Hopp til innhold

Sende Austerrike vidare etter hovudsmell: – Det er hårreisande at han fekk spele vidare

Premissane før kampen var klare. Austerrike måtte slå Ukraina for å sikre avansement frå gruppa, medan uavgjort ville halde for Ukraina. Til slutt var det ein Christoph Baumgartner med hovudskade som blei avgjerande.

SMELL: Christoph Baumgartner fekk seg ein smell i hovudet, så skåra han Austerrikes vinnarmål, før han måtte gi seg.

På eit hjørnespark gjekk nemleg Austerrikes midtbanespelar Baumgartner i bakken då han fekk ein ordentleg trøkk i hovudet etter duell med ein Illja Zabarnyj.

Berre nokre minutt seinare var han tilbake på bana igjen, og skulle ende opp med å skåre kampens einaste mål.

– Openbert noko gale

Tidlegare Premier League-storskårar Chris Sutton følgde kampen for BBC. Han var kritisk til at Baumgartner fekk lov til å spele vidare etter hovudsmellen.

– Dei austerrikske legane har eit ansvar ovanfor spelarane om å ta riktige val. Baumgartner burde blitt bytta ut med ein gong, og fått tilsyn av ein uavhengig doktor. Det er heilt hårreisande at han fekk spele vidare, seier Sutton til BBC.

I RTE sitt studio sat tidlegare Chelsea-spelar Damien Duff. Også han meinte at Baumgartner burde blitt teken av bana.

– Det er kvalmande å sjå han gå ned. Han er nede i kneståande to eller tre gongar. Spelarane trur dei er uovervinnelege, at «det er ingenting som er gale med meg», men det er openbert noko gale med Baumgartner der, seier han.

– Det er ikkje uvanleg at spelarar held fram etter ein hovudskade, men ein ønskjer å forhindre det med å ta ut spelarane umiddelbart, seier Sand.

5Yw4Zr4vXPE

Ola Sand.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ved slike hovudskadar skal legane avgjere om spelarane får halde fram eller ikkje. Sand forklarar at ein utfører ein liten test på spelarane, der ein stiller enkle spørsmål for å sjå om spelarane er ved sine fulle fem.

Dei høyrer også på spelarane sjølve, for å få vite om dei kjenner noko ubehag. Men han seier at det er vanskeleg å utføre ein omfattande kognitiv test.

– Adrenalin gjer også at ein spelar føler at han kan halde fram, og av og til kjem symptoma fyrst etter nokre minutt, seier Sand.

Blei matchvinnar

Det kan ha vore det som gjorde at Austerrike valde å behalde 21-åringen på bana etter duellen med Zabarnyj.

Og på eit hjørnespark like etter var han nok ein gong i duell med Zabarnyj. Denne gongen drog han seg fri, og gav Austerrike leiinga midtvegs i den første omgangen.

– Dei har rett og slett blitt skaka i opninga her, Ukraina, sa TV 2s kommentator Endre Olav Osnens etter at Austerrike hadde teke leiinga.

Skaka hadde også Baumgartner blitt etter smellen han fekk. Utover i omgangen var han nede i kneståande ved fleire anledningar, og måtte til slutt kaste inn handkleet berre ti minutt etter at han hadde sendt Austerrike i føringa.

Men skåringa hans var også kampens einaste, og sørga for at Austerrike tok tre særs viktige poeng.

– Avansementet føles framleis ikkje verkeleg. Hovudet mitt gjer ordentleg vondt, sa Baumgartner etter kampen, ifølgje nyheitsbyrået DPA.

1–0 sigeren sende nemleg Austerrike forbi Ukraina på tabellen, og opp på ein andreplass, og dermed sikkert avansement frå gruppespelet.

Ukraina må på sin side no må vente i spenning for å finne ut av om dei avanserer til utslagsrundane som ein av dei beste trearane i gruppespelet, eller om EM-eventyret er over for denne gongen.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal