Griezmann har blitt hylla av alt og alle, etter eit fantastisk EM, der han står igjen som toppscorar og ein av turneringas beste spelarar.
Men då sluttsignalet gjekk i EM-finalen var det ein knust 25-åring som stod att på grasmatta, med jublande portugisarar i bakgrunn.
Fullstendig klar over at han hadde sjansen til å avgjera finalen, med to store sjansar på hovudet. Ein i starten av kampen, og ein midtvegs i andre omgang.
– Fotball er vondskapsfullt, men også fantastisk. Du får heile spekteret av kjensler, og av og til går det ikkje slik ein vil, seier Griezmann etter kampen.
- Les også:
- Les også:
To store sjansar
Den første sjansen kom etter eit glimrande oppspel frå Dimitri Payet, der Griezmann stakk inn bak forsvaret til Portugal. Han fekk heada ballen i boge over keeper, men Rui Patrício klarte å slå over på meisterleg vis. I andre omgang fekk han stå ganske aleine i feltet, men headinga gjekk over (sjå video lengre nede i saka).
– Eg hadde mine sjansar og var nære på, men vi klarte ikkje å vera like effektive som mot Tyskland, seier Griezmann om sjansane sine.
– Vi kasta bort ein stor sjanse til å vinna tittelen. Det finst ikkje ord for å skildra den kjensla. Vi er enormt skuffa. Det kjem til å ta tid å komme over dette, seier den franske landslagssjefen, Didier Deschamps, etter at finalekampen var eit faktum.
Trass i finaletapet, Griezmann vil gå ned i historiebøkene som EMs toppscorar.
– Eg vil nok kunne gleda meg over det seinare, men akkurat no er eg skuffa over at vi ikkje klarte å vinna pokalen, seier Griezmann.
Griezmann fekk denne sjansen etter ti minutt av kampen.
Og midtvegs i andre omgang fekk han nok ei gyllen sjanse.
Det var Atletico Madrid-spelaren sitt andre finaletap mot Cristiano Ronaldo på seks veker. Han var også med å tapa meisterligafinalen med mot Real Madrid i slutten av mai.