– Eg trur ikkje eg kan trene skikkeleg med dei andre i løpet av denne samlinga her, seier Aksel Lund Svindal.
Han er i Chile på treningsleir saman med resten av det alpine fartslaget. Men etterverknadane av kneskaden han fekk i skrekkfallet i Kitzbühel i januar er framleis godt merkbare.
– Det blir nok ikkje før seinare i haust, kanskje i USA, seier Svindal til NRK.
I Chile må han trene roleg for seg sjølv.
– Det blir mest frikøyring, ikkje løypekøyring, seier han. – Nokre lette portar lengst nede i løypa kan det nok bli, men eg kan ikkje trene for fullt med dei andre.
Forsiktig med det «nye» kneet
Skaden etter det spektakulære og stygge fallet i Kitzbühel viste seg nemleg å vere langt meir komplisert enn det først såg ut til. Korsbandet rauk, og i tillegg var det knusingsskadar og brusk i kneet.
Det merkar han godt enno, nesten åtte månader seinare.
Derfor må han vere forsiktig med å belaste det «nye» kneet. Først i slutten av august våga han å prøve seg på ski igjen. NRK var med då han testa ski og kne i italienske Stelvio.
– Eg har smerter i kneet, og det blir også lett hevelsar. Det toler ikkje full trening enno, seier Svindal.
– Men det er ikkje smertene som gjer at eg er forsiktig. Det er frykta for å overbelaste kneet for tidleg.
71 dagar til Lake Louise
– Er det utfordrande å vere saman med dei andre utan å kunne trene med dei?
– Det kan det bli når vi kjem til Portillo i helga. Der skal dei begynne med utfor. Men det skal nok gå greitt.
Om 71 dagar startar verdscupsesongen for fartskøyrarane i kanadiske Lake Louise.
– Er du betenkt?
– Midt på treet. Eg var optimistisk etter treninga i Stelvio, der gjekk det overraskande lett. Men der var det lette forhold. Her er det litt meir kupert og litt meir varierande snøtilhøve. Går alt etter planen, skal eg prøve meg i den nedste og lettaste delen av løypa om nokre dagar
– Men planen er naturlegvis å starte i Lake Louise, seier Aksel Lund Svindal.
Sjå fallet til Aksel Lund Svindal i Kitzbühel 23. januar:
Først i slutten av august prøvde han seg på ski igjen, i Stelvio i Italia: