffer Velde sende heimelaget i tet med eit hardt skot etter 26 minutt. 1-0 blei også omgangsresultatet.

    Timen var spela då Ibrahima Wadji dobla leiinga og såg ut til å gi Haugesund ein grei siger.

    Men berre ni minutt etterpå reduserte Fred Friday for Godset, som var nær utlikning på overtid.

    Haugesund kleiv opp til sjetteplass med sigeren, og er berre tre poeng bak sølplassen på den jamne tabellen.

    Kristoffer Velde
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal